Nye utfordringer fra de unge liberale

av | 27. oktober 2006 kl. 14.11 | 4 kommentarer

Førre helg hadde Unge Venstre landsmøte i Elverum. Dei vel 110 delegatane forhandla seg gjennom heile 572 endringsframlegg til det politiske programmet. To av vedtaka har skapt mykje debatt i etterkant; narkoliberalisering og polygami.

Av Lars-Henrik Michelsen, leiar i Unge Venstre

Umiddelbart tenkte eg at eg no skulle greie ut om våre nye vedtak, og argumentere for kvifor eg syns dei er gode. Men så kom eg fram til at interesserte heller kan klikke seg inn her for å lese meir om UV sin nye narkotikapolitikk, og her for å lese om Unge Venstre sitt syn på polygami.

I staden vil eg skrive om tre andre saker som blei vedteke av landsmøtet i Noregs einaste liberale ungdomsorganisasjon.

1. Oljepengar til klimaføremål
Temaet som dei fleste landsmøtedelegatane tok opp frå talarstolen var kampen mot den menneskeskapte globale oppvarminga. Unge Venstre gjentok naturlegvis sjølvsagte miljøtiltak som fjerning av alle kraftsubsidiar, krav til energieffektivisering, grøne sertifikat og fangst og lagring av CO2 frå gasskraftverk. Men debatten gjekk vidare. Vi hadde til dømes ein lang og grundig debatt om atomkraft (alt for mange miljøvernarar avviser atomkraft utan debatt). Resultatet av denne debatten var framleis nei til atomkraftverk i Noreg, men vi seier ja til at Noreg skal forske på den nye Thoriumkrafta.

Det mest kontroversielle vi gjekk inn for på klimaområdet var å bruke halvparten av inntektene frå oljefondet på klimaforsking og andre tiltak for å redusere klimagassutsleppa. Med dagens oljeprisar vil det sei rundt 35 milliardar kroner årleg.

Det er det høge forbruket av fossil energi som er årsak til klimaproblema. Då bør Noreg, som tener rått på sal av gass og olje, bidra til å rydde opp.

2. Rauddagskonto
Sak nummer to som eg vil kommentere er ganske ny i Noreg (trur eg). Utgangspunktet er dette: Er det riktig at muslimar skal tvingas til å ta fri på dagar som er kristne heilagdagar, medan dei ikkje får same rettar på muslimske heilagdagar? Nei, meiner Unge Venstre. I religionsfridomens gjekk landsmøtet inn for å erstatte dagens faste religiøse heilagdagar med ein rauddagskonto som kvar einskild av oss kan disponere fritt. I dag følgjer Noreg den kristne kalenderen og har gjort kristne heilagdagar til offentlege fridagar. Heilagdagar innanfor andre religionar, slik som id i islam, blir derimot rekna som vanlege arbeidsdagar.

Med ein rauddagskonto vil kristne, jødar, muslimar og alle andre få full fridom til sjølv å definere overfor sin arbeidsgjevar kva dagar han eller ho ser på som heilage. Dei same reglane skal gjelde for desse dagane som dei reglane som i dag gjeld for heilagdagar. Det inneber overtidsbetaling dersom ein blir pålagt av arbeidsgjevar å arbeide på ein raud dag.

3. Amnesti illegale innvandrarar
Den siste og tredje saka gjeld illegale innvandrarar, som landsmøtet gjekk inn for å gje amnesti. Ingen veit kor mange som lever illegalt i Noreg i dag, men det er snakk om fleire tusen. Dei siste fem åra har så mange som 20.000 asylsøkjarar ”forsvunne” frå norske mottak. Ein god del av desse lever i dag i skjul for den norske stat, i mørke kjellarar og kalde loftsbodar.

Som liberal ungdomsorganisasjon vil ikkje Unge Venstre akseptere at det i dag veks opp born i Noreg som ikkje får gå på skulen, fordi liva deira går ut på at staten ikkje må få vite at dei eksisterer. Eller at sjuke ikkje får gått til lege av frykt for å bli oppdaga og kasta ut.

Om ikkje lenge vil det nye politiske programmet vårt leggjast ut på www.ungevenstre.no

Lars-Henrik Michelsen ble nylig intervjuet på Minerva om landsmøtes vedtak om narkotikapolitikk. Du kan lese mer av Michelsen på hans blogg.


Kommentarer

  1. Per | 28. oktober 2006 kl 00.06

    Hehe, ikke særlig liberal han partilederen deres i «Nytt på nytt» på NRK i dag… Han «forsikret» velgerne om at narkoliberalisering og polygami ikke var noe Venstre ville gå inn for. Dårlig forsikring det der, spør du meg – hvis seniorpartiet var like liberale som Unge Venstre ville Venstre blitt et interessant parti som jeg muligens kunne tenke meg å stemme på…

  2. Børge Svanstrøm Amundsen | 28. oktober 2006 kl 10.25

    «Det er det høge forbruket av fossil energi som er årsak til klimaproblema.»

    Jaha, på hvilken måte da? Hvis det her er snakk om en levning av påstanden om at menneskelige utslipp av CO2 bidrar til global oppvarming, kan jeg herved berolige UV om at påvirkningen er såpass marginal at det er bortkastet å bruke ressurser på dette «problemet».

    Se forøvrig:
    http://www.blogging.no/blog.php/onarki/post/15835

  3. - O. | 30. oktober 2006 kl 14.35

    Eh, den linken som viser til UVs nye narkotikapolitikk er uten innhold. Men det er i grunnen nokså treffende, ettersom de endringene som er foretatt er forholdsvis marginale.

  4. Pleym | 30. oktober 2006 kl 14.44

    Hvis det er linken helt øverst i artikkelen du mener, så er det fordi UVs logo er så stor. Du må bare bla deg litt nedover..

  • Dagens sitat

    Politicians are the same all over. They promise to build a bridge where there is no river.

    — Nikita Khrushchev
  • Liberaleren på twitter

  • Støtt kampen mot DLD økonomisk!

  • Månedsarkiv

  • Kategorier

  • Søk

  • Lenker

  • Skribenter