Ukategorisert

Kva vil skje med liberaliteten i 2007?

Av Lars-Henrik Michelsen, leiar av Unge Venstre

I 2007 vil vi få svar på mange prinsippielle spørsmål vi liberalarar er opptekne av. Mellom anna vil vi få svar på om ny utlendingslov vil vere meir positivt innstilt til migrasjon enn den gamle, og om det blir endringar på tilhøve mellom staten og kyrkja. Utover dette blir det interessant å følgje med på miljøvernminister Helen Bjørnøy sin talte dagar i regjeringa, monarkiet, situasjonen i Darfur og WTO. Ja, og så er det sjølvsagt lokalval.

Ny liberal utlendingslov?
Vi har fått den eine utsetjinga etter den andre, men no kan ikkje regjeringa vente særleg mykje lenger. Eg trur framlegg til ny utlendingslov blir lagt farm i byrjinga av 2007. Eg må innrømme at eg er veldig spent på kva utfallet blir, for signale frå Bjarne Håkon Hansen har så langt vore vanvittig sprikande. I beste fall opnar regjeringa for generell arbeidsinnvandring, seier nei til ein eigen aldersgrense for familieforeining og seier ja til kjærastevisum. Om så skjer skal eg juble. Men resultatet kan og blir det stikk motsatte; Noreg opner berre for ekspertinnvandring frå land utanfor EØS, vi innfører ei diskriminerande aldersgrense på 21 år for familieforeining og dagens rigide visumreglar forblir uendra.

Skilsmisse mellom stat og kyrkje?
Statskyrkja er ein anakronisme i det moderne Noreg. Det er i 2007 vi kan bli kvitt ho, eller i det minste starte arbeidet med å bli kvitt ho. Blir utfallet av statskyrkjedebtten status quo vil det bli stille rundt denne saka i mange år framover, slik det alltid blir etter ei EU-avrøysting.

Det gjer meg trist å skrive det, men det som skjer på Ap-landsmøtet til våren vil få mykje å sei for utfallet. Trond Giske vil behalde statskyrkje for å ha kontrol med ”faenskapen” (les: religiøse leiarar). Det same vil LO-leiar Gerd Liv Valla og partisekretær Martin Kolberg. Saman kan dei bli vanskeleg å stogge for Auf og andre krefter innad i Arbeidarpartiet som ønskjer ein religionsnøytral stat og ei fri kyrkje. Dersom Ap-landsmøtet går for status quo blir det vanskeleg for regjeringa å kome til ein annan konklusjon, for då blir det berre SV som vil noko anna.

Det mes realistiske vi liberale kan håpe på er at Ap og regjeringa går inn for same modell som kyrkjemøtet og fleirtalet i Gjønnes-utvalet, nemleg ein seperasjon mellom stat og kyrkje. Det betyr at den lovmessige forankringa frå Grunnlova blir flytta til ein eigen særlov. Ein slik modell er eit skritt i riktig retning, men ho tek på ingen måte inn over seg alle dei prinsipielle innvendingane mot statskyrkjeordninga.

Exit Helen Bjørnøy
I 2006 sytte mellom anna dokumentaren ”Ei ubehageleg sanning” av Al Gore, klimarapporten til økonomen Nicholas Stern og dei synlege verforandringane for ein enorm mediemerksemd rundt klimakrisa. I 2007 vil klimaendringane få endå meir merksemd, og eg er sikker på at fleire vil krevje gode klimatiltak frå regjeringa.

Eg har forventningar om at 2007 blir startskotet for ein offensiv, norsk klimapolitikk. Det vil isåfall vere på høg tid. Stikkord må vere lønsamheit for fornybar kraftproduksjon, elektrifisering av sokkelen, nei til nye store utsleppspunkt og bruk av marknadsmekanismer for å gjere klimavenleg åtferd meir lønsamt. Ein bør få slutt på subsidiering av kraftkrevjande industri og få fart på arbeidet med høgfartsbane i Sør-Noreg.

Eigentleg er eg ikkje særleg optimistisk på vegne av klimaet. Regjeringa er i lomma på LO, og dei har sjølv utpeikt ”full barnehagedekning” som viktigaste sak i 2007.

