Jørn Eggum er leiar i Fellesforbundet, den nest største LO-forbundet. Han sitt òg i sentralstyret til Arbeidarpartiet. Neste veke skulle han kronas som ny LO-leiar etter Peggy Hessen Følsvik. På måndag kasta TV2 ei bombe inn i prosessen. Eggum hadde hatt eit seksuelt forhold til tillitsvald Merethe Solberg frå 2017 til 2022. Da det starta var ho tillitsvald for kokkane på IKEA og han var leiar i forbundet. Sidan det har han trekt LO-kandidaturet sitt, men Fellesforbundet og Støre har framleis tillit til Eggum.
Sidan den gong har Solberg fått ein karriere i Fellesforbundet. Fram til i vinter satt ho som leiar i Fagforbundet sin avdeling 10. 29. januar i år vart avdelinga satt under administrasjon av forbundet sentralt, etter at styret i avdelinga hadde sendt inn ei klage på Solberg. Ein tilsett i avdelinga vart sagt opp, og dei hadde ikkje fått informasjon om korfor og stilte krav om at dei skulle involverast. Solberg vart avsett som leiar. Eggum skulle forhandle fram ein sluttavtale og informerte ikkje styret i Fellesforbundet om at han ikkje var habil i saken.
#MeToo? Ja visst!
Det har vore ein debatt om dette var ein #metoo-sak sidan dei to er omtrent jamgamle. Det er heilt klart ein #metoo-sak, sidan #metoo ikkje først og framst handlar om alder eller sex, men om misbruk av maktforskjellar i ein relasjon. Eg skal ikkje bruka meir tid på det, sidan det ikkje er det største problemet med kva Eggum har gjort. Dessutan har Cornelia Kristiansen i Dagsavisen sagt det som bør seiast om Eggum og #Metoo. Eggum har har to andre problem som arbeidarrørsla bør diskutere meir før saka er over.

Naiv eller løgnar?
Jørn Eggum har sagt til TV2 at det ikkje er nokon maktforskjell mellom dei to. Det er eit teikn på at han ikkje har nokon tydeleg forståing av kva det vil si å vera i rolla som ein av landets mektigaste fagforeningsleiarar i møte med dei tillitsvalde i ein bedrift.
Det kan vere denne manglande rolleforståinga som gjorde at han ikkje sa frå til sitt eige styre at han var inhabil. Så vi kan enten legge til grunn at han ikkje forstår si eiga rolle, eller så kan vi forutsette at han var klar over at han var inhabil i Fellesforbundet sin sak mot Solberg. I så fall har han vore ærleg med sitt eige styre om det.
Ut frå dette kan ein konkludere med at Eggum enten er naiv eller så er han ein løgnar. Korfor tar ikkje styret i Fellesforbundet tak i dette?
Tryggleiksrisiko
Eggum får tilgang til privilegert informasjon om det norske samfunnet både i si rolle som leiar i Fellesforbundet og i si rolle som medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Vi står midt i ein konflikt med Russland, som er kjende for å bruke flau kunnskap om ein person til å presse dei til å gjere ting dei ikkje vil.
Vi veit no at Eggum har hatt minst ein seksualpartner utanfor ekteskapet sitt i løpet av dei ti åra som han har vore leiar i Fellesforbundet. NRK sitt visst på opplysningar om at Solberg ikkje har vore den einaste, sidan dei måtte beklage at dei køyrde ein forsmak på innehald som dei hadde stansa på tysdag. Utroskap er godt utpressingsmateriale for ein som er villig til å bruke sånt. Fienden vår i aust er villig til å bruke sånt.
Når Eggum tar aktivt tar val som kan gjere han til ein utanrikspolitisk tryggleiksrisiko, kan han da bli sittande i rollene som gjer at han er interessant for russarane?
Eggum bør gå
På onsdagettermiddag skreiv Kjell Werner i Dagsavisen og FriFagbevegelse at Eggum burde gå frå stillinga si i Fellesforbundet dersom LO-kongressen meinte han ikkje kunne vere LO-leiar. Vi fikk aldri vete kva LO-kongressen meinte om Eggum, sidan han trakk seg som kandidat nokre timar seinare.
Samstundes står arbeidarrørsla igjen med oppgåva om å vurdere om Eggum faktisk fortener tilliten som leiar i Fellesforbundet og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Kva må han gjere for å vise at han fortenar det? Kva må til for å eliminere dei tryggleiksrisikoane han har utsett seg sjølv, og dermed også Norge, for gjennom å ikkje vere sannferdeleg med seg sjølv og arbeidsgjevaren sin?
Desse spørsmåla bør svarast ut av både Støre og styret i Fellesforbundet. Arbeidarrørsla har velfortent tatt seg fri og feira 1. mai, men debatten om Eggum bør ikkje vere over enno.


