Russland har allereie tapt krigen på dei viktigaste punkta. Då invasjonen starta, var planen å ta Kyiv på tre dagar og heile Ukraina på tre veker. Over tre år seinare kjempar Ukraina framleis med ein urokkeleg motstandsvilje. No står vi midt i ein brutal utmattelseskrig der den økonomiske uthaldet blir avgjerande: Den som går tom for pengar først, taper.
Ukraina kjempar ikkje berre for si eiga fridom, men på vegne av tryggleiken i heile Europa. Samstundes ser vi at den internasjonale støtta er under press, og behovet for ammunisjon og utstyr er enormt. I ein slik situasjon tel kvart einaste bidrag frå privatpersonar meir enn nokon gong.
Noko av det aller viktigaste for soldatane ved fronten akkurat no er tilgang på private køyretøy. Faktisk er rundt 95 prosent av bilane den ukrainske hæren bruker, levert av frivillige. Behovet er kritisk fordi:
- Bilar blir brukte til å frakte materiell, mat og personell, men viktigast av alt: å hente ut såra soldatar.
- Lange frontlinjer og køyring utanfor veg gjer at det er eit konstant behov for firehjulsdrevne dieselbilar som SUV-ar og pickuper.
- I krigssonen har desse bilane kort levetid, og difor må flåten stadig fornyast.

Gjev ei julegåve som utgjer ein forskjell
I staden for enno ein ting som støvar ned i hylla, bør du i år vurdere ei julegåve som reddar liv. Du kan gje eit bidrag til organisasjonar som sender bilar til fronten – anten på vegne av deg sjølv, eller som ei meiningsfull gåve til nokon du enno ikkje har handla til.
Det kostar rundt 30 000 kroner å kjøpe inn ein bruktbil som kan gjere nytte for seg i Ukraina. Gjennom frivillige initiativ går pengane uavkorta til innkjøp, transport og drivstoff. Ein av dei som er i ferd med å samle inn pengar til ein bil via Slava Ukraini, er Pål Midtsæther Grødahl, som sat i sentralstyret i Unge Venstre saman med meg. Slava Ukraini Norway er den same gruppa eg og Andreas Kolle køyrde til Ukrainia med i august 2024.
Vær med å send Pål til Ukraina med ein av dei bilane som er så viktige for dei som kjempar på frontlinja i Ukraina. Gå til Spleis ovanfor eller Vipps Slava Ukraini Norway på : 907280.
La oss vise dei modige ukrainarane at dei ikkje står åleine i vintermørket. Støtt arbeidet med å sende bilar til Ukraina før jul. Ei julegåve til Ukraina er ei investering i vår felles framtid og fridom.


