Magasin

Kampklar Unge Venstre-leiar

Venstre og Unge Venstre brukte oktober på å analysera korfor det gjekk som det gjekk i haustens valkamp. Resultatet vart ikkje slik dei ønska seg, samstundes som partiet står sterkare blant potensielle veljarar enn på lang tid. Liberaleren tok ein prat med leiaren, Omar Svendsen-Yagci, om valet.

Unge Venstre har vore ein viktig del av valkampen. Ungdomsorganisasjonen har fått mykje skryt at Venstreleiar Guri Melby om innsatsen i bakkevalkampen. Det gikk ikkje like bra i skolevalet. Dei hadde ein nedgang på 3,8 prosentpoeng og enda med eit resultat på 6,9 prosent. Svendsen-Yagci skulle gjerne hatt eit betre resultat å peke på, samstundes som 6,9 prosent framleis er eit av dei beste resultata historisk sett.

Unge Venstres resultat i skolevalgkampene fra 1989 til 2025. Skjermdump fra skolevalg.sikt.no.

– Det er trist at dei unge trur dei må gå til fløyene for å få god politikk, seier Svendsen-Yagci.

Der det liberale demokratiet er under press. Menneskerettane er eit av dei største liberale gjennomslaga i historia: Tidlegare var det nok å seie at noko var ein menneskerett, no må vi begrunne menneskerettane. Han peikar vidare på at klima ikkje var like viktig for unge veljarar i år, som det har vore ved tidlegare val.

Frykta for Listhaug

Undersøkingar viser at FrP-leiar Sylvi Listhaug har vore eit problem for Venstre i dette valet. Rundt halvparten av potensielle veljarar har lista ho som årsaken til at dei ikkje stemte på Venstre.

– Vi hadde ikkje gode nok svar på spørsmålet om Venstre kunne støtte ei regjering med Listhaug som statsminister, seier han. – Eg sit igjen med ein følelse av at vi ikkje blei trudd når vi sa at vi gjekk til val på ein borgarleg regjering leia av Erna Solberg.

Det hadde ikkje vore aktuelt for Venstre med noko anna borgarleg samarbeid enn eit der Høgre var tyngdepunktet. Men vi må fokusere på oss sjølv og kva vi har å by på.

Unge Venstres leder Omar Svendsen-Yagci på organisasjonens landsmøte i Oslo i oktober. Foto: Bent Johan Mosfjell.

Lærdommen frå Nederland

Dagen før landsmøtet til Unge Venstre opna, gjorde det søsterpartiet til Venstre i Nederland, D66, eit brakval og kom på delt førsteplass med det høgrepopulistiske Frihetspartiet. Dei hadde fokus på kvardagsproblema til folk forklarar han. Dei tok tak i boligkrisa med eit forslag om å bygge ti nye byar. Det er jo ikkje sånt ein tradisjonelt forbinder med marknadsliberale parti, men det tar tak i dei faktiske problema. Boligkrisa er på veg her i Norge òg, spesielt for dei som skal kjøpe bolig for første gang. 

– Det er urettferdig, sier Svendsen-Yagci. – Vår generasjon har gjort alt vi vart bedt om å gjera. Vi tok utdanning, skaffa oss jobb. Den norske eigarlinja er god, men det kjenst som om dei eldre generasjonane har trukket stigen opp etter seg.

Han vi blant anna sjå på korleis vi kan prioritere førsteganskjøparane i marknaden, for eksempel med unntak frå kapitalkrava og dokumentavgifta. Eit liberalt parti kan ikkje vere partiet som forsvarar systemet. Vi må vere partiet som utfordrar system som ikkje virkar. 

Klar for kamp

Svendsen-Yagci er meir oppteke av neste val, enn førre val. Han nemner ikkje «gjenreise det liberale sentrum» like ofte som Guri Melby, men det er det er målet, både for Svendsen-Yagci og Unge Venstre

 – Dei liberale løysingane finst i det liberale sentrum, seier han.

Han seier at medlemmane i Unge Venstre var utroleg dyktige i valkampen som gjekk. Dei banka på dørar og snakka med mange veljarar. Det er ein erfaren gjeng som står klar til kommunevalet 2027.

Mest lest