Kommentar

Blir vi vel skatteforlikte i dag?

Eg har ikkje store trua på det, det må eg innrømme. Klokka 10 i dag, onsdag 24. juni, legg Regjeringa si skattekommisjon fram sine konklusjonar

Rett før jul i fjor utnemnde Støre-regjeringa ved finansminister Jens Stoltenberg ein skattekommisjon. Etter fleire år med uforutsigbar skattlegging av næringslivet skulle regjeringa finne ein omforent «trygg og forutsigbar» skattereform, som kunne stå seg i nokre tiår, uavhengig av Stortingsfleirtalet.

Jens Stoltenberg legger fram den nye skattekommisjonen. Foto: Ida Laingen, Finansdepartementet.

Målet for kommisjonen var å sjå på heile skattesystemet og foreslå endringar som:

  1. Sikra at skattane på norsk næringsliv er konkurransedyktige.
  2. Tilpasse skattesystemet til manglande arbeidskraft og at vi blir fleire eldre samanlikna med dei som arbeider, at vi får større tryggleikskostnadar på grunn av samanbrot i internasjonale ordnar, at produktiviteten i norsk arbeidsliv ikkje veks like fort som før, ein venta nedgang i oljeinntektene og kostnadene med omstilling til det grøne skiftet.
  3. At eit fleirtal på Stortinget kan stille seg bak heilskapen i forslaget. 

For at ein skulle oppnå målsetting tre, bad regjeringa partigruppene i Stortinget om å foreslå medlemmer. Gruppa består primært av erfarne politikarar med fartstid frå finanskommiteen på Stortinget eller økonomar med orden i partiboka.Berre åtte av dei ni stortingspartia bestemte seg for å bli med, når Støre-regjeringa inviterte til forliket. FrP valde å stå utanfor. Ei veke før kommisjonen skulle legge fram rapporten sin, valde Raudt å gå ut av kommisjonen.

Her er kva vi bør sjå etter i morgon:

  1. Formuesskatten var den store valkampsaken i valkampen i fjor. Av dei 5,7 millionar menneska som bur i Norge, er det rundt 700 000 av dei som betalar formuesskatt. Om ein skal lytte på dei lekkasjane som har vore, inkludert Raudts høglydte fråtreden frå kommisjonen, så vil den gå ned.
  2. Det bør vere ein nedgang i skatt på inntekt. Vi har mangel på arbeidskraft i Norge, og det er ikkje lurt å legge skatt på knappe ressursar vi trenger meir av. Derfor bør vi òg legge til rette for arbeidsinnvandring, men det ligg utanfor mandatet til skattekommisjonen. No har skatt på arbeidsinntekt gått ned rundt fire prosent det siste tiåret, og det bør gå lenger ned. Torvik-utvalet foreslo nedgang på inntektsskatten for seks år sidan. Det var ein reint økonomifagleg kommisjon. Dei mente at ein skulle bruke pengar frå Oljefondet for å finansiera det, som både fagøkonomar og folk flest kan stille seg bak, sjølv om Stortinget altså held fram med å bruke Oljefondet til å få offentleg sektor til å vakse.
  3. Vi må bruke skattepengar og Oljefondet til å finansiera infrastrukturbygging og omlegging til det grøne skiftet, snarare enn å drive med «oljepakker» som gjer at arbeidskraft blir ståande i stortingsfinansierte oljebobler slik ein gjorde under pandemien. 

For nokre månader sidan held eg foredrag for ungdommane på skolen eg jobbar på om korleis dei skulle bli rike. Det finst to norske modellar, den eine kjenner dei fleste av oss:

  • To vanlege lønningar
  • Fornuftig forbruk
  • Spare resten
  • Spare mest i bolig

Den andre er meir lukrativ. Det er å arve. Blant dei 300 rikaste i Norge har to av tre arva. Berre 100 av dei har laga formua si sjølv. Denne mekanikken skapar ei sosial deling i Norge som ikkje er godt for demokrati og samhald.

Derfor er min store brannfakkel inn i skatteforliket at vi må få på plass ein arveskatt med eit stort frådrag i botnen av skalaen igjen. Det er ikkje bra for Norge at det blir så stort strekk i laget.

Mest lest