Magasin

Europabevegelsen struttar av energi

Trine Lise Sundnes, Arbeiderpartiet. Foto: Stortinget/Peter Mydske.

Fredag kveld benka 58 delegatar seg til Europabevegelsen sitt 61. landsmøte. Det er det største landsmøte i røysla si historie fordi det er ein organisasjon i vekst. I 2024 hadde Europabevegelsen rett under 5000 betalande medlemmar, mens så langt i 2025 har dei nærare 7000 medlemmar.

Møtet skal behandle politisk program for 2025-2027, Tryggere sammen med Europa, tre politiske fråsegner om digital tryggleik og autonomi, styrka konkurransekraft og omstilling i det transatlantiske samarbeidet og val av ny leiing. Trine Lise Sundnes, som sit på Stortinget for Arbeiderpartiet, er innstilt som ny leiar etter Heidi Nordby Lunde. Noverande nestleiar Knut André Sande er innstilt som første nestleiar og Rasmus Hansson er innstilt som andre nestleiar.

Blant gjestane er ny dagleg leiar i Evropuhreyfingin, Snærós Sindradóttir. Evropuhreyfingin er det islandske medlemmet i den internasjonale Europabevegelsen. Organisasjonen er nystarta, då den gamle Ja til Europa-organisasjonen kollapsa i 2015 etter at den islandske regjeringa trakk medlemssøknaden som den førre regjeringa hadde sendt inn. I augneblikket er det eit fleirtal for EU-medlemskap på Island med 54 prosent. Evropuhreyfingin har som mål å få sendt inn ein ny søknad i løpet av 2027. Men vegen til medlemsskap er lang og inkluderar to folkeavrøystingar og grunnlovsendringar som må gjerast i to forskjellige Allting.

– Om Noreg klarar å bli medlem før Island, så kjem vi rett bak dykk, sa ho.

Island var òg eit tema i talen Ine Eriksen Søreide held. Ho fortalte om konsekvensane av Senterpartiets retorikk om energikablane mens dei satt i regjering. I kvar einaste sak er Norge avhengig av godvilja til dei andre medlemslanda for å få innflytelse i saker som gjeld oss. Danskane er for eksempel mykje mindre venlegsinna etter retorikken om å kutte elektrisitetskablane. Ho fortalte at grupperinga NB8, de nordiske og baltiske landa, stadig oftare h har møter som NB6, altså utan Norge og Island.

-Vi kan berre forestille oss korleis det vil vere å stå på utsida og forhandle fiskekvoter med EU med Island på innsida, sa Søreide.

Mest lest