Kommentar

Slå ring kring det liberale samfunnet!

Det er juni og regnbogemånaden står framfor oss. I fjor starta månaden med høge håp og stor glede. Den norske skeive rørsla hadde mykje å feire i fjor. Etter fleire år der Pride-parader over heile landet hadde vore avlyst på grunn av pandemien, skulle ein endeleg få samlast igjen. Dessutan var det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg. Stortinget skulle heise regnbogeflagget over Løvebakken for første gong. Dei skeive venene mine gjorde seg klar til storfeiring. Vener frå utlandet flaug inn frå heile Europa, ikkje berre til meg, men til mange av venene mine òg.

Det vi ikkje visste var at Etterretningstenesta satt i hemmelege samtalar med islamistar om at noko skulle gjerast. Vi visste ikkje at dei hadde sendt ballen vidare til PST, som hadde lagt han fra seg. Ikkje viste eg, at eg på morgonen same dagen som Pride-parade skulle skje, måtte vekke mine gjester frå Storbritania med nyhende om skytinga på London Pub. Den eine gjesten hadde aldri gått i Pride-parade før, sjølv om han nyleg hadde kjøpt hus saman med sin mannlege partnar.

Årets regnbogemånad starta som fjorårets slutta. Avlysningar, reportasjer i nyhenda om “tilråing frå PST”. I den same perioden har debatten om transkjønn i Noreg gått frå høgt trykk, til at trykkokaren er i ferd med å eksplodere. Det er ikkje noko skille på islamistane og dei sosialkonservative lenger. Den sosialkonservative høgresida har tatt av hanskane og funne fram knokejerna. Det er ikkje lenger grenser for kva ein kan tillate seg å si i kommentarfelt, lesarinnlegg, annonsar i Vårt Land, podkastar og YouTube-videoar. Alt er lov. “For barna sin skuld”. 

Vi må jo skjerme barna! Det er berre monster som ikkje vil skjerme barn. Vi lo av dette den gongen Fox News framleis var nytt og rart, og Bill O’Reilly sparka i gang den eine kulturkrigen etter den andre med kampropet “skjerme barna”. Det var så teit. Så makteslaust. Så kollektivistisk. Mangfald og toleranse er kjenneteikna på det liberale samfunnet den liberale høgresida kjempa for.

No som kulturkrigen har gripe tak i den norske høgresida, er det den liberale høgresida som må stogge dei kulturkonservative. Det er vi som vil skape eit samfunn prega av mangfald og inkludering. Eit samfunn der det er mogleg å leve andre typar liv enn den sosialdemokratiske kjernefamilien med mor og far og 1,4 barn i ein leilegheit på Austlandet.

Det er ein visjon vi deler med mange på venstresida òg. Det er på tide at liberale krefter, både på høgresida og venstresida, slår ring om visjonen vi deler mot dei mørke kreftene på ytterfløyane våre. Det må begynne med at vi slår krefter om dei skeive venene våre. Vi må gjere det no. I denne regnbogemånaden. I år. Denne regnbogemånaden kan ikkje ende der den gjorde i fjor.

Er du usikker på kva du kan gjere? Bli med på Pride. Sørg for at dei skeive venane dine kjem heim trygt. Bli med i paraden og vi venene dine at dei ikkje treng å være redde.

Mest lest

Arrangementer