Hougen held fram med å påstå at Thea Joramo Lysne frå Agenda har kalla Sverigedemokraterna (SD) for høgreekstremt. No meiner han at eg har gjort det òg. Korkje eg eller Lysne har brukt den merkelappen. Det vi båe har gjort er å peike på at åtferda deira kan utgjere ein trussel mot demokratiet. Det er ein viktig forskjell på dei to standpunkta. Høgreekstreme parti er villige til å bruke vald som politisk verkemedel. Det er berre ein måte å truge demokratiet på.
Det eg ikkje forstår er korfor Hougen brukar tid på å forsvare SD i første omgang. Det spørsmålet stilte eg òg i det første innlegget eg skreiv. I staden for å svare på det, gjentar Hougen metoden han brukte i innlegget mot Lysne, nemleg å kome med påstanden om at ho har kalt partiet høgreekstremt for så å argumentere mot det han meiner ho har sagt. Det er ein klassisk stråmann. I staden for å ta tak i argumentet ho faktisk kom med, argumentarar han mot poenget han meinte ho, og nå eg, har kome med. Ingen av oss har kalla SD høgreekstremt.

Om ein er oppteken av å beskytte demokratiet, er Hougens strategi eit blindspor som den moderate høgresida har gått i mange gonger dei siste tiåra. Det var ein snubletråd som Minerva sin redaktør, Nils August Andresen, snubla hardt i for to veker sidan. Etter å ha gått nokre tilleggsrundar, rydda Andresen skikkeleg opp etter feilsteget i Politisk kvarter i artikkelen Populistene kan slås.
I den artikkelen tek Andresen fram det eg etterlyste i min tekst, nemleg ein strategi for korleis den moderate høgresida kan slå tilbake mot høgrepopulistar og høgreradikale. Høgrepopulistar byggjer si oppslutning på å dyrke problembeskrivingar. Dei legg skylda på ein gruppe i samfunnet og definerer dei som ei utgruppe som ikkje høyrer med i fellesskapen vår. Så lagar dei politikk som rammar rettane til utgruppa.
Andresen har heilt rett i at ein ikkje kan stogge dei med brannmurar. Ein må engasjere dei på ein eller annan måte, slik svenske politikarar endeleg gjorde i Tidø-samarbeidet. Den moderate høgresidas allierte i slikt arbeid er den moderate venstresida. Det er dei moderate kreftene på båe sider av det politiske spektrumet som er allierte når kampen står om demokratiet i eit liberalt demokrati. Det hjelper det ikkje å leggje seg nært opptil høgrepopulistanes strategi.
Mitt hovudpoeng var altså at Hougen og Andresen sløste bort tida si med eit forsvar av SD. Andresen har gjort grep, Hougen held fram med å sable ned stråmenn. Korkje eg eller Lysne har kalt SD høgreekstreme, og det faktumet endrar seg ikkje uanset kor mange gonger Hougen påstår at det er sånn.


