Før jul ropte Asle Toje varsko i Aftenposten. Vil Norge overleve det som kjem, spør han og trekker fram eit klassisk nasjonalkonservativt bilete av ein sivilisasjon som står framfor undergangen.
Undergangen kjem fordi det «usynlege stoffet», eller kultur som vi vanlegvis kallar det, held på å gå i oppløysing. Han trekk spesifikt fram fire symptom på oppløysinga. Det første er at over 20 prosent av befolkninga i Norge har innvandrarbakgrunn og at mange av dei ikkje er norske i kulturell forstand. Det andre er at språket vårt er i ferd med å bli erstatta av engelsk. Det tredje er at vi omfamna ein globalisering som skulle viske ut nasjonane og nasjonale forskjellar. I det fjerde symptomet peikar Toje på eit dobbelt økonomisk og kulturelt problem. For mange står utanfor arbeidslivet, dei definerer seg inn i minoritetsidentitetar som står i motsetning til «det NORSKE» og styresmaktene stiller ikkje krav om at desse skal vere med på det felles nasjonsprosjektet, økonomisk og kulturelt.

Ein liberal analyse
Det høyrest blekt ut for Norge, om ein skal ta skildringa til Asle Toje på alvor. Han skriv at vi lever i ei tid vi helst vil gløyme.
-Ja, vi lever i ei ubehageleg samtid.
Den internasjonale ordenen som har vart etablert i etterkrigstida er i ferd med å rakne fordi imperialistiske stormaktar igjen fleksar med den nasjonalkonservative armen. Den økonomiske ordenen er i ulage fordi deler av den vestlege verda koblar seg av globaliseringa og har skapt nasjonale økonomiske system med mykje utanforskap. Det er ubehageleg å stå i endringa, når den utvida ordenen er i ferd med å bli erstatta av ein annan vi ikkje heilt ser konturane av enno.
Løysinga er, som vanleg, meir individuell fridom, meir globalisering og meir inkluderande økonomiske system. Ikkje mindre.
Eg skal ta for meg desse fire symptoma gjennom brillene til forfattarar og tenkjarar som høyrer heime i ein liberal politisk økonomitradisjon, F.A. Hayek og Johan Norberg definerer seg sjølv inn i denne tradisjonen, mens Michel Foucault og Financial Times-kommentatoren Martin Sandbu kanskje ikkje ville plassert seg der sjølv. Analysane til Foucault og Sandbu gjer at dei til ein viss grad høyrer heime der likevel.
It’s the economy, stupid
I 2020 kom Martin Sandbu med boka The Economics of Belonging som dessverre drukna litt i pandemien. Boka har to delar, ein lynskarp analyse av korleis økonomisk utanforskap i den vestlege verda er drivaren bak den illiberale høgrepopulistiske bølga, og ein plan for å korleis vi kan reetablere ein økonomisk orden der folk igjen opplever bedra levestandard, nedgang i ulikskap, trygg velferdsstat og gjensidig respekt på tvers av sosioøkonomisk tilhøyrsel. Planen var ikkje overtydande, men problemskildringa og analysen er solide som fjell.

Sandbu brukar overtydande økonomisk data på å etablere at motoren i høgresida sin kulturkrig er at det blir vanskelegare å skaffe seg bustad, vanlege jobbar er så dårleg betalt at folk ramlar ut av det økonomiske midtskiktet og det har vorte mindre sosial mobilitet over heile den vestlege verda. Den nasjonalkonservative og høgrepopulistiske analysa er at det er innvandrarar som tar jobbane deira som er problemet, når det eigentleg er geografisk og teknologisk sentralisering som gjer at dei blir ståande i dårleg betalte jobbar. Eg trur Toje er einig med meg i at vi må gjere noko med det økonomiske utanforskapet, sjølv om han kanskje ikkje er overtyda om at det vil løyse heile problemskildringa han kjem med.
Globaliseringa har gjort at vi får færre fattige i verda, men automatisering og produktivitetsvekst i den vestlege verda har i mange tilfelle ført til at dei som tidlegare fekk godt betalt for å drive med manuelt eller repetetivt arbeid no ikkje lenger har ein livsstil som kan måle seg mot midtskiktet i land som ikkje har like store produktivitetskrav.
Den nordiske arbeidslivsmodellen gjorde at mange av dei som hadde slike jobbar før i Norge, fekk moglegheit til å omskolere seg eller ta vidareutdanning. Dei kan framleis hevde seg i eit kunnskapsdrevet arbeidsliv med høge produktivitetskrav. Den omstruktureringa av arbeidskrafta har ikkje skjedd i USA og ein del andre stadar der lokalsamfunn døyr fordi dei som bur der ikkje lenger deltek i økonomien.
Når folk deltek økonomisk i det same fellesskapsprosjektet som resten av storsamfunnet, kjem desse endetidsførestellingane til å vike. Ein treng heller ikkje lenger å finne ein syndebukk som får ansvaret for at ein står utanfor. Økonomien er limet i storsamfunnet.
Kultur er spontan orden
Tilbake til «det usynlege stoffet» som «gjer eit folk er meir enn ein befolkning». Det er berre to av språkblomane Toje bruker i staden for ordet kultur. Han målar fram norsk kultur som noko eige og vedvarande, som blir liggande gløymt i jordsmonnet når egoistiske, sjølvnytande, uproduktive menneske går frå «det usynlege stoffet» som er det norske eller «vår orden» som Toje òg kallar det.

