Onsdag kveld kunne NRK melde at maten som dei amerikanske soldatane skulle ha hatt på den store nordiske forsvarsøvinga Nordic Response i fjor (!) framleis sitt fast i tollen. Dei fortel at saken omtalas som «Kontainergate» internt i regjeringa, og ingen har klart å skjære igjennom konflikten mellom Landbruksdepartementet og Forsvarsdepartmentet. Problemet gjeld alle dei tre allierte som ikkje er ein del av EØS-området.
Det er visstnok mogleg for regjeringa å overstyre saken politisk, men det har dei ikkje valt å gjere. Om ein veljar å gjere det, vil det vere eit brot på EØS-reglane, men det er altså ikkje nokon i regjeringa som har tatt opp problemet med EU. Dette er jo ikkje eit særnorsk fenomen, sidan alle NATO-landa i EU har ein interesse av å finne ein permanent løysing på problemet.

Det er jo ikkje sånn at Norge må bruke av sin surt oppsparte politiske EU-kapital for å få fram ei løysing. No som tryggleikspolitikk er eit av dei to store politikkområda til den nye EU-kommisjonen, står militær mobilitet i hovudsetet. For dei av oss om følgjer med, så har militær mobilitet vore eit tema som EU har hatt aktivitetsplanar på sidan 2017.
Kontainergate er ein av mange saker kor det er tydeleg kva det kostar Norge å ha SP-ministrar som ikkje vil forhalde seg til EU som politisk institusjon. Begge dei to ansvarlege ministrande i denne saken, Geir Pollestad og Bjørn Arild Gram er frå Senterpartiet. Sjølv om dei ikkje vil at det skal vere slik, er EU den viktigaste internasjonale samarbeidspartnaren vår på tryggleiksområdet, i tillegg til NATO. Norge har ikkje råd til å late som at det ikkje er slik