Kommentar

Om korleis konspirasjonsteoriar står i vegen for samfunnskritikk

Dette nyhetsbrevet ble opprinnelig publisert på Øyvind Strømmens substack, og republiseres med vennlig tillatelse. Du kan abonnere på nyhetsbrevet samme sted.

«Når ein set ei fjøslykt ut i haustnatta, kjem mykje rart fykande», sa Eivind Eckbo.

Eckbo fungerte som leiar for Anders Langes parti etter at Anders Lange gjekk bort, og visste nok kva han snakka om. Parti som utfordrar det etablerte kan tena på denne fjøslykteffekten, noko FNB kanskje var eit døme på ved førre kommuneval. Men fjøslykta kan også skapa problem.

Øyvind Strømmen. Foto: Odd Mehus (for Res Publica forlag)

Den siste tida har det nemleg vorte ein del merksemd rundt at ein fylkestingspolitikar for Miljøpartiet Dei Grøne i Rogaland, Susanne Heart, både har bedt om ein «pause» i vaksineringa mot korona, og dessutan har vidareformidla høgst feilaktige og konspirasjonsteoretiske påstandar om koronaviruset. Partisekretær i MDG, Torkil Vederhus, har gjort det klårt at MDG ser på det som uheldig at det vert fremma feilaktige påstandar av denne typen. Han har også sagt at Heart ville gjort lurt i å melda seg ut av partiet.

I tillegg til å forfatta dette nyhetsbrevet, er eg også folkevald politikar for Miljøpartiet Dei Grøne. Eg representerer partiet i Vestland fylkesting.

Difor har eg heller ikkje samvit til anna enn å leggja til det følgande til Vederhus´ sine ord: At ein folkevald politikar kjem med utspel av den typen Heart har gjort, og det under ein pågåande pandemi, er djupt uansvarleg. At ho videreformidlar konspirasjonsteoriar er beint fram forkasteleg. Konspirasjonsteoriar er eit samfunnsproblem. Heart har bidrege til det problemet.

Ho burde ha skamvit nok til å forlata Miljøpartiet Dei Grøne.

I august kjem underteikna ut med boka Giftpillen: konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraftRes Publica forlag. Det er ei bok som handlar om kva konspirasjonsteoriar er, og om kva dei gjer med oss. Og sjølv om eg har forsøkt å ikkje lata sinnet løpa av garde med meg:

Eg har i blant vore sint medan eg skreiv henne, og då mellom anna fordi konspirasjonsteoriar ofte vert forsøkt seld som ei form for samfunnskritikk.

Det er fleire grunnleggjande problem ved dette.

For det fyrste: Konspirasjonsteoriar kviler ikkje på analyser. Istadenfor kviler dei på etablerte fiendebilete; mot jødar, mot muslimar, mot USA, mot legemiddelindustrien, mot politiske motstandarar, mot “eliten”, Bill Gates, George Soros, og så vidare. Dette tømer også samfunnskritikken for faktisk innhald.

For det andre: Konspirasjonsteoriar fører ofte til at viktige debattar vert avspora. Rimelege diskusjonar druknar i støyen. Nokre skuggar banen, fordi dei slett ikkje vil risikera å verta slått i hartkorn med konspirasjonsteoretikarar. Og samstundes: også fornuftige spørsmål kan risikera å bli møtt med ein skepsis som har blitt skapt av konspirasjonsteoriane sitt nærvær. I Giftpillen skriv eg mellom anna om korleis dette påverka debatten om vaksinering mot svineinfluensaen i 2009, og også om korleis norsk barnevernsdebatt har vorte skadelidande av konspirasjonsteoriar.

Eg kunne også ha skrive om COVID-19. Debatten om smitteverntiltak har ikkje vorte betre av konspirasjonsteoriar. Helsefaglege diskusjonar om til dømes nytte og risiko ved vaksinering av også born mot koronaviruset vert ikkje lettare å føra når det samstundes verserer heilt ville påstandar om vaksiner generelt og koronavaksinene spesielt.

For å seia det på ein annan måte: Konspirasjonsteoriar er gift for samfunnsdebatten.

For det tredje: Konspirasjonsteoriar fungerer ofte demobiliserande. Dei legg ein dempar på demokratisk engasjement, og fremmer både mistillit, politikarforakt og framandgjering. Som eg skriv meir om i Giftpillen er konspirasjonsteoriane eit særs dårleg verktøy for dei avmektige. For mektige krefter kan dei derimot vera nyttige, som propagandaverktøy, som våpen mot politiske motstandarar, som våpen mot sjølve det liberale demokratiet.

Ei samfunnskritisk tilnærming til konspirasjonsteoriar må sjølvsagt konfrontera dei.

Men konfrontasjon åleine er ikkje nok. Ein må også sjå det menneskelege i konspirasjonsteoriane: korleis dei kan appellera til oss alle, både fordi dei skaper ryddigare landskap (med klåre skiljeliner mellom det gode og det vonde), fordi dei kan gje meining til det meiningslause, fordi dei gjerne er ganske storslåtte historie og fordi dei svarer på mistankane våre. Og dessutan: Om ein har idéar som skil seg frå eit meir eller mindre massivt fleirtal, kan ein lett verta meir sårbar for konspirasjonsteoriar.

Frå ein samfunnskritisk ståstad er det sjølvsagt viktig å vera klår over denne sårbarheita. Når ein utfordrar etablerte idéar, må ein vakta seg vel for å enda opp med ein slags selektiv skepsis, der ein tillet seg å tvila på alt som kjem frå etablerte kjelder, men samstundes byrjar å omgå såkalla “alternative” kjelder ukritisk eller beint fram naivt.

Ei samfunnskritisk tilnærming til konspirasjonsteoriar må dessutan sjå på dei som symptom. Når konspirasjonsteoriar sler rot i eit samfunn er det gjerne fordi det i utgangspunkt finst mistillit, framandgjering eller polarisering der. Og forskning tyder ganske unisont på at folk som opplever å ha lite kontroll over sin eigen kvardag i større grad fell for konspirasjonsteoretisk tenkning. Tenk berre på kva det tyder, i møte med både ein pandemi og med omfattande smitteverntiltak.

Det ligg eit slags paradoks der også: Strenge smitteverntiltak skaper problem for familieliv, kulturliv og næringsliv; og har vore ei utfordring for mange som slit psykisk. Smitteverntiltak har openberre og sjølvsagt føremoner, men dei har også ein kostnad. Og at dei gjev betre såjord for konspirasjonsteoriar, inklusive konspirasjonsteoriar rundt smitteverntiltaka sjølv, er noko av det som står på den rekninga.

Det har igjen gjort det vanskelegare å føra ein edrueleg debatt om smitteverntiltaka.

Mest lest

Arrangementer