Magasin

Elvis + Baz Luhrman

Poster for Baz Luhrmans film om Elvis.

Premiere 24. juni 2022

Med Austin Butler og Tom Hanks

Av Baz Luhrman

Ein film om livet til Elvis. Vi veit korleis forteljinga om kongen av rock’n’roll endar, men når regissøren Baz Luhrman inviterer ein med på reisa er det berre å feste setebeltet og halde seg fast.

Brei pensel

Eg fall pladask for scenografien og dei dramatiske grepa til Luhrman første gangen eg så hans første film, Strictly Ballrom. Soga om en vanleg australsk gut som var god til å danse, og som ville danse sine eigne dansetrinn i ein dansekonkurranse vart mala med ein brei pensel om sosiale kontrastar, maktkamp, fridom, lojalitet, kjærleik og ikkje minst sterke farger, gull og glitter.

Det er dei same tema og verkemedel ein finn igjen i filmen om Elvis. Og her er det rom for store kontrastar og mykje gull og glitter. Eg trur ikkje eg hadde sett denne filmen om det ikkje var for regissøren, samstundes som eg ikkje kan forstå at det kan finnast nokon annan som kan fortelje historia til Elvis på den store skjermen.

Forventninga vart innfridd, sjølv om den siste delen av filmen hadde nokre overraskande forteljargrep for meg. Overraskande, men ikkje dårlege.

Austin Butler brukte over to år på å førebu seg til å spille Elvis. Han har fått det til. Folk som har opplevd den ekte Elvis har sagt at de får dei same kjenslene og opplevingane av å sjå Butler spele. Det er gode lovord for ein ung skodespelar.

Symbolet på det nye Amerika

Elvis var ein gjennomsnittleg gutunge frå USAs fattige sørstatar midt i den store depresjonen. Fattige kvite menneskje kunne halde hovudet høgt, for dei var i alle fall ikkje svarte. Foreldra sleit med å halde maten på bordet og dei fant trøyst i eit kyrkjesamfunn frå pinserørsla. Det var i kyrka Elvis oppdaga musikken.

Den store økonomiske veksten i etterkrigstidas USA fall saman med tenåringsåra til Elvis. Veksten gav ungdomar fridom og økonomisk handlekraft. Den unge mannen som hadde musikk og rytme som livsblod vart symbolet på den nye uavhengige ungdomskulturen som utfordra sosiale normer for kva som var sømmeleg politisk, seksuelt, kulturelt og for relasjonane mellom ulike raser.

Austin Butler and Tom Hanks in Elvis. Foto: Warner Bros Pictures.
Austin Butler and Tom Hanks in Elvis. Bildet fanger den evige spenningen mellom forventninger som Elvis må leve med. Foto: Warner Bros Pictures.

Elvis bar desse motsetningane inni seg, samstundes som det var eit spegelbilete av samfunnskonfliktane rundt han. Det var korleis han klarte å forene motsetningane og la det skinne gjennom musikken sin som gjorde at den kvite arbeidarklasseguten var ein sensasjon som var så farleg for dei kvite styresmaktene, at dei måtte skipe han av gårde til utlandet. Han løfta svart musikkultur inn i den kvite middelklassekulturen.

Heile dette bakteppet er ein viktig ingrediens i filmen og Luhrman viser fram samfunnskonfliktane på eit vis som gjer at ein kjenner igjen datidas USA i nåtidas USA. Konfliktane vart aldri løyst. Dei hald framleis på.

Den giftige følgjesvenen

Det er Tom Parker som fortel historia om Elvis i denne filmen. Tom Parker var manageren til Elvis, han var ein svindlar som levde av å utnytte folk sine draumar. Mange meiner at han hadde skulda i at Elvis døyde einsam og nedkøyrt. Tom Parker vil at vi skal ta den byrda frå han, og peiker heller mot andre han meiner burde bere skulda.

Der Butler hadde eit berg av kjeldemateriale å sette seg inn i, hadde Tom Hanks mykje mindre å spele på. Svindlarar har ein tendens til å ikkje leggje igjen så mange spor. Han levde jo mykje av livet i frykt for å bli avslørt. Det var òg med på å øydelegge for den talentfulle musikaren som forsørgja lastane hans.

Parkers indre spenningar kjem fram i røysta hans, i den rare aksenten han har og i den motstridande forteljinga til den nedbrotne gamle mannen. Ein opplever kor vanskeleg det er å halde kjærleiken for og utnyttinga av Elvis inne i same sinn. For meg som høyrer forteljinga er det vanskeleg å måtte ha sympati for denne mannen som har utnytta alle på det grovaste i dei svakaste augneblikka i livet deira.

Berg- og dal-bane

Eg har som dei fleste andre på min alder, vekst opp med Elvis i ein eller annan form. Eg kan hugse at eg såg han på TV mot slutten av livet hans. Det var ikkje ein artist som vekka nokre kjensler i meg, men når pappa spela platene hans frå 50-talet måtte eg danse og synge med. Kontrastane mellom artisten som ville noko og den forfylla artisten om ikkje lenger deltok i sitt eige liv kommer fram i musikken hans.

Baz Luhrman brukar desse kontrastane musikken og livshistoria til Elvis til å ta deg med på ein kjenslemessig berg- og dal-bane. Sjølv folk som ikkje har noko forhold til Elvis frå før, kan ikkje gjere anna enn å leve seg inn opplevingane til denne unge mannen. Det er berre å spenne beltet og halde seg fast i svingane. Dette er ei reise ein ikkje gløymer med det første!

Mest lest

Arrangementer