Det har vorte stille om Fosen-saka ein stund no. Du veit, den der høgsterett samstemmig sa at Staten ikkje hadde gjort god nok utgreiing av konsesjonen til Roan Vind, og på den måten endt opp med å krenke menneskerettane til reindriftslaga Sør-Fosen sijte og Nord-Fosen siida.
Problemet for reindriftslaga var ikkje berre at det var bygd vindturbinar i vinterbeitet deira, men at vindturbinane var bygd på steinrabbene kor reinen normalt grev etter lav på vinterbeite. Reinen fekk rett og slett ikkje nok mat.
Då det gjekk eit år utan at staten gjorde noko som helst for å bøte på rettigheitsbrotet starta ei rekke samiske ungdomsorganisasjonar protestar som stengte ned inngangen til fleire department. Politiet fjerna og bøtela dei, men dei nekta å vedta bota sidan dei protesterte mot at staten ikkje gjorde noko med eit pågåande rettsbrot. Dei vart høyrde, både i tingretten, lagmannsretten og Høgsterett.
I mars 2024 fekk Energidepartementet og Roan Vind dei to reindriftslaga med på eit forlik. Forliket gjekk blant anna ut på at dei to reindriftslaga skulle få tilleggsvinterbeiter i kommunane Os og Tolga i Østerdalen frå og med neste vinter. Det kjem ikkje til å skje, for staten er ikkje i stand til å få på plass avtalene i tide. Mellombels held rettsbrota til staten fram på Fosen.

Heilt konkret finn ikkje reinen til dei to reindriftslaga nok mat på vinterbeitet. Reinkollene går drektige om vinteren, så den manglande maten får meir konkrete utslag enn lav kjøttvekt på reinen. Dei to reindriftslaga melder no at berre to av ti kalvar overlever. Det same talet var ni av ti kalvar overlevde før vindturbinane på Fosen vart sett opp.
Det var Energidepartementet og Fosen Vind som vart dømt i Høgsteretten. Staten eigde ein stor andel av Fosen Vind som hadde seks vindparkar i Trøndelag. I november 2021, ein månad etter høgsterettsdommen, vart vindturbinane som sto i reinbeitedistriktet skilt ut som eit eige selskap, Roan Vind, og staten er ikkje eigar i Roan Vind. Det er derimot Trønder Energi, som er eigt av fleire trønderske kommunar og KLP, kommunenes eiga pensjonskasse. No er det sånn at sjølv om kommunane er eigne juridiske einingar og har lokalt sjølvstyre, så er Norge framleis ein sentralstyrt stat. Det er regjeringa og Stortinget som delegerar myndigheit til kommunane.
Om eg skal vere ein kynisk analytiker av denne hendinga, så kan det sjå ut som om staten har skilt ut reinbeiteproblemet i eit eige selskap for å avgrense forretningsrisikoen som dommen påførte dei. Dei har flytta den moralske risikoen ved å vere orsak til eit vedvarande rettsbrot mot dei to reindriftslaga vekk frå seg, gjennom å flytte eigarskapet over på ein forretningseining som er eigt av kommunane. Men rettsbrotet held fram og dei er ikkje i stand til oppfylle sin del av forliksavtalen. Det går ut over både folk og reinfe i Fosen.
Eg meiner at vi må bruke staten sitt strategem til å få rettsbrotet til å stoppe. No. No som staten har brukt si makt til å isolere dei vindmøllene som utgjer rettsbrotet i eiga selskap, kan retten òg pålegge staten å ta dei ned og betale ut dei utanlandske eigarane av Roan Vind. Alle dei norske eigarane er staten via via ein anna forretningseining.