Det er interessant at han brukar omgrepet orden, som eg først og fremst forbinder med Nobelprisvinnaren F.A. Hayek. Han skil mellom skapte ordnar som menneska har utforma for eit spesifikt formål på den eine siden og spontane ordnar som har vakse fram organisk. Rettsvesenet er eit eksempel på ein skapt orden og språk er eit eksempel på ein spontan orden.
Nasjonalstaten si rolle er å lage lovar og institusjonar, altså skapte ordenar, som gjer at enkeltmenneska i nasjonalstaten kan forme sine eigne liv. Kulturen derimot er spontane ordenar som har blitt til gjennom ein evolusjonsprosess som kan gå fleire generasjonar tilbake, men som òg kan forandre seg fort om det er naudsynt.
Kva verdiar ein har er eit eksempel på ein kulturell spontan orden. Ei gruppe menneske har fulgt eit sett med moralske verdiar som har overlevd og spreidd seg fordi dei gruppene som følgde desse verdiane vart meir framgangsrike. Spartanerane er eit openbert eksempel på at eit verdisett har døydd ut fordi verdiane til gruppa ikkje gav gode levekår for folk.
Fragmentering er ein styrke
Men det er ikkje berre Toje som har tenkt over livssyklusen til ein sivilisasjon i det siste. Ein annan som har brukt mykje meir tid og gjort ei grundigare undersøking er den svenske idéhistorikeren Johan Norberg. I boka Peak Human, som kom ut i 2025 ser han på sju ulike sivilisasjonar og kva som gjorde at dei lykkast.
Den gylne ærean for athenarne, romarne, abbasideane, Song-dynastiet i Kina, rennessanse-italienerane, Dei sameinte Nederlanda og, i vår eiga tid, anglosfæren, kom som eit resultat av at dei hadde ein kultur prega av openskap. Dei samhandla med andre folk og kulturar, henta ut gode idéar, samarbeida om å vidareutvikle idéane, skapte økonomisk vekst gjennom handel og arbeidsdeling og veksten skapte overskot som dei kunne investere i kultur og innovasjon. Den gyldne æraen stagnerte då desse samfunna lukka seg for idéar, menneske, handel og nyskaping.

Norge har alltid vore eit multikulturelt samfunn og Norge har alltid hatt ein open økonomi. Så kan ein diskutere når vår gylne æra har vore. Kanskje han er nå? Kanskje er han på veg?
Eg ser i alle fall ikkje ein sivilisasjon som er i ferd med å gi opp livet. Kulturlivet blomstrar, det kjem masse spennande, ny forsking kvar einaste dag, norske bedrifter søkjer seg opp og ut og norske politikarar samarbeider med demokratiske politikarar over heile verda. Det store fareteiknet eg ser er at vi får ikkje nok ny arbeidskraft til landet.
Samstundes er det sånn at anglosfæren held på å lukke seg. Den stenginga er styrt og ønskt av folk som trur dei skal beskytte sin eigen sivilisasjon mot forfall og undergang. Kanskje Toje skulle publisert kommentaren sin i ei amerikansk avis i staden?
Den populistiske fella
Det er fleire interessante maktgrep i kommentaren til Toje. Det mest iaugefallande er den konsekvente bruken av ordet vi. Vi er eit så enkelt ord, men det blir fort komplisert når ein skal begynne å finne ut kven som er del av vi-et som Toje snakkar om, og snakkar på vegne av. Elitar er openbert ikkje ein del av vi-et til Toje, anten dei er kry eller gråhåra og postnasjonalistiske. Folk med innvandrarbakgrunn er heller ikkje ein del av vi-et hans, sidan dei ikkje er norske i kulturell forstand.
Lista held fram med folk som er klientifisert, sjølvopptatte minoritetar, folk som brukar for mykje engelsk, eller som kodeveksler gjennom å blande engelsk inn i norsken sin.Til sist må vi ikkje gløyme dei som ukritisk forkastar det gamle og omfamnar det nye. Der har du ein gjeng! Men kven står att, når vi tek bort alle desse folka?
Vi-et til Toje har ein maktpolitisk funksjon i teksten hans. Han skaper ei gruppe av andre, som ikkje høyrer med: Det er ein banal analyse, men andregjering er eit banalt retorisk maktgrep. Vi kan ikkje vere blinde for kva funksjon det har i ein offentleg samtale.
Den biopolitiske fella

