Kommentar

Punktum for fusjonismen

Det starta med nokre Facebook-innlegg og i personlege meldingar på The Volokh Conspiracy, den innflytelsesrike jusbloggen som Reason.com vert vertskap for. Tilsette i Heritage Foundation gjekk i protest mot at stiftinga omfamna høgrepopulisme og antisemittisme. I løpet av eit  par tre dagar har nærare 30 personar gått. Rundt halvparten av dei har gått rett til Advancing American Freedom, stiftinga som tidlegare visepresident Mike Pence er leiar for. Overgangen gjorde at avskalinga frå Heritage Foundation fekk merksemda til store, nasjonale medium som Wall Street Journal, Axios og NPR

Fusjonisme

Fusjonismen, den klamme omfamninga mellom liberalistar og tradisjonalistar, fekk sin intellektuelle starta med William F. Buckley Jr. sin stifting av magasinet National Review i 1955. Tanken til NRK-redaktøren Frank Meyer var at fridom og tradisjonelle verdiar ikkje var i strid med kvarandre, men forsterka kvarandre. Anti-kommunisme er limet som held dei to fraksjonane saman. Idéen glei gradvis over i realpolitikken og nådde sin topp med presidentskapet til Ronald Reagan og Newt Gingrich sin Kontrakt med Amerika i 1980- og 90-åra. Krigføringa til George W. Bush var ein tidleg kile mellom dei to fraksjonane. Når det republikanske partiet går frå GOP til MAGA er det ikkje lenger mogleg å halde dei to fraksjonane saman lenger.

Dropa som vart ein flodbølge

Eg har derfor venta ein stund på at brotet skal kome til syne i tankesmierørsla i USA. Det er ikkje noko ved MAGA som appellerer til liberalistarr som vil ha ein liten stat som har som hovudoppgåve å beskytte rettane til individet. 

Min tidlegare arbeidsgivar, Competitive Enterprise Institute, trakk seg frå Project 2025 allereie etter få veker, då det var klart kva slags plattform som vart laga for det andre presidentskapet til Trump. CEI er tross alt ein libertariansk tankesmie. Heritage Foundation har alltid vore tradisjonalistisk og sosialkonservativ. På grunn av deira tunge investering i juridisk politisk strategi har liberalistane hengt med lenge. 

Uroa starta då presidenten i Heritage Foundation, Kevin Roberts, forsvarte Tucker Carlson etter Carlson hadde hatt nynazisten Nick Fuentes på sitt program. I ein video han posta på X seier han «The Heritage Foundation did not become the backbone of the conservative movement by canceling our own people..». Det førte til at fleire styremedlemmer og andre framståande folk som støtta Heritage trakk seg, og lekkasjen har spreidd seg. Dei 30 som har gått denne veka, utgjer mellom fem og ti prosent av alle tilsette i organisasjonen.

Image by Ronile from Pixabay

Omstrukturering av høgresida

Det blir spennande å sjå korleis høgresida i USA blir no som omstruktureringa er i gang. Kjem liberalistane til å omfamne venstresida no? Den endringa har vore i gjære sidan midten på 2000-åra? Ser vi omrisset av kampen om det republikanske partiet som kjem når Trump ikkje lenger er president? Korleis ser den nye republikanske koalisjonen ut? Kven av dei store donorane kjem til å finne andre hjartesaker, no som jødehatet i den evangelisk kristne kjerka får bløme fritt i det republikanske partiet utan at dei vaksne seier stopp? Det er uansett godt å sjå at vener og tidlegare kollegaer i Washington, DC no ser det som eg har sett lenge. MAGA er ikkje ein del av koalisjonen for individuell fridom og frie marknader. MAGA er eit fascistisk og autoritært politisk prosjekt. Fridomsrørsla må gå ein annan veg og kjempe ned beistet.

Mest lest

Arrangementer

  • Ingen arrangementer