Kommentar

Går det bra med dykk, Kristen-Norge?

Eg såg dette representantforslaget frå Stortingsrepresentane deira, Dag-Inge Ulstein, Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Vervik Bollestad om at skolen skal bruke to tredjedeler av fagtida på kristendom, i staden for halvparten av tida, slik læreplanen praktiserast i dag.

Olaug Bollestad, Dag Inge Ulstein og Kjell Ingolf Ropstad. Foto: Kristelig Folkeparti.

Det er eit splittande forslag, det er jo det. Det var eit forkynnande fag før, slik det vart lagt fram i læreplanen frå 1997. Sju familiar gjekk til sak mot staten, fordi fritaksordninga ikkje fungerte. Fire av desse heltemodige familiane anka saka til FNs menneskerettighetskomité som i 2004 stadfesta at faget braut mot menneskerettane, spesielt retten til fri religionspraksis. Det er ei sak eg veit er viktig for dykk i Kristen-Norge. Dei tre andre familiane anka til Den europeiske menneskerettsdomstolen og den norske staten var dømd for menneskerettsbrot i 2007. Det var sånn vi fekk fagplanen Religion, livssyn og etikk i 2008. No vil altså stortingsrepresentantane til KrF fylle faget med kristendom igjen, stikk i strid med kritikken som kom frå menneskerettsdomstolen.

Men det var ikkje eigentleg det eg ville snakke med dykk om, Kristen-Norge. Eg lurar på korleis det står til. For den grunngjevinga dei tre stortingsrepresentantane har skrive for forslaget sitt teiknar eit ganske mørkt verdsbilete. Eg tenker på veggrøfter fulle av gråtande nyfødte som ingen brydde seg om før dei kristne kom, er eit eksempel på kva som bekymrar meg. Spedbarn som berre blir slept ned i kloakken er eit anna. For ei marerittverd det her må ha vore! 

Er det verkeleg slik Kristen-Norge ser for seg Europa før kristendommen kom? I så fall er det ein fordreid og ekstrem versjon av historia som gjer at eg blir litt bekymra for om dykk er i ferd med å bli radikalisert, Kristen-Norge. Eg må være ærleg med dykk om det. Det er eit einsidig verdsbilete utan rom for alternative perspektiv. Og eit representantforslag som vil tvinge alle i Norge til å lære meir om kristendommen, betyr at de òg vi lære mindre om humanisme, etikk og andre religionar.

Vegen til eit Europa med menneskerettar og inkludering er ikkje så enkel som historiefortellinga til dei tre stortingsrepresentantane skal ha det til. Vi veit jo for eksempel at jegar- og sankarsamfunna ikkje var bygd på den sterkastes rett, sjølv om det har vore naturleg for dei tidlege europeiske vitskapsfolka å speile si eiga tid tilbake på dei arkeologiske funna dei har gjort.

Vi har òg skriftlege kjelder på dette, som for eksempel Hammurabi si lov. 1700 år før Jesus vart født skreiv han lovar med prinsippet om at eit menneske er uskyldig før dei er dømt. Det er ein av mange hendingar som har ført til at vi har bygd ein humanistisk kultur, der kvart menneske er viktig og verdifullt i seg sjølv.

Skolen i Athen av Rafael er en freske i rommet Stanza della Segnatura i Vatikanpalasset i Roma,.

Representantane svartmaler Aristoteles og stoikarane òg. Men dei gjer det ved bruk av sitater ute av kontekst. Antikken var ein periode der menneska i Europa forsøkte å finne ut korleis verda og menneska fungerte. Stoikarane var opptatte av å ikkje la seg styre av kjensler. Dei var mot krig. Krig kunne berre godkjennast dersom fleire krav vart innfridd. Epikur argumenterte for at sunne livsverdiar og fridom frå smerte var betre enn kortvarig nytelse. Han var òg sterkt imot krig og meinte at berre krigsprofitørar tjente på krigen. Stoisisme og epikurisme var dei to viktigaste livsfilosofiane i antikken, både i Hellas, det hellenske riket og romartida.  Det er ikkje tilfeldig at den første romerske keisaren, keisar August, innførte Pax Romana. Idéen var at ingen skulle bli utnytta eller vere offer for brutalitet. Pax Romana varte i nesten 200 år.

Vi har òg idéen om likestilling frå antikken. Platon argumenterte for at sjelen er kjønnslaus, og at det er tilfeldig om ein blir født som kvinne eller mann. I boka Staten argumenterte han for at kvinner måtte lære det same som menn, slik at dei òg kunne gjere den same jobben. Sjølv i dag, 2350 år etter, er hans påstand om at kjønn berre skildrar kroppslege forskjellar og at kvinner skal ha dei same moglegheitane som menn er framleis noko vi ikkje har fått til.

Det er er derfor eg blir bekymra over at dykk er i ferd med å bli radikalisert, Kristen-Norge. For det er eit kunnskapslaust og einsidig bilete dei tre stortingsrepresentantane frå KrF bruker som argument for at ein trenger meir kristendom i eit fag der ungane skal arbeide med å forstå seg sjølv, andre og verda rundt seg. Då treng dei verkeleg ikkje å bli byrda med skremmebilete av før-kristen europeisk historie. Men eg trur kanskje vi er samde om det, Kristen-Norge? Er vi ikkje? 

Dykk får prøve å ta vare på dei tre stortingsrepresentane deira, for dei er i ferd med å bli radikalisert om eg skal døme på historiefortellinga deira. Dykk får si fra om dykk treng hjelp frå resten av oss til å ta vare på dei og hjelpe dei ut av tankefella dei tre er i ferd med å gå inn i.

Andreas Kolle har bidratt til teksten.

Mest lest

Arrangementer

  • Ingen arrangementer