Kommentar

Staten vil sjølvsagt følgje opp dommen lojalt…

Det var kva Karen Mellingen frå Regjeringsadvokaten sa til NTB etter at Høgsterett slo fast at Staten gjorde feil då han tillèt å tømme gruvemassar i Førdefjorden førre veke. I same pressemelding sa ho at Nordic Mining kunne halde fram med å dumpe gruveavfall i fjorden.

Det er ikkje første gangen Staten tar dommar frå Høgsterett til etterretning, utan at dei endrar åtferd av den grunn. Fosen-saka er ein av dei første eg kan komme på. Det har vi nå pågåande menneskerettsbrot gåande på femte året, og då har vi ikkje tatt med korleis dyra lider av for lite mat. Det har altså komme fleire slike saker dei siste åra, der Staten berre held fram utan omsyn til Høgsterettsdommar.

Det er ingen tvil om at ein slik åtferd strid mot rettsoppfatninga til folk. Det sementerar og forsterkar i oppfatning om at Staten kan få ture fram som dei vil, mens «vanlege folk» må gjere som dei får beskjed om.

Bergen Natur og Ungdom demonstrerer mot at Nordic Mining skal få utslippstillatelse foran Gulating lagmannsrett i februar 2026. Foto: Bergen Natur og Ungdom.

I dette tilfellet får Nordic Mining halde fram med å dumpe miljøgifter i Førdefjorden, noko som endrar levevilkåra for dei artane som bur der, mens Staten ryddar opp i sine feil. Det kan ta år, og vi skal vere takksamme som har ei utålmodig miljørørsle på saka.

Det kan bli litt meir trykk på Staten denne gangen, samanlikna med Fosen-saka. ESA-domstolen har nemleg lurt på kva i hulaste Staten held på med. Spørsmåla deira kan kanskje hjelpe resten av oss å få litt oppklaring i kvifor Staten ikkje setter ein stopp for pågåande rettsbrot når dei blir dømde for slett sakshandsaming. Dessutan kan det òg få konsekvensar for Nussir sine utslippst

Mellombels har Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Norske Lakseelver meldt Nordic Mining til Økonkrim for forureining, sidan dei ikkje har gyldig utsleppstilstånd.

Mest lest