Kommentar

Endå ein fornuftssiger til SV

Frå 1. januar skulle NVE innføra ei ny reform for den delen av straumrekninga di som vert kalla nettleige. I staden for at elektrisitetsselskapa skal byggja ut større kapasitet, skal forbrukarar betala meir for nettleige når det er høg trafikk på leidningane. Det er normalt mellom kl. 7 og kl.9 på morgonen og mellom kl. 18 og kl. 21 på kvelden. Forbrukarfleksibilitet kallar NVE nyvinninga, det er altså forbrukarane som skal vera fleksible, og ikkje forbrukarane som skal få fleksibilitet. På fredag vart det klårt at SV har overtalt regjeringa til å utsetja innføringa. Førebels.

Lars Haltbrekken. Energipolitisk talsmann for SV. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen CC.BY.SA.
Lars Haltbrekken. Energipolitisk talsmann for SV kan innkassere enda en fornuftsseier for vanlige folk, i møte med regjeringspartiene for vanlige folk. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen CC.BY.SA.

Forslaget høyrest ut som god samfunnsøkonomi, på papiret. Det ligg nemleg ein haug med føresetnadar i forslaget som ikkje er realistiske. Dimed er det som høyrest ut som eit godtforslag berre ei massiv rekning til forbrukarar.

Den fyrste føresetnaden er at forbrukarane har høve til å flytta forbruket sitt til andre tidspunkt enn dei to timane før ein går på jobb om morgonen og dei trea timane rett etter ein kjem heim frå jobb og før ein roar seg ned for kvelden. Me bruker straum på å dusja, lage middag, klesvask og lading.

Lading tilhøyrer dei tinga ein kanskje burde kunne programmera inn tida på. Fleire straumselskap har no laga eigne løysingar som gjer at billadinga skjer automatisk når straumprisen er låg. Samtidig er brannstellet og forsikringsselskapa opptekne av at me skal lada mens me er heime og er vakne. Då responderer ein fortare dersom det oppstår brann, og det har det allereie gjort, både i bilar, sykkelbatteri og mobilbatteri.

Klesvask er ein annan aktivitet som både forsikringsselskap, røyrleggjar og brannstellet meiner skal skjer når ein er våken og er heime. 60 prosent av befolkninga bur i einebustadar, men dei resterande 40 prosentane deler veggar og golv med naboar som kan vakne av støyen som vaskemaskinar lagar.

Å flytta på dusjing og middagslaging føreset at ein har ein heilt annan døgerrytme enn kva samfunnet føreset. Det er fornuftig at industribedrifter kan planleggja drifta si rundt forbrukstoppane, men dei har ein fleksibilitet som vanlege forbrukarar ikkje har.

Før NVE og regjeringa set ein ny dato for innføring av denne løysinga, bør dei kanskje taka ein prat med forsikringsnæringa og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap for å avklåra kor smart dette eigentleg er for forbrukarane. Dei har nemleg gløymt å taka med viktige føresetnadar om arbeidstid og døgerrytme i det sosialøkonomiske reknestykket som får forbrukarfleksibilitet til å sjå pent ut på papiret. Sånn som det er no, ser det ut til at forbrukarane vert sitjande med rekninga fordi elektrisitetsnæringa ikkje ynskjer å investera i nettutbygging. Det er berre ikkje kult. No har SV laga eit lite pusterom for dei til å tenkja seg om. Det bør dei bruka.

Mest lest

Arrangementer