Det vil uansett ikkje vere Helen Bjørnøy som skal gjere opp klimarekneskapet på slutten av 2007. Ho oppnådde så lite i 2006, at miljørørsla og opposisjonen allereie har gjort krav om avgangen hennar. Mit tips er at ho sluttar ”friviljug” før sumaren.

Saman med Ari Behn mot monarkiet
Vi republikanarar har fått ein god ven i Ari Behn. Som sjølverklært Ap-veljar har han hissa på seg opptil fleire monarkistar det siste året. Det er bra. Innsatsen til Behn blei i år (som i fjor) premiert av Hans Majestet Kong Harald V med eksklusjon frå den årvisse julefotograferinga saman med resten av kongefamilien. Eg har store forventningar til at Behn held fram med å gå sine eigne kunstneriske vegar i 2007, og at det heile endar med ein prinsippiell debattt om monarkiet.

Monarkiet kan få ein ny, formell, politisk motstandar i 2007. Venstre skal på landsmøtet i april handsame nytt prinsipprogram. Ikkje spør meg korleis det kan ha seg til at sosialliberale Venstre kan vere tilhengjarar av monarkiet i 2006 (skjønar det nemelg ikkje sjølv), men i 2007 kan dette altså endre seg. Eg og resten av Unge Venstre skal iallfall gjere vårt for at så skjer.

Min bøn: fridom og fred i Darfur
Etter folkemordet i Rwanda i 1994 sa eit samla verdssamfunn aldri meir. Aldri meir skulle vi stå og sjå på at noko så grusomt kunne skje. Aldri meir skulle ein la vere å gripe inn overfor eit folkemord. Men tolv år seinare skjer det altså igjen. I Darfur. Meir enn 200.000 menneske har blitt drepne, og 2,5 millionar har blitt drivne på flukt sidan 2003.

Ved utgangen av 2006 har regjeringa i Khartoum sagt ja til at FN kan supplere den vesle fredsstyrka til den Afrikanske Union. Denne løysinga er noko anna enn FN sitt primære forslag om ein fredsstyrke på 20.000 soldatar, men det er liekvel eit steg i riktig retning.

Min bøn for 2007 er at verdssamfunnet ikkje lukkar augene før det er fridom og fred i Darfur.

Vi treng ein utviklingsrunde i WTO
Den såkalla Doha-runden i WTO låste seg heilt fast i 2006, mykje takka vere rike land sin harde motstand mot å gje slepp på nasjonale særordningar innan landbruk. I konsensusorganisasjonen WTO er nasjonale opptredener som den norske katastrofale for fattige land. Ingenting tydar på at medlemslanda i WTO klarar å lande Doha-runden i 2007, men vi liberale har på ingen måte lov til å gje opp av den grunn. Til det er saka for viktig. Eit personleg løfte er at eg skal vere meir oppteken av fri og rettferdig verdshandel i 2007 som i 2006. Regjeringa skal merke at dagens norske posisjonar i WTO hindrar utvikling i fattige land.

Senterpartiet mister mange ordførarar?
Måndag 10.september 2007 er det lokalval. For min og Venstre sin del blir et utruleg spanande, fordi vi har all grunn til å håpe på eit betre resultat enn det vi oppnådde i 2003. Vi er i opposisjon på tinget, vi har ein sterkare organisasjon med fleire medlemmer enn før, dei lokale kandidatane er yngre og spenstigare og politikken til Venstre blir meir og meir liberal. Mitt tips: 7,1 prosent på landsbasis for Venstre.

Lokalvalet vil og vere interessant på det rikspolitiske planet. Gjer SV og/eller SP det dårleg vil det kunne få konsekvensar for regjeringssamarbeid. Tenk så fantastisk det hadde vore om Senterpartiet hadde mista halvparten av sine 100 ordførarar etter neste val? Det er utvilsamt ein vakker tanke. Som liberalar håpar eg og at Framstegspartiet raser nedover i oppslutnad, sjølv om det nok er lite truleg.

Godt nytt år.

Mest lest

Arrangementer