Kommentar

Fosen Vind, 2020-åras Alta-sak?

Har du fått med deg at NSR-Nuorat og Natur og Ungdom tok seg inn i resepsjonen på Olje- og energidepartementet no på torsdag? Det var på dagen 500 dagar sidan Høgsterett sa at Fosen Vind og Roan Vindpark har fått to konsesjonar strid mot menneskerettane til dei to reindriftslaga, Nord-Fosen siida og Sør-Fosen sïjte, som bruker området som vinterbeite. Høgsterett avsa dommen i storkammar. Det tok 27 timar før dei fekk mat. I dag kjem dei til å trappe opp protestane, sjøv om Politiet bar demonstrantene ut og tok dei til Politihuset i natt.

På torsdag 23. februar 2023 starta NSR-Nuorat og Natur og Ungdom ein protest i resepsjone på Olje- og energidepartementet som nektar å følje dommen frå Høgsterett. Foto: Rasmus Berg CC.BY.SA.

Sidan dommen fell har Olje- og energidepartementet posta ei rekke pressemeldingar med overskrifta Samenes folkerettslige vern skal sikres eller liknande. Men regjeringa har ikkje gjort anna enn å seie at det er naudsynt med ei grundig saksbehandling for å finne ut kordan dommen skal følgjast opp. På torsdag hadde det gått 500 dagar med grundig saksbehandling, men få dagar tidlegare sa Terje Aasland, olje- og energiministeren til TV 2 at dei skulle sette i gang ei utredningsprosjekt. Skulle dei ikkje ha gjort det for 500 dagar sidan, når dei var samd om at dei ikkje ville godta høgsterettsdommen, sjølv om dei ikkje sa det offentleg?

Sametingspresidenten hadde fått nok. I Midtnorsk debatt skrev ho «Som konsesjonsmyndighet og selskapseier lar regjeringen lovbruddet fortsette over 15 måneder etter at det er konstatert» og konstaterte at regjeringa bryt med alle prinsipp i rettstaten. Aasland kjenner seg ikkje igjen i påstanden og påstår at regjeringa har eit oppriktig ønske om å løyse Fosen-saken. Kor oppriktig er det når dei latar som at dommen ikkje har falt?

Sameaktivisten Ida har gjort ferdig ei samekofte under demonstrasjonane hos Olje- og energidepartementet. På brystet er det brodert SV, eller «?ájet sámi vuoi??a» som betyr «vis samisk ånd» på nordsamisk. Foto: Rasmus Berg CC.BY.SA.

Eit år etter at dommen mot departementet fell i Høgsterett, sa Norges institusjon for menneskerettigheter at dei er urolege for at det hadde gått eit heilt år utan at departementet hadde stoppa dei pågåande menneskerettighetsbrota på Fosen. Men det var eit halvt år sidan. No har dei halde fram lenger. Og skal ein tru departementet, har dei ikkje tenkt til å sette en stoppar for menneskerettsbrota mot dei to reindriftslaga. Dei vil ha løysinga som Høgsterett sa ikkje var lov.

Det er gode grunner til å tvile på kor oppriktig Aasland er. I slutten av januar var han på eit møte i Namsos Arbeidarparti og følgjande replikkveksling fant sted.

– Høyesterett fastslo at vedtaket om konsesjon på Fosen var ugyldig. Og om de er ugyldige, korfor går turbinane framleis?

– Konsesjonen er gitt. Det Høyesterett sa var at dette kunne bryte med reindrifta og folkeretten, og urfolks rettar om det står over tid, svarer olje- og energiminister Terje Aasland.

Nytt spørsmål frå salen:

– Men er de gyldige eller ikkje gyldige nå, konsesjonane?

– De er gyldige nå, svarer Aasland.

Du kan sjå heile replikkvekslinga hos TV2. Så får vi berre sjå om demonstrasjonane til NSR-Nuorat og Natur og Ungdom fører til at departementet sluttar å late som om dei berre kan fatte same menneskerettsstridige vedtak ein gong til, eller om staten må stoppe brota mot menneskerettane til deltakarene i dei to reindriftslaga. Eg veit kven eg heiar på i alle fall!


Førebels kan du få oppdateringar frå innsida av demonstrasjonen i Olje- og energidepartementet via denne Twitter-kontoen.

Mest lest

Arrangementer