Lesare av Liberaren kveit kven Johan Norberg er, men den største akademiske stjerna frå 90-talets liberalistrørsle i Skandinavia er ukjend for dei fleste. Eg hadde gledja av å jobbe med Anders Sandberg i Tankemedjan Eudoxa tidleg på 2000-talet.
Tankesmedjan Eudoxa
Eudoxa var ei rar skapning i liberalistrørsla. Ikkje freista Eudoxa på å bli eit politisk parti, dei valde å vere ei tankesmie. Problemet er at tankesmier, både i Sverige, Norge og USA, er stiftingar. Eudoxa var ein liberal tankesmie som valde den liberale organisasjonsformen aksjeselskap. Dei folka som var med på å skipe Civita, som Jan Arild Snoen og Dag Ekelberg, forsto ikkje korfor eg satte mine eigne pengar på Eudoxa.
Ikkje minst satte eg pengane på meg sjølv, det var ei investering eg trudde eg hadde hadde kontroll på. Men eg satte òg pengane mine på Waldemar Ingdahl, Marcus Sjöberg, Alexander Sanchez, og ikkje minst Anders Sandberg. Denne sære gjengen hadde ein idé om korleis dei skulle hacke den svenske offentlegheita.
Dei fleste tankesmier er bygd på folk som har institusjonelle posisjonar, institusjonell drifrtskapital, og dei folka som skipa Eudoxa var alle alle under 30, var ikkje ferdig med utdanninga si, og ingen av oss hadde med oss institusjonell kapital, eller individuell kapital, inn i etableringa av ei tankesmie. Den politiske profilen vår var liberal, dynamistisk og transhumanistisk. Those were the days. Liberalistar i Skandinavia kunne eige både framtidsoptimisme og teknologioptimisme, samstundes om som vi kunne ha diskusjonar om teknologi og kultur, og angripe resten av verda for dystopi og autokratiske politiske tilnærmingar til miljø og klima.
Anders Sandberg
Av alle dei brilliante libertarianske forskaranne eg kjenner frå USA og Europa, er Anders Sandberg og Alexander Hamilton dei to eg vil trekke fram frå min generasjon i Nord-Europa.
Sandberg er seniorforskar ved Future of Humanity Institute (FHI) ved Oxford Universitetet. Merittlista hans er lang. Han er ein framtidsforskar som forskar på risikovurderingar, nevroetikk og ny teknologi og menneskelege forbetringar. I tillegg lagar han musikk, illustrerer bøker og skriv rollespelsressurbøker. Han er ein ekte rennesansemann med andre ord. Han vart nyleg intervjua på NRK og eg vil gjerne tilrå denne episoda av Radio Mørch sånn at du òg kan bli kjend med ein høgprofilert skandinavisk liberaler.