Magasin

Indisk landbrukspolitikk skapar konflikter på Jessheim

Nordmenn som har innvandra frå Punjab har køyrd sakte i protest på Jessheim i helga. Det har framprovosert ein del lite stuereine kommentarar på sosiale medium, men kva er det eigentleg dei protesterer mot?

Bønder i Punjab dyrker dyrefôr i desember. Dette bildet er fra en gård utenfor Dera Baba Nanak i Gurdaspur district i Punjab i desember 2018. Foto: Lene Johansen.

Punjab er òg kjend som Indias brødkorg. Landbruk er den dominerande næringa i delstaten. Bønder i Punjab kan hauste tre avlingar i året og er den viktigaste bidragsytaren til Indias sjølvforsyning. Nyleg vedtok det indiske parlamentet tre lovar som gjer drastiske endringar i korleis landbruksprodukt blir omset i India. Bønder i Punjab har protestert mot endringane i snart ein månad, men foreløpig er ikkje hindunasjonalistpartiet BJP villige til å gå med på endringar. Den lovgjevande forsamlinga i Punjab har einstemmig røysta lovane ned.

Protestane har lekkja over til land med panjabi diasporaar, slik som Canada, USA og Australia. Dei siste vekene har óg norske panjabier delt memer og nyheitssakar i sosiale medium og mange har festa ei ramme til profilbileta sine med slagordet Stand with Farmers. Panjabi diasporaen i Noreg er ikkje stor, berre rundt 15 000 menneskjer, men dei har eit godt samhold og tette band til landbrukssamfunnet dei vaks opp i. De landbruksreforma oppfattast som ein trussel mot levebrødet til nær familie.

Indias økonomi er framleis svært gjennomregulert med lisensar, prisgolv og pristak. Ein god landbruksreform har vært naudsynt lenge. Lav produktivitet, fragmenterte åkrar, dårleg lagringsinfrastruktur og høge gjeldsnivå er gjennomgåande problem i den indiske landbrukssektoren. I følgje BJP skal dei nye lovane bøte på dette ved å fjerne marknadsreguleringar og introdusere frimarknadsmekansimar.

Størsteparten av landbruksomsetninga går i dag igjennom statlege marknadsmekanismar som har ein garantert minstepris. Etter den nye lover vil private aktørar kunne kjøpe direkte av bonden. Om ein bonde først har selt til ein privat kjøpar, kan bonden ikkje gå tilbake til den statlege marknaden seinare. Vegen ut av den statlege marknaden går berre ein veg.

Den nye loven forbyr delstatane frå å ta ei avgift på privat sal. Det betyr at delstatane mister ein viktig inntekt, spesielt i ein landbruksdelstat som Punjab.

Ein mekanisme for å løyse konfliktar mellom seljar og kjøpar er definert i loven, men det er førebels ikkje laga nokon institusjonar som kan gjere jobben.

Lovane gjer òg større endringar i matforsyningslagrane, kven som skal ha slike og kva som skal lagrast.

Desse lovane gjer store, omfattande endringar i rammeverket for livsgrunnlaget til over 60 prosent av befolkninga, samstundes som at lovane har vore pressa igjennom parlamentet i ein stor fart. Det har ikkje vore tid til å byggja dei naudsynte institusjonane eller en konsensus med partane som omfattast av lovene. Dei som protesterer har ikkje fått tid til å forstå korleis desse lovane vil endra livsgrunnlaget deira. Dei er og redde for at det vil ramme dei svakaste produsentane hardast sidan dei ikkje vil ha den same forhandlingsmakta som større produsentar har.

Sikh-tempel som ligger i området der protestane skjer inviterer både politi og protestantar på langar-måltid i desse dagar. Å dele eit måltid har religiøs sprengkraft i eit kastedelt samfunn der høgkastene berre kan ete mat som er laga av andre frå same kaste. Fellesmåltidet langar er derfor ein sentral del av at Sikh-religionen ikkje anerkjenner kaste. I alle Sikh-tempel i verda kan kven som helst gå og få langar. Her i Noreg køyrer Unge Sikhers Forbund regelbunden langarmåltid ut til narkomane og heimløyse i Oslo. På Turbandagen, som er i april, er alle invitert på langar i Oslo sentrum.

På den eine sida er desse reformene naudsynte for å gjere indisk landbruk meir produktivt, på den andre sida går gjennomføringa alt for fort og vil skape kaos og elendigheit for bøndene på kort sikt.

I augneblinken har eg òg lite tiltru til at hindunasjonalisten Narendra Modi skal gjere tiltak som ikkje rammar religiøse minoritetar som sikhmajoriteten i Punjab. Endringane Modi og BJP gjorde i statsborgarloven tidlegare dette året skapte protestar frå muslimane som blei ekskludert frå statsborgarskapet, som igjen førte til lynsjemobbar og pogromar som vart oppmuntra av Modi og hans støttespelarar.

Mest lest

Arrangementer