I går kveld meldte avisene at Jørn Eggum framleis var sjukemeldt. Du veit, leiaren i Fellesforbundet, det største fagforbundet i LO for tilsette i privat næringsliv. Han som først innleia ein seksuell relasjon til ein meinig tillitsvald, og så forhandla om at ho måtte gå av når ho var blitt leiar i ein av forbundet sine avdelingar. Eg skreiv om det når saken først blei kjend i byrjinga av mai, berre dagar før LO-kongressen der det såg ut som om han skulle kronas til ny LO-leiar.

I dag skal altså styret i Fellesforbundet ha sitt første møte sidan saken vart kjend. I går kveld opplyste Stian Fyen, kommunikasjonsrådgjevar i Fellesforbundet, til VG at Eggum-saka ikkje står på dagsorden for møtet. Derimot står saka om å utnevne valkomité for å supplere ny nestleiar i Fellesforbundet på dagsorden. Du veit, Kine Vistnes, ho som var nestleiar i Fellesforbundet og som var valt som LO-leiar i staden for Eggum.
Og det er jo litt rart. Saka drukna litt i nyhende om LO-kongressen, men sjølv før Eggum trakk seg var Dagsavisen sin kommentator Kjell Werner ute med ein kommentar om at Eggum ikkje hadde meir å gå på. I etterkant av LO-kongressen sa kommunikasjonsdirektøren i Fellesforbundet at dei skulle ha ein gjennom gang av saka, men sidan den gong har det vore heilt tyst frå Fellesforbundet. Tenkjer Bettina Thorvik og resten av leiinga i Fellesforbundet at dei berre kan ignorere saka og så går ho over? Det er framleis sant at Eggum enten er ein løgnar eller naiv. Og Arbeidarpartiet har framleis ein nasjonal tryggleiksrisiko i sentralstyret sitt.