Mens krigen i Ukraina held fram, har Russland sett inn ressursar på å demontere demokratiet i eit anna naboland ved Svartehavet, nemleg Georgia. Utviklinga har gått fort, spesielt sidan det politiske partiet Georgisk Drøm erklærte siger etter valet hausten 2024, på tross av store protestar og innsigelser mot valfusk.
Eg har fått følgje den demokratiske kollapsen i Georgia saman med George Lomsadze, ein journalist eg studerte journalistikk saman med i USA i 2004-2006. Heilt sidan han kom heim frå USA har han skrive for den engelskspråklege avisa Eurasianet. Den siste artikkelen har skreiv for Eurasianet er datert 15. 2025.

Eg skal ikkje ljuge. Det var mørk lesing dei siste åra, men eg kjenner på ein plikt til å lese alt det mørke sånn at eg vitnar menneskefiendeskapen som sprer seg i verda no. Det er ein av tinga eg kan gjere for å vise motstand. Eg kan vitne det og eg kan fortelje det vidare. Vi kan ikkje lukke auga for det som skjer.
Det er ikkje alt George Lomsadze har skrive om som har vore mørkt. Han er ein varm og livsglad fyr som omfamnar verda i all si fargerike galskap. Han kan nemleg vere spøkefull og leken til tider. Det er nok sånn han helst vill vere. Eg har smilt meg gjennom reiseskildringar, skildringar av dyr han med glede og gru har observert i hagen sin og bedt norske journalistar på tur til Tiblisi ta kontakt med han. Men dei siste åra har vore mørke. Som han skreiv i oktober i fjor «Eg vart født i et diktatur. Eg såg det falle og trudde ikkje eg sjå det reise seg igjen, men det kom tilbake.»
Med dette bakteppet gleda det meg stort då han for rundt ein månad sidan begynte å skrive igjen. Han har lansert nyhendebrevet Tamada Tales på Substack, i digitalt eksil, som han kalla det. Det er ikkje nokon pressefridom i Georgia lenger, men det er journalistar som har valt å ikkje reise derifrå, enno. Som George sjølv skriv «Enten vender eg tilbake til arbeidet som definerer kven eg er, eller så må eg bli nokon annan på ein anna stad.»
Tamada Tales heiter Substacken til George. Eg måtte slå opp kva tamada kunne vere for noko, og det er ein georgisk versjon av symposiarken frå symposia til Platon og Xenofon. Tamadaen er ein form for toastmaster eller vert som leiar festivitetane. Han underheld, stiller krav til dei andre gjestane om å kome med sine bidrag til underhaldninga og styrar heile gildet. Det er ein rolle eg kan sjå for meg George gjere med stor innleving og dugleik.
Men for at han skal få til dette, må han ha abonnentar. Så derfor spør eg, kan du tenke deg å støtte ein georgisk journalist som vil halde fram med å rapportere frå eit land der innbyggjarane framleis vil ha fridom og demokrati, sjølv om leiinga i landet skor seg på å vere Putins handlangarar? Ein hundrelapp i månaden går langt, det skal ikkje så mange av oss til for å sjå til at han får eit levebrød han kan overleve på. Gjer det eit par månader i alle fall, så han får kome seg skikkeleg i gang med sine Tamada Tales.


