Magasin

Unge Venstre er klar for kamp om skolen!

Unge Venstre sitt landsmøte er i gang i Oslo. Det var ein kamplysten Omar Svendsen-Yagci som opna landsmøtet med å liste opp utfordringane norske ungdommar møter på veg inn i vaksenlivet. Klimakrise, dårlegare økonomiske føresetnader enn foreldra, auka intoleranse og dårlegare utdanningsresultat er utfordringar som må møtast for å lage  rom for ein rikare verd der enkeltpersonar har fleire moglegheiter og større fridom.

Omar Svendsen-Yagci under åpningstalen på landsmøtet i Unge Venstre 2026. Foto: Lene Johansen.
Omar Svendsen-Yagci under åpningstalen på landsmøtet i Unge Venstre 2026. Foto: Lene Johansen.

Han trakk fram at det er liberalarar som har skipa det moderne Norge. Dei har fronta store og viktige reformar i historia. Nokre av eksempla han trakk fram var at Venstre kjempa fram allmenn skolegang, ein arbeidsdag på åtte timar, erstatta kongemakt med folkemakt og stemmerett for kvinner. Det var denne stafettpinnen han ville at landsmøtet skulle ta med seg inn i framtida.

Fridomsreform i skolen

Størsteparten av innlegg vart via til ein fridomsreform i skolen der hovudmålet var ein skole innretta for eleven, og ikkje omvendt.

Av dei du spela fotball med første skoledag, kjem ein av fem til aldri å fullføre vidaregåande skole, sa Svendsen-Yagci.

«Vi har prøvd neste alt. Vi har prøvd ein rigid fråværsgrense. Vi har prøvd å tilsette tusenvis av ufaglærte lærarar. Vi har prøvd skjermforbod. Det har ikkje funka! Det vi ikkje har prøvd er ein fridomsreform.» 

Meir valfridom var kongstanken, at elevar skal få valfag allereie frå første klasse. I forslaget til politisk plattform har dei foreslått å fjerne faga kunst og handverk, musikk og framandspråk for å skape rom for valfag, men forslaget seier lite om kva valfag som skal inn i staden for desse faga. Eleven skal ha ansvar for sin eigen timeplan.

Svendsen-Yagci slo fast at dei faga eleven vel sjølv er meir verdifulle enn andre fag nettopp fordi eleven har valt dei sjølv. Valfridomen har ein eigenverdi. Eleven sjølv veit kva dei synest er interessant og kva kompetanse dei ønsker seg i framtida. «Faga elevane vel sjølv gjer meir læring, meir motivasjon og meir glede,» sa han.

Vekk med fråværsgrensa!

Det var Høgre og FrP som innførte fråværsgrensa som pressa dei svakaste elevane ut av skolen for ti år sidan sa Svendsen-Yagci. Arbeidarpartiet hadde stramma inn grensa og resultatet er at fleire av dei som kunne ha fullført i staden blir skoletaparar. Unge Venstre vil fjerne heile fråværsgrensa.

Meir arbeidserfaring, tidlegare

Norge treng meir arbeidskraft, samstundes som mange ungdommar ikkje får moglegheit til å få seg arbeidserfaring på grunn av dumme reglar. Kvifor skal ikkje ein 16-åring få lov å skanne ein snusboks eller ein pils for kundar som skal igjennom kassa på Kiwi spurte Unge Venstre-leiaren. Slike dumme reguleringar kan fjernast meiner han.

I tillegg ville han at vi skulle sjå til Sverige. Der har dei kutta i arbeidsgjevaravgifta som har gjort at fleire unge har fått seg jobb. 

Meir toleranse

Grunnprinsippa i Unge Venstre er toleranse og liberalisme. No som verdikonservative og rasistar tek større plass i offentlegheita er organisasjonen ein viktig motrøyst. Svendsen-Yagci avslutta talen sin med å erklære at dei skal ver ei enda viktigare kraft i kampen for norske, liberale verdiar.

Det var oppgåva han gav ungdommane i organisasjonen sin i landsmøtets opningstale. Mange av dei kjem til å stå på vallistene neste haust, og vil vere i ein posisjon til å skape friare lokalsamfunn og fleire moglegheiter for unge som har store draumar. 

«Vi skal bygge en skole som gir alle elever friheten de trenger for å lykkes.
Vi skal skape et arbeidsmarked som gir unge lov til å jobbe.
Vi skal forsvare alle sin rett til å leve uten hat og fordommer for å være seg selv.
Vi skal gjøre Norge grønnere, med mer fornybar energi, grønne jobber og der det klimavennlige alternativet lønner seg.
Vi skal samarbeide mer med Europa, fordi vi vet at grenseløse utfordringer, krever grenseløse svar,» avslutta han til jublande applaus frå salen.

Se vår side med alt stoff om Unge Venstre

Mest lest