Grenseløs kjærlighet

av | 14. februar 2013 kl. 20.19 | 1 kommentar

Idag er det Valentinsdagen. Noen finner kjærligheten utenfor landets grenser. Men slik kjærlighet er ikke den enkleste å leve ut, for det har myndighetene bestemt. Derfor arrangerte foreningen Grenseløs kjærlighet demonstrasjon utenfor Stortinget. Unge Venstre ledeer Sveinung Rotevatn holdt appell om vilkårene for den grenseløse kjærligheten, og mener løsningen er et kjærlighetsvisum. Slik Venstre foreslo i 2006. Nedenfor kan du lese Rotevatns appell under demonstrasjonen.

Av Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre.

Kjære alle saman,

Det er kaldt i dette landet. Det veit vi. Men treng vi verkeleg gjere det endå kaldare, ved at det skal vere så vanskeleg å forelske seg i nokon som kjem frå eit anna land?

I dag er det valentinsdagen. Det er mange dumme tradisjonar vi har adoptert frå USA, men akkurat valentinsdagen tykkjer eg er flott. Tenk det – ein eigen dag til å feire kjærleiken, og setje pris på den ein er glad i.

Mange i dette landet har blitt glade i menneske som kjem frå andre land. Kanskje har dei til og med gifta seg med kvarandre. Likevel får dei ikkje feire valentinsdagen saman i dag. Fordi norsk innvandringspolitikk skal vere «streng, men rettferdig», som stortingsfleirtalet brukar å seie det. «Streng, men rettferdig». Jaha.

* Kva er «rettferdig» med at små born, som ikkje snakkar anna enn norsk eller kjenner noko anna enn Noreg, blir sendt «heim» til eit land dei aldri har vore i?

* Kva er «rettferdig» med at ei norsk kvinne, som har gifta seg med ein amerikansk mann, ikkje kan bu med den ho elskar – fordi ho er student og ikkje tener over 240 000 kroner i året?

* Kva er «rettferdig» med at ein mann ikkje får lov til å hente kona si til Noreg og bu saman med ho, fordi Utlendingsdirektoratet har fått det for seg at dei «eigentleg» ikkje elskar kvarandre?

Denne politikken er ikkje «streng, men rettferdig». Den er berre streng.

Vi lever i ei globalisert verd, der vi oppmodar ungdom til å reise ut, sjå verda, ta seg ei utdanning og kome heim igjen etterpå. Då burde det ikkje overraske oss at mange av dei finn kjærleiken på vegen.

Venstre vil ha ein meir liberal innvandringspolitikk. Både fordi det har ein verdi i seg sjølv, og fordi vi ser dei hjarteskjerande konsekvensane av dagens strenge regime. Vi vil legge langt større vekt på barnets beste i asylsaker. Vi vil gjere det lettare å få visum til Noreg dersom du kjem frå eit land utanfor Europa. Og vi vil tillate dobbelt statsborgarskap.

Venstre er ikkje verdas største parti. Og Unge Venstre er ikkje verdas største ungdomsparti. Men då ein av mine forgjengarar fekk høve til å møte på Stortinget som Unge Venstre-leiar i 2006, foreslo han å innføre eit kjærleiksvisum. Det ville bety at ikkje berre dei som er gift kan få høve til å bu saman i Noreg, men at også kjærastar før høve til å bu saman i ein periode, og dyrke forholdet i 12 månadar for å sjå korleis det utviklar seg.

Forslaget fekk ikkje fleirtal, men det står framleis i Venstres stortingsprogram. Til hausten stiller eg til val som førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane. Og eg lovar dykk at dersom eg får høve til å vere stortingsrepresentant etter 9. september, skal eg foreslå kjærleiksvisum på nytt. Saman med alle dei andre forslaga våre, som tar innover seg at kjærleiken ikkje kjenner landegrenser. Og denne gongen skal vi få fleirtal. For uansett kor mykje norske politikarar messar om innvandringsregulerande omsyn, og om «streng, men rettferdig» politikk, er eg overbevist om at vi kjem til å vinne til slutt. For størst av alt er framleis kjærleiken.

Gratulerer med valentinsdagen, alle saman. Takk for meg.


Kommentarer

  • Dagens sitat

    Truth never damages a cause that is just.

    — Mahatma Gandhi
  • Liberaleren på twitter

  • Støtt kampen mot DLD økonomisk!

  • Månedsarkiv

  • Kategorier

  • Søk

  • Lenker

  • Skribenter