… og alle hjarte gleder seg.

I mange år har offentlege fyrverkerishow på nyttårsaften vore utsett for sterk kritikk. Det forureinar lufta og plagar både ville og tamme dyr. Det er ein uting vi bør stoppe med.
I fjor prøvde Oslo kommune seg med eit lysshow, som stranda i den årvisse vintertåka i Oslo sentrum. I år har dei like godt øksa heile prosjektet og ikkje tatt seg råd til kommunalt nyttårsspektakkel.
Ein gjeng drog i gang ein Spleis som skulle «redde» heile greia. Dei måtte dra i ein halv million for å komme i mål. Det fekk dei ikkje til. Det var ikkje nok privatpersonar i Oslo som var interessert i luft og lysforureining på nyttårsaftan. Kommunen kan ta med seg det som ein viktig lærdom.
Dermed får både menneske med krigstraumer, ville og tamme dyr i Oslo ein fredeleg nyttårsfeiring utan påtrengande lyd og lys. Vi andre gleder oss over nyheiten med. Det blir ein fin nyttårsaften utan offentleg sponsa fyrverkeri i Oslo i år.


