Kommentar

Grenseoverskridande underhaldning

Else Kåss Furuseth er tilbake på NRK, meldte NRK i ein gladmelding på mandag. Eg kan skjønne at dei er glade for å få tilbake ein synleg programleiar som treffer sjåarane på heimebane med viktige, nære tema. Det eg er mindre imponert over, er innhaldet i programmet.

Else Kåss Furuseth. Foto: Ensomhetspartiet

Enseimd har vore eit tema Kåss har vore oppteken av lenge. For ei stund tilbake satte ho seg fore å bli gift, med kamera på slep. Det fekk ho til. Så starta ho Ensomhetspartiet. Den nye TV-serien ho lagar for NRK skal handle om einsemd. Ringer det nokre redaksjonelle varselbjeller hos deg enno?

At eit lite, nystarta einsakssparti skal få merksemd i beste underhaldningssendetid er spesielt. NRK er jo landets største medieaktør, men dei har lenge slitt med å stoppe hola i den kinesiske muren som burde ha vore mellom underhaldningsavdelinga og nyhendeavdelinga.

Serien skal ikkje handle om partiet, men valkampen kjem til å vere eit bakgrunnstema i serien. Premieren skal vere etter haustens val, men det er berre to år til neste val.

Mest lest