Kommentar

Vi held desse sanningane for å vere sjølvinnlysande…

… at alle menneske er skapa like, at deira skapar har utstyrt dei med visse ukrenkelege rettar, og at blant desse er liv, fridom og jakta på lykke. At regjeringar er skipa av menneske for å tryggje desse rettane, og at dei hentar si rettvise makt frå samtykket til dei styrte. At når som helst ei regjeringsform blir øydeleggjande for desse føremåla, er det retten til folket å endre eller avskaffe henne, og å opprette ei ny regjering, basert på slike prinsipp og organisert i ei slik form som for dei synest mest tenleg til å tryggje deira feid og lukke. 

I dag er det 250 år sidan USA erklærte sitt sjølvstende frå Storbritannia. Den amerikanske sjølvstendefråsegna inneheld radikale idéar frå opplysningstida om fridom, universelle menneskerettar og maktfordeling. Vi i Norge følgde etter 48 år seinare med vår eigen radikale grunnlov basert på dei same prinsippa.

Trump og teknologioligarkane

Trump har valt å feire 250-årsjubileumet med glorete gladiatortrefningar på plenen framfor Det kvite huset, gjere om spegelflatebassenget framfor Lincoln-minnesmerke til ein slimete, spygrønn algesump og arrangere ein delstatsmarknad der ein av fem delstatar lot vere å bli med. Det har ikkje heilt blitt den store markeringa han såg for seg. Han styrer USA på ein måte som stadfester og forsterkar den politiske polariseringa som fekk han valt inn i første omgang.

Det er ikkje berre politisk landet polariserast. Polariseringa er òg økonomisk, geografisk og etnisk. Eg får i bland følelsen av at USA ikkje bryr seg så mykje om enkeltmenneske, som sjølvstendefråsegna kan gje inntrykk av.

Dei åtte rikaste menneska i USA har alle bygd formua si på digital teknologi som du og eg bruker i kvardagen. Teknologien kunne ha vore bygd i tråd med ideala frå 90-talets internettkultur, opne, vekt på digital sjølvråderett og fridom og sånn at folk som Trump ikkje har moglegheit til snope eller å stenge folk ute frå sine eigne data, men nei. Sånn har det ikkje vore.

Bøker som Careless people dokumenterar korleis teknologioligarkane lener seg inn når teknologien deiras kan brukast til å kontrollere korleis folk ter seg, og dei har gong på gong valt å selje brukardata til autoritære styresmakter. Alle som ein har dei valt kompiskapitalisme i samråd med Trump, og brukarane deira, både i og utanfor USA får sine menneskerettar krenka. 

Den amerikanske arvesynda

Igjen er det sånn at USA ikkje lever opp til dei ideala som det vart grunnlagt på. Det er ein arvesynd som USA har levd med i 250 år allereie. Det var og er ikkje alle amerikanarar som har fridom, universelle menneskerettar og maktfordelinga har forfalt nokre tiår no. Hilde Restad har skrive om korleis denne arvesynda har ført til at USA stadig forsøker å skipe seg sjølv på nytt. Denne gongen i tråd med ideala i sjølvstendefråsegna.

Den første republikken var altså bygd på sjølvstendfråsegna og grunnloven. Slaveriet skapte for stort spenn mellom verkelegheita og idealet og det resulterte i den amerikanske borgarkrigen. Ein fekk avskaffa slaveriet.

I oppgjeret etter borgarkrigen vart den andre amerikanske republikken skipa. Framleis var det ikkje sånn at menneskerettane var universelle. Dei kvites vald mot svarte, Jim Crow-lovane som stadfesta at svarte og kvite skulle leve separate liv, leilendingssystem og gjeldsordningar som i praksis gjorde svarte til gjeldsslavar og raudlinjesystemet der svarte amerikanarar vart diskriminert i det føderale kreditsystemet var med på at arvesynda fortsatte.

Oppgjeret med den manglande likebehandlinga i den andre republikken resulterte i eit nytt oppgjer, borgarrettsrørsla. Dei svarte amerikanarane fekk gjennom ein del reformar, transport, utdanning og restaurantar vart integrerte, og dei fekk juridisk og føderalt vern av røysteretten si. Samstundes kom det og eit tilbakeslag då mange kommunar la ned offentlege tenester som svømmebasseng, bibliotek og anna, i staden for å integrere dei.

I 2013 fjerna den amerikanske høgsteretten kravet om at tidlegare slavestatar måtte få forhåndsgodkjenning for endringar i vallovar som ville avgrense svarte amerikanerar sin rett til å røyste, og det har òg vore andre endringar som har svekka deira røysterettar sidan.

Dei sosiale og økonomiske effektane av skeivhandsaminga i sidan 1619 heng framleis igjen, når ein ser på skillnader i utdanning, helse og økonomisk tryggleik. Vi står no midt i det tredje oppgjeret Amerika har med seg sjølv over desse universelle ideala som dei enno ikkje klarer å oppfylle.

Den amerikanske uavhengighetserklæringen fyller 250 år.

Fødselen av den fjerde republikken

På denne dagen då den amerikanske sjølvstendeerklæringa fyller 250 år, og den amerikanske republikken fyller 205 år vil eg gjerne helse til alle som trur på dei amerikanske stiftelsesideala om fridom, universelle menneskerettar og maktfordeling. Gratulerer med dagen!

Til folk eg kjenner frå heile det politiske spektrumet i USA, måtte dykk ha hell og lykke med dykk i dette absurde og naturstridige politiske prosjektet dykkar!

Eg veit at nokre av dykk har problem med å halde motivasjonen oppe. Eg veit at det ser mørkt ut. Men eg trur at vi igjen står på kanten av stupet, og eg håpar og trur at vi står ved fødselen av den fjerde amerikanske republikken. Måtte den resultere i ein meir menneskevennleg og rettvis versjon av dei idéane som grunnlovsfedrene trudde på. Eg håpar at dykk får det til på rett måte denne gangen. 

Den amerikanske republikken er daudd. Lenge leve den amerikanske republikken!

Mest lest