Stortingsvalet i haust handlar ikkje om kven som har dei beste løysingane – men om kven som får mest makt til å bruke pengar dei ikkje har. Eg hugsar ikkje lengre kva valgomat det var, som gav meg Venstre på førsteplass og Høgre og SV på ein delt andreplass. Kva valgomat er ikkje viktig. Poenget er at om ein tar utgangspunkt i den norske partifloraen, er dette eit resultat som tyder på ein liberalar som vil ha staten ut av både lommeboka og soverommet.
Stortingsvalet er først og fremst eit spørsmål om kva parti du vil at skal ha mest makt. Fordi det er eit parti du røyster på, vanlege velgjarar som meg har ingen påverknad på kva person som kjem inn.
Men alle partia på Stortinget har òg stilt seg bak ein statsministerkandidat. Det vil si, alle unntatt FrP, som ikkje tør å fortelje veljarene om dei vil ha Listhaug eller Solberg. Noko som skapte kaos for alle partia på borgarleg side to-tre veker før valet. Nokre saker er viktigare for meg, og eg bør starte med dei som utgangspunkt for å velje parti.

Ulikskap, autoritarianisme og demokratisk uro
Ei bølge av populistisk autoritarianisme, både frå venstre og høgre, vaskar over verda. No har bølga nådd lille, opne Norge. Sjølv om det først og fremst gjer seg utslag i kulturkamp og utanrikspolitikken, er årsaka til framveksten av populistisk autoritarianisme økonomisk.
Vi har ikkje lenger eit økonomisk system der alle kan delta og alle bli inkludert, slik Financial Times-kommentatoren Martin Sandbu dokumenterer i boka The Economics of Belonging. Trenden er òg syneleg i den norske valkampen.
Høgresida snakkar om formueskatt og næringsutvikling, mens venstresida snakkar om fattigdom og utviding av velferdsstaten. Både venstresida og høgresida har rett. Noko er strukturelt feil med økonomien vår. Men ingen av dei har vilje til å løyse opp i floka.
Sjølv om partia kranglar i debattane, er det mykje dei er einige om. Begge sider vil bruke meir pengar. Høgresida vil kutte skatt og samtidig auke offentleg forbruk. Venstresida vil inkludere stadig fleire tenester i velferdsstaten – utan å ta inn meir skatt. Reiknestykket går ikkje opp. Det er som å bygge hus utan grunnmur og håpe huset står. Strukturfeila blir forsterka av kaoset i den globale politiske ordenen.
Eg veit at mange liberalerar ikkje ser på ulikskap som eit problem, men framveksten av populistisk autoritarianisme er eit teikn på at ulikskapen er eit trugsmål mot demokratiet. Når stadig fleire kjenner at dei står utanfor gjer det grobotn for autoritære rørsler. Då går veljarane som lovar enkle løysingar og sterke leiarar framover. Demokratiet slit.
Vi lever i eit ope, mangfaldig og tolerant samfunn. Det må vi verne om. Vi treng fleire folk, og vi bør importere kompetanse. Arbeidsinnvandringa må gjerast på ein måte som ikkje undergrev dei gode sidene ved norsk arbeidsliv. Vi må sikre at fleire kjem inn i økonomien, at dei kan leve av lønna si, at de har råd til bustad og til å delta i nærmiljøet sitt.
Eg er heilt sikker på at venstresida ikkje har dei rette løysingane, sjølv om de skal ha all ære for at dei tvingar fram ein offentleg samtale om ulikskapen. FrP trur óg at meir velferdsstat er løysinga. Meir velferdsstat er ikkje løysinga.
Høgre har heller ikkje forslag som tar tak i rota til problemet. Dessutan har heller ikkje høgresida mykje å fare med, sidan dei ikkje vil ha arbeidsinnvandring som kan finansiera framtida.
Oljepengar og politisk ansvarsfråskriving
Offentleg sektor har svella ut som ein bolledeig dei siste 12 åra, og høgresida må ta like stort ansvar for det, som venstresida. Solberg kjøpte seg fred og fordragelegheit gjennom å fôre oljepengar ned i nebbet på samarbeidspartnarane som ei fuglemor som framleis har ungane i redet. Eg skal spare deg for sjølve tala, men Solberg-regjeringane auka uttaket av pengar frå oljefondet betydeleg på åtte år.
Så kom Støre, og på dei fire åra han har sete som regjeringssjef, har han dobbla uttaket som Solberg-regjeringane gjorde. Altså dobbelt så mykje oljepengar, på halvparten av tida. Korkje høgresida eller venstresida er eit alternativ for folk som ønskar låg vekst i staten.
Det er òg eit demokratisk problem at denne veksten i offentleg sektor kjem frå oljepengar og ikkje skattepengar. Det er fleire årsaker til at oljepengar på velferdssida av statsbudsjettet er eit demokratisk problem.
