Magasin

Vår mann i Washington

Vår mann i Washington: Mine år som stabssjef for en amerikansk kongressmann
Hans D. Høeg
Cappelen Damm
2022
9788202611576
368 sider

Mange nordmenn har jobba med politikk i USA for amerikanarar. Eg er ein av dei, og eg kjenner fleire andre. Det er, trur eg, ingen som har vore høgare oppe på den politiske totempålen enn Hans Høeg frå Drammen. Han var administrasjonssjef for Thomas Massie, representanten frå Kentucky sitt fjerde kongressdistrikt. Det er eit geografisk stort distrikt som strekker seg langs halve Kentucky si nordlege delstasgrense frå forstadane i Lexington i vest til den vestre delstatsgrensa til Vest-Virginia i aust. Høeg sin forteljing tek oss med bak kulissane i amerikansk politikk, mykje lenger bak enn andre forfattarar gjer.

Delstaten Kentucky ligg i eit fruktbart område med rike sletter som har vore busett i meir enn 12000 år. Dei er kjent for tobakk, whisky og hestegaloppløp. Det var i sin tid ein av slavestatane, men erklærte seg nøytralt tidleg i den amerikanske borgarkrigen og vart ein frontlinje mellom sør og nord i krigen. Dette kan synast irrelevant til bokmeldinga, men kulturelt høyrer dei heime med sørstatane, som ein motreaksjon mot det føderale. Delstaten vart kolonialisert av folk flytta frå krigsherja områder i grenselanda i Nord-Irland, nord-England og dei skotske låglanda. Om vi skal bruke Colin Woodard sin kulturelle skildring av dei kulturelle verdiane til folk i området, er individuelt sjølvstyre og fridom viktig. Dei er like skeptiske til sosiale ingeniørar frå nordstatane, som dei er til aristokratar frå det skotske låglandet. Og dette synest i representantane dei vel inn i Kongressen. Det er ein veldig unorsk måte å tenke politikk på, og Høeg gjer ein god jobb i gjere konflikten mellom det norske og det kentuckyanske klart for lesaren.

Mest lest

Arrangementer

  • Ingen arrangementer