Kommentar

God globalistisk jul frå oss i Liberaleren!

Eg har vener som lurer på om dei kan tilby Liberaleren tenestene sine på frivillig basis, men kanskje vi kunne tone ned migrasjonsprofilen vår? Må vi eigentleg vere så globalistiske?

-Ja, det må vi!

Globalisme, kulturelt mangfald, frie marknader og frie individer er kven vi er. Sånn er det berre. Ja, vi er samde om entreprenørskap, låg statleg innverking, låge skattenivå og låge offentlege utgifter, men migrasjonsfridom er faktisk den fridomen Liberaleren ikkje kan gje slipp på, i ei verd der alle andre gløymer at ein røyster med føtene, først og framst.

Vi er ikkje aleine. Det har vore bodskapen til heile den vestlege verda fram til nyleg. USA har abdisert frå den internasjonale politiske og økonomiske ordenen dei bygde i etterkrigstida. Trump leikar imperialistisk oligarki med dei andre imperialistiske oligarkane i verda. Det er pissekonkurransen han har vald å vere med på, sjølv om eg er heilt sikker på at amerikanerar fleist ikkje eigentleg vil leike den leiken.

I dag, på juledagen, får dykk ein julehilsen frå nokre av venene våre i USA. Eg veit at dei fleste av oss her heime i Norge ikkje veit kven Free the People, Matt eller Terry Kibbe er. Eg veit kven dei er. Dei er nokon av våre folk i Washington, DC. Dei var våre folk i Washington, DC før MAGA, dei har er våre folk i Washington, DC under MAGA 2.0. Og dei har ein viktig bodskap til alle liberalistar no i julehøgtida. Vi er globalister.

Alt vi sett pris på her i verda er eit resultat av internasjonalt samarbeid. Tenk over kva som skal til for at du skal nyte julefeiringa di. Alle dei som har laga alle dei små ingrediensene til at din julekveld skal bli ein realitet kjem frå heile verda, enten det er bonden som har dyrka mandler til marsipanen din, kornet til julewhiskeyen din, etc. 

Matt og Terry Kibbe minner oss på kva som skal til for å lage ein fin jul i 2025. Hillary Clinton skreiv om korleis det tok ein heil landsby for at ein unge skulle få ein fin barndom. Kibbene vil minne oss på korleis det tar ein heil verd for at kvar og ein av oss skal få den julefeiringa vi ønsker oss.

Og eg veit kor flotte juletrea til Terry Kibbe er. Eg har sett dei verklegheita i heimen deira på julefestane dei har i Washington, DC. Eg visste ikkje at dei køyrde heilt til Connecticut for å finne dei perfekte juletrea. Her er deira juleversjon av det klassiske essayet til Leonard Read, I, Pencil i 2025, no som verdsøkonomien igjen i ferd med å lukke seg.

God jul frå oss i Liberaleren

Mest lest

Arrangementer

  • Ingen arrangementer