Det blir enda meir komplisert når Toje brukar dette vi-et til å kalle på krav om oppførsel, patriotisk innhald og handling i kultur og i skolevesen. Der Toje held fram ein sterk nasjonal tilhøyrsel som ei fridomgjerande sanning som forankrar eit individ i ein skiftande verd, ville Michel Foucault ha sett teksten til Toje som eit forsøk på å gjenopprette eit maktregime basert på tradisjonelle verdiar og nasjonal disiplin. Ikkje eit fridomsprosjekt med andre ord.
Biopolitikk er namnet Foucault sette på korleis moderne statar forvaltar liv, helse og reproduksjon hos befolkninga si. Menneska er den ultimate ressursen og mange, produktive menneske gjer ein sterk stat. Då kan eg skjønne at Toje fortvilar over fallande fødselstal, men det er til sjuande og sist eit økonomisk problem som kan løysast med auka innvandring.
Toje skriv at vi må rydde nytt land og plante trær. Eg har ikkje noko i mot trær, men utsegnet er lasta med tunge maktpolitiske intensjonar. Kven sitt land skal ryddast? Kven skal rydda det? Foucault ville sagt at begge desse fråsegnene tvingar folk inn i ein statleg logikk der ein må vere produktiv for å vere ein god innbyggjar i staten.
Kravet om krav til oppførsel, patriotisk innhald og handling i kultur og skolevesen opnar ikkje berre for disiplinering av dei som ikkje oppfyller krava, men dei stiller krav til enkeltindivida om at dei skal forme sin eiga identitet og livsførsel på denne måten.
Foucault ville enkelt sett at Tojes «usynlege stoff» og «levande organisme» er ein diskurs. Ein nasjonal diskurs som er med på å forme korleis enkeltmenneske ser seg sjølv og andre. Og då er vi plutseleg midt i Foucault sin forståelse av fridom.
Han forstår fridom som individet si evne til å omskape seg sjølv i møte med diskursane i dei sosiale systema vi er ein del av. Det er ein ein kompleks forståing av fridom, fordi den forutsett ein kompleks forståing av maktrelasjonane individet er ein del av.
Hayek ville tenkt at dei biopolitiske maktgrepa i teksten til Toje ville ha peika mot ein autoritær stat. Ein kultur som byggjer opp under enkeltmenneska og sikrar at dei kan ta frie val i livet, er ikkje noko ein stat kan påføre ovanfra, men noko som veks organisk fram nedanfrå.
Ein robust nasjon
Toja ønsker seg ein robust nasjon, eit sunt folk i ein sunn nasjonalstat. Det får han ikkje ved å følge den nasjonalkonservative vegen. Det er det liberale demokratiet som legg grunnsteinane for slikt. Likskap for lova, demokrati, ein økonomi alle får delta i, marknadsløysingar og enkeltmenneske som står fritt til å omskape seg sjølv for å få eit godt liv er forutsetnader for økonomisk og kulturell styrke. Ikkje påtvungen nasjonalisme eller oppførsel.
Bibliografi
Foucault, Michel, Michel Senellart, François Ewald, Alessandro Fontana, Arnold I. Davidson, og Graham Burchell. Security, Territory, Population: Lectures at the Collège de France 1977-1978. Bd. 7. Lectures at the Collège de France 1977–1978. New York, NY, 2009.
Hayek, F. A. The Market and Other Orders. Redigert av Bruce Caldwell. Bd. 15. The Collected Works of F. A. Hayek. University of Chicago Press, 2017.
Hayek, F. A. The Road to Serfdom: Text and Documents-The Definitive Edition. Redigert av Bruce Caldwell. Bd. 2. The Collected Works of F. A. Hayek. University of Chicago Press, 2007.
Hayek, F. A. The Sensory Order and Other Writings on the Foundations of Theoretical Psychology. Redigert av Viktor J. Vanberg. Bd. 14. The Collected Works of F. A. Hayek. University of Chicago Press, 2017.
Hayek, F.A. The Fatal Conceit: The Errors of Socialism. Redigert av W.W. Bartley III. Bd. 1. The Collected Works of F.A. Hayek. 1988.
Norberg, Johan. Open: The Story of Human Progress. Atlantic Books, 2020.
Norberg, Johan. Peak Human: What We Can Learn from the Rise and Fall of Golden Ages. Atlantic Books, 2025.Sandbu, Martin. The Economics of Belonging: A Radical Plan to Win Back the Left Behind and Achieve Prosperity for All. Princeton University Press, 2022.


