
Leiartrioen, Omar Svendsen-Yagci, Tejn Rolland og Emma Strandbakke vart alle gjenvald på årets landsmøte. Med unntak av to sentralstyremedlemmar, Thyra Håkonsløkken og Brage Kasa Skarstein, er resten av sentralstyre vart bytta ut. Dei nye heiter Amund Medhus, Frida Lødøen, Nora Boujibar, Oscar Solvåg, Peder Reitbakken, og Snorre Kristiansen.
Det høyrest kanskje mykje ut, men mannskapsbytte er sunt på toppen av ein ungdomsorganisasjon. Mange av dei som har gått av, har gått vidare i politikken og den nye gjengen er full av kompetanse og talent. Det blir spennande å se kva dei får til i valkampen om to år. Unge Venstre har fått mykje ros frå Venstre sentralt på bakkevalkampinnsatsen i årets val, så det nye sentralstyret har store sko å fylle.
Landsmøtet har gjett eit inntrykk av at dei er en samansveisa gjeng med stor omsorg for kvarandre. Ordstyrarane innleia med formane landsmøtet om å ha ein nøktern og seriøs tilnærming til valet, og at det ikkje under nokon omstende skulle vere applaus før valet var avgjort og kandidaten vald.
Det er lett å tenke at slike oppmodingar er naive i ein politisk ungdomsorganisasjon, sidan konkurranse og konstruktiv konfliktløysing er kjerne i verksemda. Det var akkurat derfor det var så fint å sjå korleis Unge Venstre har laga rammer rundt valet for å forhindre at ein som tapte ein omrøsting skulle bli ståande utanfor fellesskapet når avrøystinga var over. Og alle var med på å gje ståande applaus til dei som ble vald.
Det var meldt inn tre benkeforslag. I typisk Unge Venstre-ånd, var det ikkje ueinighet om sak eller strategi som var grunnlaget for at nokon stilte som kandidat mot ein annan. Hovudinntrykket var at dei tre kandidatane stilte fordi dei òg ville vere med å gjere ein innsats. Strategien bak kven dei valde og stille mot var heller ikkje den mest gjennomtenkte.
I alle tre tilfelle var det valkomiteens innstilling som vant avrøystingane. Ein kunne sitte igjen med eit inntrykk av at det var brukt veldig mykje av landsmøtet sin tid på avrøystingar som ikkje hadde ein sjans i utgangspunktet, men dei skal ha for entusiasmen. Ein kjem langt på det i ungdomspolitikken.


