Ukategorisert

Politisk rollebyte

Har du drømt om å se Sveinung Rotevatn som AUFer? Forhåpentligvis blir drømmen aldri til virkelighet, men de som opplevde debatten på Blindern fikk oppleve en rød Unge Venstre-leder.

Rotevatn har lagt ut åpningsinnlegget i rollebyttedebatten. Innlegget er ikke spesielt godt, men det er bedre enn det mange AUFere presenterer når de har sjansen.

Innlegget er publisert på Politisk.no.

«God dag, kameratar

Eg meldte meg inn i AUF for nokre år sidan, då Jens Stoltenberg ville byggje forureinande gasskraftverk, kaste ut asylborn og bore i Lofoten og Vesterålen. Det var AUF mest mot, så det vart det naturlege valet for meg.

Det var først og fremst verdiane som var avgjerande for at eg valde AUF framfor desse andre partia som er her i dag. AUF er nemleg mot rasisme. Og AUF er mot mobbing. Og AUF er mot at folk er slemme med kvarandre. Og så er vi for rettferdigheit, for kollektivtrafikk og for velferd.

Difor er eg sosialdemokrat. Denne stolte folkerørsla, som gjennom vår moderne historie har bygd landet. Det var Arbeidarpartiet som fann på velferdsstaten, og som innførte denne etter krigen. Det var vi som gav vanlege arbeidsfolk stemmerett, og 8-timars arbeidsdag. Det var vi som innførte parlamentarismen, og frigjorde oss frå danskane og vedtok Grunnlova i 1814. Det var Einar Gerhardsen som stod opp for vanlege arbeidsfolk, og avverga atomkrig. Det var Gro Harlem Brundtland som vart vår første kvinnelege statsminister, og som reiv berlinmuren. Og det var Thorbjørn Jagland som oppfant internett.

Det er det vi kallar den norske modellen. Og det er den vi går til val for å bevare i stortingsvalet neste år. Ap er nemleg eit radikalt parti, eit progressivt parti som alltid ser framover, og difor går vi til val på å kjempe mot endringar i velferdsstaten, berre for å finansiere skattelette til Rimi-Hagen og Cowboy-Laila.

Eg kan gå med på at den raudgrøne regjeringa ikkje er perfekt. Og ingen er meir kritiske til den raudgrøne regjeringa enn AUF. Og muligens SV.

Vi burde ha kome lenger i miljøpolitikken. Vi burde reinsa Kårstø og Mongstad. Vi burde tatt imot fleire asylsøkjarar. Vi burde stoppa EUs vikarbyrådirektiv. Og bygd fleire studentbustadar. Og gjort noko med rusomsorgen. Og…

Men kva er alternativet, som desse andre går til val på? Jo, det er FRP I REGJERING. Og kva får vi då? Då blir Noreg som USA, der du må betale for å gå på skulen, der dei rike bestemmer alt, og der vanlege arbeidsfolk må jobbe 30 timar dagen til luselønn.

Så sei ja til det gode, og nei til det onde. Sei ja til systemet og nei til asylborn.

Stem Ap! Takk for meg».

0 0 vurdering
Vurdering
1 Comment
Inline Feedbacks
View all comments
Eivind Knudsen
Eivind Knudsen
8 years ago

Som satirisk parodi er innlegget mesterlig! Såpass takhøyde bør vi ha, tross alt. Håper AUF “tar igjen” med noe lignende. Humor har så absolutt noe å gjøre i politikken, og det fine med innlegget er at det har en kjerne av sannhet i seg, uten å overdrive, og uten å gjøre inntrykk av å være uttrykk for en absolutt sannhet. Jeg vet ikke om noen av dere husker Salhus-vinskvettens parodi på 1. mai-tale for noen år siden. Et par setninger siteres fra hukommelsen: “No har vi gått for varmt og kaldt vann dei siste åra” og “Ifjor fekk vi 1/3… Read more »