Er det eit problem at leiaren av Stortinget sin justiskomite bagatelliserer forsking på høgreekstremisme i beste morgonsendetid på NRK?
Det var eit litt uvanleg Politisk kvarter som gjekk av stabelen i går morgon. Det er nemleg ikkje så ofte forskarane diskuterar direkte med politikarane, men det gjorde Anders Ravik Jupskås, som er senterleiar ved Senter for ekstremismeforskning (C-REX) ved Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo. Han møtte FrP sin justispolitiske talsperson, Jon Helgheim som altså er leiar i justiskomiteen på Stortinget. Temaet for sendinga var høgreekstremisme eller legitim uro?

Jupskås presenterte den nye boka han var redaktør for, Høyreekstremisme i Norge etter 22. juli. Han er ei solid innføring i norsk høgreekstremisme i samtida, og han er skriven med eit språk som gjer at oss vanleg lesarar kan forstå innhaldet.
Forskarane har kome fram til ein definisjon på høgreekstremisme som inkluderer kjenneteikn som må vere der samstundes. Eg har markert dei i fet skrift: «Høyreekstremisme er en illiberal politisk ideologi som vil undergrave eller erstatte demokratiske institusjoner med et autoritært system, basert på ekskluderende forestillinger om «rase», etnisitet eller nasjon. Den kjennetegnes av sterk identifikasjon med en «inn-gruppe» som oppfattes som truet av ulike «ut-grupper», og legitimerer derfor diskriminering og i ytterste konsekvens vold mot disse gruppene.»
Ein må altså vere illiberal og antidemokratisk, ein skil mellom oss og dei med utgangspunkt i tilhøyre som ein ikkje sjølv har kontroll på og ein må vere villig til å nekte minoritetar dei same rettane som majoritetsbefolkninga og vere villig til å utøve vold for å beskytte majoritetsbefolkninga si rett til å skeivbehandle minoritetane.
Tre ideologiske straumdrag
Blant høgreekstremistiske miljø i Norge i dag finst det tre ulike ideologiske straumdrag. Nasjonalsosialistar vil beskytte majoritetens biologi frå forureining, etniske nasjonalistar vil beskytte majoritetsbefolkningas kultur og identitet frå forureining og dei islamfientlege som vi beskytte majoritetsbefolkninga mot totalitær islam.

