Om ein tek utgangspunkt i dei som kallar seg liberalerar eller liberalistar, kunne ein før klassifisere og kategorisere dei med utgangspunkt i om tilhøyra deira fremst er til europeisk eller anglo-amerikansk liberalisme og kva tenkjarar som har hatt størst innverknad på dei. Den kan vi berre kaste ut, nå som vi er i Trump-tida. Vi må skrelle bort alle lag og nyansar for å sjå kven som eigentleg er trufast mot dei liberale ideane.
Dei liberale ideala
Før eg tar for meg den nye liberale taksonomien, kan det vere nyttig å ta ein kjapp repetisjon på kva som er grunnlaget for all liberalisme. Då er eg sikker på at vi er samde om kva vi snakkar om, når vi snakkar om dei liberale ideala.
Eit samfunn som byggjer på liberale verdiar legg vekt på individet sin rett til fridom og sjølvråderett. Dei to viktigaste metodane eit liberalt samfunn brukar for å sikre individet sin sjølvråderett er demokrati og marknadsøkonomi. Staten skal verne om individa sine rettar, inkludert grunnleggjande menneskerettar, slik som ytringsfridom, religionsfridom og eigedomsrett gjennom likskap for lova og rettstryggleik. Liberale samfunn er prega av toleranse, dei har respekt for mangfald og vernar om mindretalsrettar.
Denne lista er viktig å hugse når du skal evaluere politiske forslag som kjem framover, som for eksempel når KrF seier at undervisning om seksualitet og kjønnsidentitet skal ta utgangspunkt i at det berre finst to kjønn eller vil bruke meir tid på å undervise kristendom i KRLE-faget. Eller når FrP seier det same om seksualitet og kjønnsidentitet og dessutan vil dei ha meir disiplin i klasserommet. Eller når Sp seier det same om seksualitet og kjønnsidentitet, og dessutan vil dei ha meir tilfeldig ransaking av ungdom dei mistenker brukar ulovlege rusmiddel.
Desse forslaga vernar ikkje rettstryggleik for unge menneske. Dei er intolerante og truar mangfaldet i samfunnet. Dei er ikkje liberale.

Den nye taksonomien
Framveksten av høgreautoritære grupper som brukar ord som liberalist, liberalar, individualist, alternativhøgre, det nye høgre, nasjonalkonservativ, kristen, patriot, konservative, populist, kritisk til det etablerte, anti-woke, anti-elitistisk, kulturkrigar eller fridomskjempar, gjer at vi må starte ein annan plass enn geografi for å definere kven som er liberal.
Ein liberalar er anti-autoritær, mens mange av dei som brukar nokre av merkelappane eg har nemnt over for å omtale seg sjølv er autoritære. Liberalarar er alltid anti-autoritære. Dei fleste er òg normkritiske og maktkritiske.
No som store delar av høgresida i den vestlege verda og Norge igjen held på å ramle i same autoritære fascistfella som dei gjorde for omtrent 100 år sidan, må liberale vere tydeleg på kva som er liberalt. Det å vere liberal er å vere anti-autoritær, så kan vi ha det gøy med å grave oss ned i detaljar, skiljer og idear derifrå.
Ei kort liste over andre kjenneteikn på autoritær høgreside
Det har vore mykje diskusjon om kva fascisme er for noko. Ein del påstår at det ikkje er ein ideologi, for det sprikar så mykje i programerklæringane til dei ulike organisasjonane på den autoritære høgresida. Nokon vil ha meir velferdsstat, nokon vil ha meir politi, nokon vil ha meir makt til næringslivet. Alle seier dei vil ha meir makt til folket, samstundes som dei gjer ein ærleg innsats for å sentralisere all makta hos seg sjølv.
Eg brukar alltid eit sitat frå Torkel Brekke si bok Ingen er uskyldig: antisemittisme på venstresiden der han skriv: «Fascismen hevder at vold er noe som skaper det nasjonale fellesskapet, den er positiv og identitetsskapende. For fascismen er det meningsløst å hevde at man må skille mellom skyldige og uskyldige blant nasjonens fiender.» Eg har lest alt for mykje om fascisme og den autoritære høgresida det siste tiåret, etter Jeffrey Tucker publiserte essaysamlinga Right-Wing Collectivism: The Other Threat to Liberty. (Lenka vil gje deg ein PDF av boka gratis.) Berre månader tidlegare hadde han personleg tatt tak i nynazisten Richard Spencer og dytta han ut frå ein International Students for Liberty Conference. Det er ikkje plass for høgreautoritære i fridomsrørsla.
Her ei kjapp liste over kva høgreautoritære er opptekne av:
- Nasjonalisme
Og dette tydleggjerast i saker som:- Motstand mot immigrasjon.
- Andregjering av minoritetar, som innvandrarar, muslimer, jødar og samer.
- Stort engasjement i demografi, fødselstall og storleiken på familiar.
- Økonomisk proteksjonisme.
- Tradisjonelle verdiar
Og dette tydeleggjerast i saker som:- Motstand mot likestilling og kvinnefrigjering
- Motstand mot skeiv seksualitet og mangfold i kjønnsuttrykk.
- Meir politimakt og ein stat som er meir disiplinær
- Omfamne religion av ulikt slag, anten ein statsreligion eller ein meir ullen «attende til naturen».
- Dei vil ha meir disiplin, nasjonalisme, tradisjon og religion i skolen.
- Kritisk til etablissementet
Og dette tydeleggjerast i saker som:- Mistillit til hovudstraumsmedier.
- Svært kritisk til såkalla internasjonale elitar.
- Motstandar av globalisering.
- Kritisk til akademia og andre kunnskapsberande institusjonar.
- Riv ned etablerte sanningar og prossar, for øydelegginga si eige skyld.
Ein kan vere normkritisk og maktkritisk, utan å gå til åttak på dei institusjonane som utgjer sjølve reisverket i det liberale demokratiet. Den autoritære høgresida vil ta dei over, øydelegge truverdet deira eller begge delar.
Liberal i det 21. hundreåret = anti-autoritær først
No har den autoritære høgresiden fått vakse seg så sterk, at den skyller inn i den norske politikken. Då Breivik gjekk til åttak på ungdommane på Utøya, tenkte dei fleste av oss at han var eit isolert eingongstilfelle. Det var han ikkje. Han var åtvaringa på det som kom med åttaket 24. juni 2022. Han var åtvaringa på det vedvarande presset som parti som FrP, Sp og KrF har sett på det skeive miljøet dei siste åra. Han var åtvaringa på antisemittismen som norske jødar no blir utsett for. Han var åtvaringa på det nådelause hatet som mange synlege minoritetsaktivistar blir utsett for kvar dag. Han var tidleg på den autoritære bølga som slår over den vestelege verda no. Som liberalerar må vi stå i mot. Vi må stå saman med dei andre anti-autoritære kreftene i samfunnet vårt, så får vi ta dei andre diskusjonane seinare. Kampen om det liberale demokratiet, mangfoldet og den individuelle fridomen har allereie begynt. Det er berre ein type liberalar, og det er den anti-autoritære liberalaren.


