Kommentar

Senterungdommen og barnet sitt beste

Senterungdommens leiar Andrine Hanssen-Seppola er midtsidejente i Klassekampen i dag. Der tar ho til orde for strengare straffar for rus. “Det handlar om at narkotika er farleg og tar liv,” seier ho til Klassekampen. Ho vil at Politiet skal få maktmiddel som dei tidlegare har brukt ulovleg, som å undersøke telefonar ved mistanke om rusbruk.

Portrett av  Andrine Hanssen-Seppola. Foto: Senterungdommen.
Andrine Hanssen-Seppola. Foto: Senterungdommen.

Det er interessant at ho kjem med utspelet i denne veka, sjølv om Regjeringa sitt utval som skal sjå på kva maktmiddel Politiet skal få i kampen mot rus ikkje vil vere ferdige med sitt arbeide før til sommaren. Korfor er det interessant? Jo, fordi Justiskomiteen skal kome med si innstilling til Prop. 45 L (2023-2024) i dag. Det er tilsynelatande ein smal sak som ikkje kjem til å møte store motstanden. Proposisjonen har fått namnet “Endringer i politiloven og vaktvirksomhetsloven”, men det ligg rusreformsprengstoff der.

Barnekonvensjonens krav om at barnet sitt beste skal inn i Politilova. Det gjer at politiet må veie dei negative og positive sidane eit tiltak har for eit barn, anten dei skal bruke tvangsmiddel mot eit barn, eller dei skal bruke tvangsmiddel mens barn ser på. Det aukar terskelen for å ransake ungdommar som er mistenkt for rusbruk.Hanssen-Seppola seier òg til Klassekampen at ho “er heldig som aldri har drive på med narkotika”. Ho er jo ikkje heldig. Ho har valt å ikkje prøve rusmiddel som står på narkotikalista. Det har ikkje noko med hell å gjere. Det kjem av at ho har valt å bruke det rusmiddelet med størst skadepotensial, fordi det er det rusmiddelet som historisk sett var vanlegast i Norge på 1900-talet. Ho er eigentleg ganske uheldig, sånn sett.

Senterpartiet, FrP og distrikts-AP held fram med sitt ruspolitiske korstog mot folk som vel andre rusmiddel enn alkohol, men kjem dei nærmaste vekene til å gjere terskelen høgare. Det kan ikkje vere greit at Politiet skal få gjere innvaderande undersøkingar av kroppane og mobilane til unge menneskje. Når Barnekonvensjonens krav om å gjere vurderingar av barnet sitt beste kjem inn i Politilova, blir den dørstokken høgare for Politiet. Det skal vi vere glade for.

Oppdatering: Johansen har blingsa på måneden. Innstillinga på Prop. 45 L (2023-2024) frå Justiskomiteen kjem 23. april, ikkje 23. februar.

Mest lest

Arrangementer