Kommentar

Ja til Vinmonopolet!

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum sparka i gang valkampen veka før jul. I eit intervju med NTB åtvara han mot FrP med trugsmålet “Vinmonopolet kan forsvinne”. FrP har programfesta at dei vil “Oppheve monopolet for omsetting av alkoholhaldige drikker”, men med tanke på entusiasmen Bård Hoksrud viser i tilsvaret kan det sjå ut til at FrP òg forstår at det ikkje er ein vinnande sak.

Vinmonopolet har lykkast med sin strategi om å ha så brei støtte i den norske befolkninga, at det å avvikle dei er ein politisk taparsak. 80 prosent av befolkninga vil halde på ordninga, som ein skal tru Actis. Vinmonpolet har dei seinare åra òg lege heilt i toppen på Apeland si omdømmeundersøking Traction. I 2022 kom Vinmonopolet på første plass og i 2024 kom dei på tredje plass. Dei ligg i toppskiktet på Kantar si undersøking av bedriftsomdømme og har gjort det sidan dei vart inkludert i undersøkinga. “Ei kjærleik som ikkje tek slutt” erklærar Kantar.

Etter eit høgdepunkt under pandemien er salstala på Vinmonopolet igjen i fall. Vinmonopolet forklarer sjølv nedgangen med dårleg vintervær og aukande utanlandsturisme. Dei kan sjølvsagt ikkje seie at Vedum si auke i alkoholavgifta på 3,8 prosent òg må ta noko av ansvaret. Ein kan sjå dei same trendane hos Systembolaget i Sverige. Det er ein nedgang i salet, men auke i salet av alkoholfrie produkt og produkt med lågt alkholinnhald som øl, sider og blandingsprodukt. Uansett korleis en snur og vender på dette, lykkas Vinmonopolet òg med den sosialpolitiske delen av samfunnsoppdraget sitt.

Vi i Liberaleren har skrive mykje om å legge ned Vinmonopolet opp igjennom. Ein av dei mest produktive skribentane har vore Bjørn Magne Solvik. Han har skive rundt 100 innlegg om Vinmonoplet, dei fleste er frå tidleg på 2010-talet. I det siste er det Sebastian Damgaard som har gjort seg til talsmann for vin i butikken og øl i parken, med utgangspunkt i danske reglar. Då får vel eg ta på meg jobben å forsvare Vinmonopolet som bedrift, sjølv om eg er ein av “skrivebordsliberalistane frå Frp og Unge Venstre” som “har lært seg på studiesirkel at alltid skal vere konkurrane som gjeld” som Mímir Kristjánsson skriv.

Fram til eg flytta til USA har eg óg tenkt at Vinmonopolet må bort, som ein prinsippsak. Dei tolv åra i USA har fått meg til å forandre meining. Eg har budd både i statar med alkoholmonopol og statar utan. Eg har eit samanlikningsgrunnlag som ikkje er basert på at eg er på ferie ein stad. Med det utgangspunktet vil eg rangere ordningane for alkholsal slik. 

På plass nummer ein er Vinmonopolet og Systembolaget. Begge har valt strategien med å smøre tjukt på med kunnskap og vareutval for å passe på at ingen gidd å utfordre deira eksistens i EU-systemet. Du veit at du kjem til eit stort vareutval, du veit at innkjøparane har brukt makta som kjem frå at dei er storinnkjøparar til å skraffe gode varer. Det betyr at Vinmonopolet får tak i ekslusive varer som er produsert i små kvanta, framfor andre innkjøparar. Folk reiser frå utlandet og sover i telt for å få tak i dei mest eksklusive varene, ikkje berre er dei å få tak i på Vinmonopolet, men dei er prisa lågt samanlikna med markedsprisen for same produkt i utlandet.

På plass nummer to vil eg plassere dei delstatane som ikkje har monopol på alkoholsal. Der kan ein få billig og grei kvardagsvin, sprit og øl i butikk og på bensinstasjonar. Der vil ein og finne spesialbutikkar som har satsa på ein type alkhol, som til dømes whisky. Dei har stort utval av desse spesialprodukta. Washington, DC, Missouri og New Jersey er eksempel på slike statar. Kansas er ein annan stat eg har vore mykje i, og dei har enkelte tørrlagte kommunar, som gjer det litt vanskeleg å vite kva regler ein lever under, sidan ein kan køyre gjennom ein tørrlagt kommune på veg til og frå jobb.

På siste plass vil eg plassere delstatane med monopolsal på alkhol. Virginia  og  Pennsylvania er av delstatane eg har budd med denne ordninga. Sjølv om ABC-butikkane, som dei blir kalla, er store samanlikna med norske forhold, kan ikkje vareutvalet eller kundeservicen samanliknas på nokon måte. Desse butikkane har ikkje det same insentivet som Vinmonopolet og Systembolaget har, fordi dei ikkje er truga med avvikling under EU/EØS-reglane.

Vinmonopolet på Briskeby i Oslo. Foto: Metro Center CC.BY.

Det er eit par ting Vinmonopolet fortjenar kritikk for. Dei har hatt eit par stygge personalsakar dei siste åra, der langtidsansatte medarbeiderar ikkje får utvida stillinga si til full jobb. Eksempler på det er Simen Svendsberget frå Oslo, Ole Petter Vestli frå Sandefjord og Vigdis Skaugvoll frå Oslo. Det er eit problem at folk sitt med låge deltidsstillingar og må kjempe om ekstravakter, når arbeidsmiljøloven seier at dei då har krav på den stillingsprosenten dei faktisk jobbar når situasjonen har vedvara over fleire år. Fleire ansatte har gått til sak og fått dom mot Vinmonopolet på at dei har krav på større stillingsprosent. Det er unødvendig bruk av rettsapparatet, spesielt i eit selskap som er eigd av Staten.

Det andre er at Vinmonopolet ikkje heilt har klart å handtere framveksten av handverksdistillerier og lokale produsentar av sider, øl og vin i Norge. Desse får ikkje lov til å selgje sine eigne produkt, til dømes måtte eg vente i tre månader på å kjøpt flasker av ginen eg sjølv hadde designa med hjelp av Oslo Håndverksdestilleri. 

Om du er på besøk hos Bareksten sitt destilleri rett ved Flesland flyplass, kan du ikkje kjøpe med deg varer frå destilleriet. Du må gå på eit lokalt Vinmonopol. Det er kanskje ikkje verdas største problem for Bareksten. Destilleriet er stort og du får tak i varene overalt, både i inn og utland. Men det er mange små og dyktige destilleri som ikkje får distribusjon med Vinmonopolet, sidan dei ikkje har ei ordning for lokale varer. Du må vere stor nok til å få nasjonal distribusjon.

Eplebøndene klarte å forhandle seg fram til at dei kan selje sider opp til 22 prosent frå gårdsbutikken i 2016, men dei lokale mikrobryggeria må framleis sende kundene til Vinmonopolet for sterkøl. Det er ikkje rettvist.

Eg har altså blitt for Vinmonopolet, sjølv om eg har vore med på studiesirklar om konkurranse. Det er mine behov som forbrukar som skal stå i sentrum, og då er Vinmonopolet og Systembolaget uslåeleg. Samstundes vil eg at norske destillerier, bryggeri, siderbryggjarar og vinbryggjarar skal kunne selje eigne varer i eigen butikk. Det er ei god balanseløysing. Og så får Vinmonopolet, Helse og omsorgsdebartementet og Stortinget finne ut av korleis dei skal løyse opp i reglane slik at lokale næringsverksemder skal få lov til å selje sine eigne produkt.

Mest lest

Arrangementer