Flowers for Algernon
Daniel Keyes
Publisert som novelle i april 1959 i The Magazine of Fantasy & Science Fiction
Utvidet til en roman og publisert av Harcourt, Brace & World i 1966

Av alt eg har lest denne vinteren og våren, er det «Flowers for Algernon» som står igjen. Eg har lest boka ferdig, men eg er ikkje ferdig med innhaldet. Eg jobbar med ungar på det mest sårbare stadiet i utviklinga deira. Ungdomsskolen. Då har dei gått lenge nok på skolen til at dei har gått på nokre nederlag. Alle er smerteleg klar over at dei ikkje er som dei andre, men klarer framleis ikkje heilt å eige kven dei er. Dei har ikkje heilt utvikla evna til å sette ord på kjensler og opplevingar enno. Eg har derfor begynt å utforske kognitiv psykologi og Flowers for Algernon er eit godt punkt å starte for kunne ta perspektiva til andre menneske.
Fortellinga om Charlie Gordon får lesaren til å sjå sjølvet og samfunnet frå heilt ulike perspektiv, men med same røyst. Frå ein mishandla men velmeinande ung mann med ein låg IQ til den same mannen med ein kjempehøg IQ. Vi tenkjer ofte at høg IQ er bra, men som lærar kan eg si at det kan vere ein like stor funksjonssvikt som ein låg ein.
Den gripande romanen er skrive av Daniel Keyes. Han tar lesaren med på ei rørande reise gjennom livet til Charlie Gordon, ein mann med ein intellektuell funksjonshemning. Boka er fortalt gjennom dagboksnotat, som gir eit intimt innblikk i tankane og kjenslene til Charlie når han deltar i eit eksperiment som har som mål å auke hans intelligens.
Frå starten av boka kjenner vi Charlie som ein godhjarta, men naiv person som arbeider som reinhaldar. Gjennom dagboksnotata hans får vi eit klart bilete av korleis han opplever verda – enkel, men også vanskeleg på grunn av hans kognitive utfordringar. Då han gjennomgår operasjonen for å bli «smart», skjer det ein fantastisk forvandling. Charlie sin intelligens aukar dramatisk, og han opplever ting han aldri har sett før. Men etter kvart som han blir meir intelligent, oppdagar han også kompleksiteten i forholdet til menneska rundt seg.
Boka tar opp viktige tema som intelligens, menneskeverd, empati og konsekvensane av å endre på naturen. Charlie sitt møte med nye erfaringar og kjensler reiser spørsmål om kva det eigentleg betyr å vere menneske. Vi ser korleis hans for betringa av intelligens ikkje nødvendigvis fører til lykke; tvert imot, han opplev ein isolasjon og ein avstand til menneska han tidlegare har kjent seg nært til.
Stilen til Keyes er både enkel og poetisk, og han gjer ein mest formidabel jobb med å skildre utviklinga til Charlie. Vi føler med han i kvar fase av livet hans. Landet der boka utspelar seg er eit ekte bilde av si tid; det reflekterer både det vitskaplege og det etiske paradigmet i eit samfunn som stadig er i endring.
«Flowers for Algernon» er ikkje berre ei historie om intelligens, men også ei djup refleksjon over menneskelegheit. Boka etterlet lesaren med eit sterkt inntrykk og ei djupare forståing for dei som lever med psykiske og intellektuelle utfordringar. Det er ein tankevekkande og rørande lesing som er like aktuelt i dag som då den ble skriven. Eg anbefaler denne boka til alle som ønskjer å forstå meir om menneskelivet og dei kompliserte bånda som knyter oss saman.