I går skreiv Sebastian Damgård om kva organisasjonar som ikkje hadde livets rett. Han grunngav forslaget med at organisasjonar oppstår for å løyse eit problem, og han meinte organisasjonane han navnga hadde løyst problemet dei var laga for å løyse og burde derfor ikkje lenger eksistere.
Argumentet er djupt illiberalt. Eg hadde forstått det om han argumenterte for at dei ikkje skulle få støtte frå det offentlege, men det var ikkje det han skreiv.

Samfunn består av offentleg sektor, privat sektor og samfunnssektoren. Som individ høyrer vi med i samfunnssektoren. Organisasjonar blir skipa av individ som går saman for å løyse noko dei ikkje får løyst aleine. Organisasjonsfridomen er ein grunnleggande liberal rett. Organisasjonsfridom inkluderar retten til å organisere seg og retten til ikkje å bli med i ein organisasjon.
Vi brukar denne retten til å løyse alt frå å ha eit felles samfunnshus, møtast for å lære om og snakke om spesifikke idear, organisere leik for ungar eller forhandle om løn og arbeidsvilkår. Hjernene våre responderar på at ein gjer ting saman. Hjernebølgene våre synkroniserast når vi gjer ting saman. Vi er sosiale dyr, tross alt.
At eit menneske skal komme og diktere kva organisasjonar som har livets rett og ikkje er meiningsløst og illiberalt. Ein kan vere ueinig i føremålet med ein organisasjon, ein kan skipe organisasjonar som arbeider for det motsette føremålet, ein kan snakke ein organisasjon nord og ned, men grensa for eins eige engasjement stoppar der den krenkar andre sin rett til å engasjere seg.
Liberalarar er veldig opptatt av å sette grenser for staten sin makt. Ein av måtane ein gjer det i Norge er at ein engasjerer seg i organisasjonslivet. På tross av at den gjengse nordmannen er litt sta, eigen og helst vil sitte på sin lille eigedomsflekk og bestemme sjølve, så bor vi i eit land der natur og ver gjer at vi må samarbeide for å klare oss. Det er derfor vi er så gjennomorganiserte i dette landet. Kor mange foreiningar er du med i sjølv?
Eg har ein haug. Fagrørsla, Europarørsla, fleire lag i Noregs Mållag, Sopp- og nyttevekstforbundet, Historisk Forening, Botanisk Hages Venner, Foreningen Tryggere Ruspolitikk, aksjelaget eg bur i, garasjelaget, velforeininga der vi har hytte i Sverige, den lokale lysfiberforeininga, Human-Etisk Forbund etc. Lista er lang, og den burde vore lengre. Eg har enno ikkje meldt meg inn i ADHD Norge for eksempel. Eg har òg donert arbeidskrafta mi til Hjernerådet i året som gjekk, via Prosperastiftelsen, ein forening som organiserer prosjekt der ein kan gjere probono-arbeid for frivillige foreiningar.
Frivilligheita i Norge er viktig. Uansett kor sær og liten foreininga er, er ho eit viktig bidrag til demokratiet vårt. Dei bind oss saman og lagar arenaer der vi kan møtes og gjere ting saman. Hjernane våre får synkroniserte seg på den måten. I eit samfunn der ein snakkar om einsemd som ein samfunnsepidemi er det viktig å bli med på fellesskapsprosjekt, som for eksempel foreiningar.
Den norske staten har forstått kor viktige desse samanslutningane er som er grunnen til at etablerte organisasjonar blir oppmoda om å komme med innspel på utgreiingar og nye forslag. For all del, alle har rett til å melde sitt budskap til slike prosessar, men staten ber spesifikt om innspel frå dei relevante organisasjonane.
Individet sin avmakt er sjølve paradokset i liberalismen. Mennesket aleine er eit avmektig individ. Det er derfor liberalismen på ulike måtar har definert rettar som kvart enkelt menneske skal ha i møte med samfunnet, staten og marknaden. Vi har bygd eit samfunnssystem der det enkelte mennesket skal ha styrke til å ta frie val.
Organisasjonslivet er ein forlenging av den makta vi vil at individet kan ha. Ikkje berre det, men det er ein grunnleggjande rett i eit demokratisk samfunn. Eit anna poeng er at ingen siger er evig i eit samfunn. Kvart einaste demokratiske samfunn skipas på nytt, kvar dag, Det burde liberalistar vite, sidan dei har erfaring med å lære bort liberale idear til andre menneske i kvar einaste samtale dei har.


