Ukategorisert

Er debatten over?

I januar held fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ein tale der ho ba om ein “brei diskusjon om grunnleggjande rettsstatsverdiar som personvern” og at folk “må bry seg”. Det ho refererte til er sjølvsagt Datalagringsdirektivet. Men kvar er debatten i dag?

Dagens gjesteskribent tar til orde for en bloggerdugnad mot datalagringsdirektivet, søndag 16.november kl. 1700.

Av Geirmund Knutsen

Debatten så langt
Ein får eit inntrykk av det politiske bildet på regjeringen.no der direktivet er nevnt 24 gonger sidan 2006. Som forventa advarer Datatilsynet (som personvernbeskyttar) gong på gong mot direktivet; Utenriksdepartementet (som statsbeskyttar) forsvarer direktivet; og alle andre gøymer seg bak muligheten at direktivet ikkje vert innlemma i EØS-avtalen. Det er ikkje tvil om at Datatilsynet har teke godt vare på rolla si som personvernar i Noreg i denne debatten. I tillegg har datalagringsdirektivet.no teke eit flott initiativ, men andre har og gjordt sitt.

Det er vanskeleg å måla verdien av Liberalerens epostkampanje, men dei 189 kommentarane som er på sida gjev eit svært godt inntrykk. Facebookgruppa Nei til Datalagringsdirektivet har så langt 17533 medlemmar. Eit imponerande tal, men den siste eventen (25 oktober) ser ikkje ut til å ha hatt nokon effekt. Vox Populi sitt opprop til Samferdselsdepartementet har no nådd 11333 underskrifter. Det er det åttande største, men viss ein ser på utviklinga får ein inntrykk av at debatten er over.

Utfordringar
Det er mange grunnar til at debatten rundt Datalagringsdirektivet har stilna sidan januar:

– Lite plass – Finanskrisa har teke opp usedvanleg mykje spalteplass dei siste månadane. Folk fryktar fattigdom meir enn noko anna.
– Lite publikum – Det er nok sannsynleg at kampanjen så langt (blogg, facebook) har ein innebygd teknofobisk begrensing. Av dei 1,4 millionar nordmenn som er på facebook er 70% under 30 år, og 90% under 40 år.

Trenden i mediabildet er nokså klar visst ein ser på antall artiklar dette året. Men dette betyr ikkje at folk ikkje bryr seg – eg trur heller det er eit resultat av at folk ikkje veit. Datalagringsdirektivet er ei svært komplisert sak, men visst ein berre forstår innhaldet, bør det vera eit produkt som sel seg sjølv. Men kva skal ein gjera for å auka forståinga, eller som Heidi Grande Røys sa det, ” bevisstgjere allmenta”?

Den nye mediamodellen
Me som eksisterer i blogosfæren forstår det potensiale internett har for kommunikasjon. Etter å ha jobba åleine er det på tide at me samlast for å realisere noko av det potensialet som så ofte er kritisert av tradisjonelle medier. Me er nok alle enige med Jeff Jarvis som seier at “det for mykje repetisjon og for lite læring i den gamle mediamodellen, mens den nye modellen vert bygd på samarbeid, open distribusjon og betre organisering”. Det er opp til oss å byggja denne modellen.

Dugnad.eu
For å auka kunnskapen rundt tema som Datalagringsdirektivet og for å skapa meir informerte debattar, har eg sett opp ein dugnadsplass på internett. Målet med dugnad.eu er:
– å byggje opp eit nettverk for å stå samla rundt eit tema;
– å kombinere moderne og tradisjonelle verkemiddel for å nå folk;
– å halde folkemøter som informerer, underheld og skapar samhald.

Søndag (16 november) klokka 1700 er det Bloggerdugnad på dugnad.eu for å diskutera korleis me kan få i gong igjen debatten rundt Datalagringsdirektivet – alle er velkommen. Abonner på e-post eller RSS så får du ei påminning søndags morgon. Eg håpar du vert med og tar i eit tak.

geirmund
Dugnadsmester
www.dugnad.eu
hugnad@dugnad.eu

Geirmund Knutsen er skribent og teknofil, bosatt i London.
MA European Thought, UCL, London.
MSc Mathematics, Imperial, London.

0 0 vurdering
Vurdering
1 Comment
Inline Feedbacks
View all comments
trackback
11 years ago

[…] Søndag kveld er dugnadskveld og du er hjerteleg velkommen. Trekk kaffi, sett deg til rette og bli med å diskuter Datalagringsdirektivet. Visst du har tid, les kvifor me bør samlast for å ta i eit tak: Er debatten over? […]