Ukategorisert

Sveinung Rotevatns appel fra demo’en mot DLD

Vi publiserer her Unge Venstre-leder Sveinung Rotevatns appell, som han holdt under onsdagens tverrpolitiske demonstrasjon fra de partipolitiske ungdomsorganisasjonene. Unge Venstre var det første av ungdomspartiene som tok stilling mot datalagringsdirektivet.

av Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre.

Kjære politiske vener, og politiske fiendar

I dag står vi saman. Uavhengig av syn på miljøpolitikk, asylpolitikk, EU-spørsmålet, helsepolitikk, skulepolitikk – står vi saman i kampen for personvernet, i kampen mot datalagringsdirektivet.

Og det er det som gjev meg håp. For sjølv om dagens politikarar sit der inne på Stortinget og ser ut til å ville presse gjennom DLD med knappast mogleg margin, står morgondagens politikarar her ute. Og her går det ikkje på marginar, her står vi samstemte på personvernet si side.

Morgondagens Storting ville aldri funne på å gjere det dagens Storting er i ferd med å gjere. Fordi ungdom i dag har personvern i ryggmarga, fordi vi har vakse opp med internett og mobiltelefonar, fordi vi veit at for dagens og morgondagens generasjonar er lagring av kva vi gjere elektronisk like inngripande som lagring av kva vi gjere fysisk.

Vi lever liva våre meir og meir digitalt, men også i den digitale verda har vi krav på privatliv. I ei digitalisert verd set ikkje lenger teknologien sine eigne grenser, vi må inn og setje grensene for teknologien, på vegner av personvernet, på vegner av oss alle.

At dagens ungdom har denne bevisstheita er oppløftande. At EU kanskje kjem til å trekke tilbake og endre direktivet, fordi det rett og slett ikkje funkar, er oppløftande. Men det betyr ikkje at det er ubetydeleg kva som skjer i stortingssalen på måndag. Det er ikkje ubetydeleg at Høgre og Ap ser ut til å tvinge direktivet gjennom.

Fordi det som gjer spørsmålet om datalagringsdirektivet spesielt er ikkje kva konsekvensar denne nedsablinga av personvernet får i morgon. Det er kva konsekvensar det får i overimorgon.

For datalagringsdirektivet handlar grunnleggjande sett om å bryte prinsippet om at alle er uskuldige til det motsette er bevist. No blir det ikkje lenger krav om mistanke før ein byrjar å samle inn informasjon om ditt privatliv, no er det nok at informasjonen lar seg samle inn.

DLD er ein døropnar, ein døropnar som slår døra på vid gap, og som kanskje gjer ho umogleg å lukke. Kvar gong personvernet taper ein kamp, blir grensene flytta. Og kvar i alle dager skal grensa gå etter dette? Kva skal Stortinget seie dersom politiet ynskjer at alle brevpost skal registrerast, at alle busspassasjerar skal registrerast, at alle bompasseringar skal lagrast i minimum 6 månadar.

Kva skal Stortinget seie? Dei har jo allereie gjennomført det same prinsippet for elektronisk kommunikasjon. Slusene er opna, personvernet er redusert til ein verdi som, for å sitere Martin Kolberg, «ikkje kan trumfe alt». Og til slutt kan det ikkje trumfe noko som helst.

Men om slik register først blir innført, kan sikkert politikarane berolige oss med at reglane rundt handteringa av informasjonen blir så omfattande at dette i realiteten er ei styrking av personvernet. Det er som å gjere det obligatorisk for alle å hoppe i fallskjerm, men å gjere kontrollen av skjermane så streng at det i realiteten er snakk om ei styrking av din tryggleik. Å putte sminke på grisen kan sikkert gjere han mindre stygg, men det er framleis ein gris. Å argumentere for noko anna er grunnleggjande ulogisk, det er nytale, det heng ikkje på greip.

Eg erkjenner at massiv overvaking kan føre til mindre kriminalitet. Jens og Erna treng ikkje overbevise meg om dette, det har totalitære regime gjort mange gonger før. Spørsmålet er kvar vi set grensa mellom omsynet til kriminalitetsbekjempelse og vanlige folk sitt privatliv.

Tilhengjarane prøver å fortelje oss at vi, som er motstandarar av datalagringsdirektivet, er for at Noreg skal bli ei frihavn for barneporno, terror, pedofile nazistar og det som verre er. Nei, vi er også motstandarar av kriminalitet. Men vi vil ikkje bu i eit samfunn der vi lagar reglar ut frå det verste som bur i menneske, og så lar desse reglane gjelde for alle. Vi vil bu i eit samfunn der staten stolar på sine eigne borgarar.

Difor er mitt bodskap til stortingsrepresentantane dette: Gløym partipisk, gløym frykt for EØS-veto. Stem etter hjartet, stem etter eige samvit. Vi her ute støttar dykk, ungdomen støttar dykk, framtida støttar dykk. Stem for eit liberalt demokrati, for eit fritt samfunn og for ei framtid utan overvaking. Stem mot datalagringsdirektivet!

Rotevatns blogg finner du her.

Mest lest

Arrangementer