Kommentar

Inkje snarvegar i klimapolitikken

I 2017 saksøkte ei rekke organisasjonar staten for brot på grunnlovas paragraf 112, som òg kallas miljøparagrafen. Denne paragrafen gjer borgarar og framtidige borgarar rett til naturmangfald, eit sunt og berekraftig miljø og staten ansvar for å beskytte desse rettane. I 2016 tildelte staten ti utvinningsløyve i Barentshavet. Natur og Ungdom, Föreningen Greenpeace Norden, Naturvernforbundet og Besteforeldrenes klimaaksjon meinte at vedtaket var i strid med miljøparagrafen i grunnlova. I går fall endeleg dom frå Høyesterett i plenum i saka.

I hovudsak har høgsterett svart på to spørsmål. Det første er om staten har gjort ein sakshandsamingsfeil under behandlinga av løyva. Saksøkjarane meiner dersom petroleumslovas paragraf 3.3 om utvinningsløyve må sjåast samen med miljøparagrafen, og då vil det ikkje lenger vera mogleg å gje nye utvinningsløyve. Det andre spørsmålet er av ein meir prinsipiell natur og undersøka om domstolane kan overprøve vedtak i departementa som er gjorde med utgangspunkt i politiske vedtak i Stortinget i miljøspørsmål.

Fire av dommarane mente det hadde vært ein feil i sakshandsaminga. Dei mente at utslepp utanfor Norges grense skulle ha vorte medrekna i berekninga av verknadene. Det må vera ein liten siger for miljøorganisasjonane, for det var ikkje nokon dissens på spørsmålet om miljø er ein rett som setter tredelinga av makta til side. Dommen er lang og detaljert. Eg er overtydd om at den kan vere grunnlag for ei rekkje kommentarar framover.

Høyesterett i plenum under domsavsigelsen i klimasøksmålet. Skjermdump fra Høyesterett.
Høyesterett i plenum under domsavsigelsen i klimasøksmålet. Skjermdump fra Høyesterett.

Det viktigaste med denne dommen er nok at miljøparagrafen ikkje kan fungere som eit verktøy for å overprøve politiske vedtak. Det er den posisjonen den amerikanske høgsteretten har blitt tvinga inn i dei seinare åra, noko som har politisert den amerikanske høgsteretten på eit vis som domarane ikkje er komfortable med. Tredeling av makt skal ikkje innebere at ein av dei tre maktene skal vere over dei andre.

Eg var 13 år då eg først vart medlem i ein miljøorganisasjon. Natur og klima har vore ei viktig ramme for mitt politiske og profesjonelle engasjement sidan den gongen. Vi menneskjer er ikkje helt førebudd på dei utfordringane som kjem av klimaet endrar seg gjer oss. Vi står framfor ei rekkje omleggingar i samfunn og levesett, for at vi ikkje skal øydelegge vårt eige livsgrunnlag.

Samstundes har eg fått stor respekt for institusjonar og prosesser i samfunnet. Det tek tid å finne overeinskomstane som gjer at samfunnet skal være godt for alle som bur der. Dette søksmålet var eit forsøk på å tvinge fram at olja skulle bli liggande, sjølv om det ikkje var politisk einigheit om det i 2016. No, berre fire år seinare, tyder programforslaga til partia at det kan bli fleirtal for ein meir restriktiv oljeutvinningspolitikk. Miljøvernorganisasjonane skal ha ære for å ha løfta fram miljø og klima i samfunnsdebatten.

Delar av miljørørsla argumenterer for at miljø og klima skal vera viktigare enn alle andre politiske omsyn. Det var ei slik argumentasjon som låg til grunn for søksmålet som høgsterett avviste i går. Det er òg opphavet til at ein del menneskjer som i utgangspunktet ville ha støtte meir miljøtiltak, ikkje støttar miljøvernorganisasjonane. Politikken deira blir rett og slett for ekstrem og tek ikkje omsyn til dei prosessane som skapar overeinskomstane som sikrar eit godt samfunn for alle. Det er omsynet til menneskjene som må være hovudmålet med politikken. Omsynet til miljø og klima må ta utgangspunkt i menneskjene og ikkje omvendt.

Mest lest

Arrangementer