Du høyrde ikkje om det i norske nyhende, men på måndag var det ein stor markering mot Trump sin restriktive immigrasjonspolitikk over heile USA. Over heile USA var forretningar, skoler, barnehagar, restaurantar og ein rekke andre verksemder stengt på måndag for å markere Dagen utan immigrantar. Nokre stader var det protesttog og andre stader kunne immigrantar få hjelp med juridisk papirarbeid, men immigrantane var ikkje å finne på jobb, på skolen eller andre stader dei vanlegvis er kvar dag. Målet var at USA skulle merke at dei var borte. Lokalaviser og TV-stasjonar frå kyst til kyst skreiv om saken. Liberaleren synest dette er ein fin måte å markere at USA, som andre vestlege demokrati, treng all den arbeidskrafta dei kan få. Korleis ville din kvardag sett ut, utan immigrantar?

Her er nokon av klippa vi kom over.