Den norske velferdsstaten er bygd på universelle ordningar. Alle bidreg via skatt, og alle får tenester dei treng. Velferdsstaten er ei gjensidig forsikringsordning. Denne felles forsikringa blir oppfatta som legitim fordi vi er saman om ho. Den legitimiteten blir trua når ein av fire kroner på statsbudsjettet kjem frå Oljefondet, og ikkje frå deg og meg.
Oljefondet gjev òg politikarane eit frikort. Dei kan bruke pengar på det eine og det andre av gode saker, utan at dei må be deg og meg om å betale for forbruket. Dei har funne seg ei anna lommebok som ikkje protesterar noko særleg, fordi framtidige generasjonar har ikkje stemmerett enno. Det betyr at politikarane kan bruke pengar, utan at dei må forhandle om kor dei skal spare inn. Rein ansvarsfraskriving med andre ord.
Venstresida frå Raudt til Arbeidarpartiet vil bruke pengane på å auke kva tenester vi skal få frå velferdsstaten, utan ein tanke på korleis vi skal betale for auken nokre år frå no. Politikarane som stiller til val no har gjett framtidas politikarar er eit problem eit problem som dei må løyse.
Høgresida skal kutte meir i skatt, utan å kutte i forbruket. Lojaliteten til partia i den borgarlege blokka skal kjøpast med meir til partia sine hjartesaker. Solberg gjorde det sist, og ho kjem til å gjere det igjen. Her er orsaka til at eg ikkje kan stemme Høgre. Støre kjem til å bruke same taktikk, og ikkje kan stemme SV. Eg ønskjer mindre stat, men det er ikkje det eg får.
Miljø- og klimapolitikk som gravas ned
Og så var det desse samarbeidspartia då. Det er tre parti på Stortinget som har truverd på naturmangfald og klima. Det er Venstre, MDG og SV.
SV har vore ein utroleg effektiv forkjempar for miljø og klima dei siste fire åra. Dei har tvinga Arbeidarpartiet og SP med på å utsette prøveboring i sårbart arktisk hav, finansieringsordningar til næringslivet for det grøne skiftet og for energieffektivisering.
Eg har heia på SV under budsjettoppgjera under Støre si første og andre regjering, men no vil SV ha andre bollar. Plutseleg skal investeringene i Oljefondet styrast frå Stortinget, og sånn kan vi ikkje ha det. Stortinget skal styre Oljefondet gjennom etikkreglane, og ikkje gjennom å leke etikkråd.
Korkje Raudt eller Senterpartiet har noko truverd på naturmangfald eller klima. Dei har faktisk ofte motarbeida innsatsen til SV og Arbeidarpartiet dei siste fire åra. Støre kan ikkje få til ei regjeringa utan dei og MDG, slik meningsmålingane ser ut no.
Høgre har òg samarbeidspartnarar som ikkje har truverd på naturmangfald og klima. Frp står klare med gravemaskina, anten det gjeld motorvegar, hyttefelt eller kraftlinjer. Det einaste som kan stoppe FrP, og gjere Høgre grønare, er eit sterkt Venstre. I alle fall så lenge MDG hald fram med å late som om dei er blokknøytrale og ikkje er opne for å støtte ein Solberg-regjering.
Både FrP og Senterpartiet snakkar om distrikt og folk flest, men det dei eigentleg gjer, er å bremse overgangen til eit klimanøytralt samfunn med ein berekraftig naturforvaltning.

Kva slags val har ein liberalar eigentleg?
Som eg sa innledningsvis handlar ikkje Stortingsvalet i haust om kven som har dei beste løysingane – det handlar om kven som får mest makt til å bruke pengar dei ikkje har.
Høgresida vil kutte skatt og samtidig auke offentleg forbruk. Venstresida vil utvide velferdsstaten utan å ta inn meir skatt. Begge delar er økonomisk uansvarleg, og begge blokkene har samarbeidspartnarar som aktivt motarbeider klima- og naturpolitikk.
Uansett kva du stemmer, får du meir stat, mindre natur og større ulikskap. Vi får ikkje eit val mellom ansvar og uansvar – vi får eit val mellom ulike former for ansvarsfråskriving.
For ein liberalar som vil ha staten ut av både lommeboka og soverommet, er det få reelle alternativ igjen. Venstre står igjen som det einaste partiet som både forsvarar naturen og utfordrar statens vekst. Dei har dessuten gjort ein solid jobb for å trekke med seg resten av Stortinget for å få meir støtte til Ukraina. Men sjølv dei må samarbeide med partnarar som ikkje vil ta kampen mot ulikskap og autoritær populisme.
Så kva gjer ein då? Eg røystar ikkje fordi eg trur på løysingane. Eg stemmer fordi eg trur på samtalen. På motstand. På framtida.


