Ukategorisert

Øyvind Strømmen om 17.mai-flagg

Øyvind Strømmen, politiker i Miljøpartiet De Grønne, har kommentert Liberalerens artikkel Nasjonalistiske borgere. Kommentaren er god og derfor publiserer vi den som en artikkel.

17. mai er den norske grunnlovsdagen, der me feirer det som i si tid var ei av verdas mest liberale grunnlover. Rett nok var ho ikkje vidare liberal ovanfor jødar og jesuittar (for å seia det mildt), men så har me skjerpa oss litt sidan 1814.

Denne grunnlova slår blant anna fast ytringsfridom. Eit forbod mot andre land sine flagg er dermed eit åtak på sjølve grunnlova som me feirer. Liberaleren.no kallar det nasjonalisme. Eg kallar det beint ut toskeskap (skjønt vegen mellom dei to er ikkje lang).

Indisk flagg. (Foto: Wikipedia)
Indisk flagg. (Foto: Wikipedia)

Eg har ikkje noko særleg ynskje om å sjå verken svenske eller indiske flagg 17. mai, men eg stør folk sin rett til å ta med seg eit langtvekkistansk flagg om dei vil det. Og det kan kanskje vera verdt å minna folk på kva eit flagg er for noko. Eit flagg seier noko om den som ber flagget. Eit seglskip med eit engelsk flagg er engelsk; har skipet fransk flagg er det fransk. Symbolflagget bravo fortel om farleg last ombord, osv. Piratflagget seier: No kjem eg og plyndrar deg. Gøym unna kvinner og rom!

Av ein eller annan grunn ser det ut til at 17. mai får enkelte til å gløyma dette. Eit utanlandsk flagg i eit norsk 17. mai tog vert oppfatta som: “Fuck Norge! Go, Langtvekkistan”, medan den rimelege tydinga er: – Eg som ber dette flagget har tilknyting til Langtvekkistan, og eg er her, og eg feirer den norske grunnlova.

Eg synest det er ein rimeleg fin ting å seia. Og så lurer eg ikkje minst på korleis eit forbod skal handhevast. Kven skal gå og riva flagg frå småungar, eller bøteleggja dei? Og korleis rimar det heile med barnefesten, som me er så kry over.

Til slutt, eit sitat frå salige Wergeland:
Jeg tror vor Grundlov best på jord,
dog ei at bedst er hvert et ord
Saaledes tror jeg for Exempel
at hver bør velge frit sit tempel
Man friest være bør i Tro:
thi bør forandres Paragraf 2

Fra arkivet

Arrangementer

  • Mont Pelerin Society - Oslo 2022
    • 04/10/2022 - 08/10/2022
    • Oslo
  • LibertyCon 2022
    • 14/10/2022 - 15/10/2022
    • Miami