Den nordiske motstandsbevegelsen er den einaste nasjonalsosialistiske rørsla i Norge i dag. Dei har jødar som ytre fiender og meinar marxister, raseforrædere, ikke-ariske innvandrere, skeive og femtekolonniste er indre fiender. Dei meinar altså at det finst raser blant menneska og at dei ikkje må få barn saman, fordi det vil føre til samfunnskollaps.
Etniske nasjonalistar trur at samfunnskollapsen vil kome dersom vi blandar kultur og identitet med andre folkeslag. Det som skil etniske nasjonalistar frå dei muslimfiendtlege er at dei ikkje vektlegg religion, og frå nasjonalsosialistane med at dei ikkje vektlegg biologi. Etniske nasjonalistar vil ofte kallast identitære i samfunnsdebatten.
Dei tydelegaste representantane for desse straumdraga er forlaget Legatum, det høgnorske tidsskriftet Maalmannen og einmannspartiet Alliansen. Legatum har òg vorte meir involvert med studentforeninga Foreningen for alle konservative studenter (Faks) dei siste åra. Deira ytre fiende er folk som har ein ikkje-vestleg kultur eller etnisitet, og deira indre fiender er den liberale eliten, storkapitalistar og andre som er for opne grenser.
Det er ikkje nokre tydelege representantar for det transnasjonale islamfientlege straumdraget i Norge, men dei har vore her lenge og har vorte meir ekstreme dei siste åra. Dei har gått frå å vere talspersonar for innvandringsstopp frå muslimske land til no å ville ta fra muslimar det norske statsborgarskapet sitt og sende dei ut av Norge med tvang. Deira ytre fiende er muslimar, og dei indre fiendane er den multikulturelle eliten, kulturmarxistar og dei politisk korrekte.
Fire former for illiberalisme
I januar 2024 publiserte det skeive magasinet Blikk ein artikkel eg hadde skrive om varselsignala om at dei politiske partia på høgresida var på veg lenger mot høgre, og ikkje på ein måte som liberale ville sette pris på. I artikkelen fokuserte eg primært på det forfattarane av boka kallar for antigender, altså motstand mot likestilling mellom kjønna og skeives rettar. Både Høgre, FrP, SP og spesielt KrF har omfavna saker som trugar skeive sine rettar i Norge. Likestillingspartiet KrF har forsvunne heilt.
Antipluralisme er motstand mot mangfoldspolitikk og innvandring. Forfattarane peikar på at motstand mot innvandring i seg sjølv ikkje er antiliberalt, men gruppebaserte begrunningar for kvifor ein ikkje skal ha innvandring kan vere illiberale. Helgheim beveger seg på grensa, men tippar ikkje over når han snakkar om import av utanlandsk gjengkriminalitet i intervjuet på Politisk kvarter.
Eg har tidlegare skrive her i Liberaleren om korleis MAGA-rørsla og Trump angrip tradisjonelle kunnskapsberande institusjonar og lever i ei verd der det ikkje finst nokon felles definisjon av sanning. Antiintellektualisme er eit av dei fire formane for illiberalisme. Helgheim viste tydelege teikn på slike haldningar i går morgon. Han seier fleire gonger at forskarane sine spørsmål er dårlege, at dei ikkje måler det dei trur dei måler, det for lite forsking på islamisme etc. utan å gje gode grunnar for kritikken av forskinga.
Den siste forma for illiberalisme er antiglobalisme, altså mot internasjonale avtaler og organisasjonar. Det har jo tidlegare vore bråk når PST har tatt med motstand mot EU som moglege kjenneteikn på politisk ekstremisme. Det er ikkje slik at EU-motstand i seg sjølv er eit problem, men høgreekstreme ser på internasjonalt samarbeid som ein trussel mot økonomisk sjølvstyre gjennom frihandel, og meiner det vil føre til kulturblanding og tap av suverenitet.
Det desse straumdraga har til felles er at dei sett kollektive rettar over universelle rettar og dei utfordrar grunnprinsippa i det liberale demokratiet. Etter definisjonen i boka er det 3,5 prosent av den norske befolkninga som fell i kategorien høgreekstrem. Då har dei gitt høg skår på desse fire påstandane:
- Vald mellom ulike etniske og religiøse minoritetar er stort sett uunngåeleg
- Norge er i ferde med å bli eit lovlaust samfunn.
- Norge er berre for kvite folk.
- Det er greit å bruke vald for å forsvare norsk kultur.
Forskarane har funne ein tydeleg samanheng mellom lågt utdanningsnivå og ekstremisme, og det er fleire menn enn kvinner som høyrer til kategorien. Dei skriv at fire av ti har nasjonalistiske eller populistiske tendensar når dei brukar ein inkluderande definisjon, men når dei ser på sterk støtte til slike tendensar går talet fort ned.
Er Jon Helgheim eit problem?
No som vi har sett litt på korleis forskarande definerar høgreekstremisme, kan vi ta ein ny titt på spørsmålet mitt: Er det eit problem at leiaren av Stortinget sin justiskomite bagatelliserer forsking på høgreekstremisme i beste morgonsendetid på NRK?
Svaret er ja. Ja, eg meiner det. Helgheim er av dei politikarane i FrP som heile tida balanserer på ein knivsegg i spørsmål om innvandring, minoritetstrettar og antiintellektuelle haldningar til forsking på feltet. Han klarar seg best i debattar der han kan skli på generelle argument, og ikkje gå så djupt i detaljar.
Lila Sølhusvik spurte Helgheim dei fire spørsmåla. Eg trur han når han emfatisk seier nei på spørsmålet om Norge berre er for kvite folk, men på dei andre spørsmåla vart det vanskelegare. Han seier han ville ha skåra høgt på at det er greit å bruke vald forsvare norsk kultur, at han ikkje vil gi noko tal på påstanden om at vald mellom etniske og religiøse minoritetar stort sett er uunngåeleg og at han ville gitt ein høg skår på at Norge er ferd med å bli eit lovlaust samfunn sjølv om han sitt i justiskomiteen og veit at det ikkje er sant.
Han avfeiar det heile med at det er mange som ville ha tolka spørsmåla som han gjer, men forskaren peikar på at det berre er ein annan person som har svart som han i undersøkinga. Helgheim er jo ingen dum fyr, det må vere høgst ubehageleg å gjere seg til talsperson for slikt antivitenskapeleg tull.
Samstundes er han jo Schrødinger sin politikar på desse spørsmåla, sidan velgjarar som har slike meiningar elskar han og han likar å gje dei nokre godbitar å tygge på. Sist han gjorde det, posta han usladda bilete av mindreårige gutar som banka opp ein russ, utan å tenke to gonger på om det kanskje ikkje er noko leiaren av justiskomiteen bør gjere. Kommentarfeltet på den posten var så fylt med grov rasisme og oppfordringar til vald at Filter Nyheter valde å skrive om det. Filter er nok den redaksjonen i Norge som kan mest om heimleg høgreekstremisme.
Vi får berre sjå om Helgheim klarar balansen som Schrødinger sin politikar, sidan det ikkje har vore rom for brune haldningar i FrP på nokre år. Men no veit du kva hundefløyter du skal sjå etter, så får du bestemme sjølv.

Du kan laste ned boka Høyreekstremisme i Norge etter 22. juli gratis som pdf eller epub via heimesida til Scandinavian University Press.


