Magasin

Fånyttes partibyte

Det er litt under eit år til stortingsvalet og det har vært litt taburettskifte i partia. Dei siste nyheitene er at Jan Bøhler har gått frå Arbeidarpartiet til Senterpartiet og en haug med folk har gått frå sine parti til det nye partiet Sentrum. Ein av desse inkluderer Geir Lippestad som er ein profilert Arbeidarparti-politikar.


Sentrum har vald ut slagordet «mot utanforskapet». Dei har samla folk frå Kristeleg folkeparti, Miljøpartiet dei grøne og Arbeidarpartiet. Forebels er programmet er sterkt på gode forsett og tynt på korleis dei skal koma i mål med forsetta. Det samla inntrykket er at dei har samla opp alle som vil ha ein betre verden og som ikkje synast at dei får det i de partia dei har vært medlem i så langt. Meir flyktningar, meir til alle som ikkje kan delta i arbeidslivet, meir grøn verden og meir varme hjarter. Kanskje me skal kalla dette ein form for godheitspopulisme?

Jan Bøhler si overgang er og ei forteljing om populisme. Han seier at han ikkje lenger kjenner seg heime i Arbeidarpartiet og at dei ikkje prioriterer sakene han meiner er viktigast. Partiet er eit av dei to statsbærande partia her heime. Styring og makt er ein viktig del av partiets identitet og har tradisjonelt vært ein viktig årsak til at folk røystar på partiet. Deira store utfordring dei siste åra har vore å ha en tydeleg profil som gjer at veljarane ser skilnaden mellom dei og Høgre.

Begge partia er teknokratar. Dei har over lang tid delegert politisk makt til ekspertar, som får ansvaret for å ta dei politisk betente avgjerda. Det er mindre risiko for at politikarene kan bli tvungne til å ta ansvar for det som er kontroversielt på den måten. Liberalistar bruker orda sosialdemokratiet og arbeidarpartistaten som skjellsord for det politiske systemet vi har i Noreg no. For ein historikar blir det misvisande. Arbeidarpartistaten ble avvikla rundt 80-talet.

Dei kallar vår nåverande styringsform for marknadsbasert teknokrati eller marknadsteknokratiet. Perioden blir og kalla nyliberalistisk, særskilt av folk på venstresida. Gro Harlem Brundtland har fått æra for å innføre ordninga og Kåre Willoch har fått æra for å vidareføre ordninga. Dei to store styringspartia i norsk politikk er altså samde om denne utviklinga.

Historikaren Finn Olstad har stilt spørsmål ved om dette er ein moderne form for embetsmannsstat. Embetsmannsstaten var det første styresettet i Noreg, før vi blei demokratiske på ordentleg. Ekspertane i embetsverket gav styringar for utviklinga av landet ut frå deira syn på kva som var den riktige utviklinga, utan at dei som budde i landet fekk væra med å bestemma.

Rune Slagstad løftar fram doldisbyråkratar som dei moderne politiske arkitektane i Noreg. Folk som ikkje er folkevalde, men som sitt med makt til å ta store avgjerd som endrar det norske styresettet og rammevilkåra for samfunnet. Veljarane får diskutere symbolsaker som kven som skal få lov til å ha namnet sitt på benkar i botanisk hage, om det skal være lov å gå med skaut dersom ein er brun i huda og kven og kor mange som skal få lov til å få hjelp til å koma til Noreg og slå seg ned her.

Det store kjenslefulle sakene tek opp all oksygenet i det politiske rommet, mens dei store, strukturelle spørsmåla blir oversett av alle andre enn dei ekspertane som styrer med slike. Fleire av sakane Senterpartiet kjempar mot er store styringsreformar, slik som nærpolitireformen. Strukturelle endringar i styringsapparatet der befolkningas oppfatning av om dei får betre tenester blir gløymd i den politiske likninga. Og det er jo nettopp politi og gode nærsamfunn som er hjartesaka til Jan Bøhler.

All makt ligg ikkje lengre i denne salen. Sedan 1980-talet har politikarene delegert vanskelege avgjerder til byråkratiet, til rettsvesenet og til internasjonale organisasjonar. Det er lettare å være politikar når ein kan leggje ansvaret for avgjerder på andre. Styreformen kallast marknadsteknokrati. Foto: Stortinget.

Jonas Gahr Støre har ikkje gode svar på korleis ein skal nedkjempa vald i heimen, sosiale kontroll og ungdomskriminalitet. Han har delegert metodane til ekspertane i politiet, for så å væra med på vedta ein reform som gjer at ein får færre politi i nærmiljøet og fleire politi på kontor i regionale sentra. Trygve Slagsvold Vedum vil ha politiet på kontor i nærleiken av deg, utan at han kan svara på korleis dette gjer meir politi i nærmiljøet. Begge er politikarar i eit ekspertvelde, der politikarane slepp å ta vanskelege avgjerder. Dei har bestemt resultatet og overlat gjennomføringa til ekspertane.

Demokratiet har blitt borte i denne nye styringsmetoden. Det er derfor folk som Jan Bøhler og Geir Lippestad søkjer etter eit nytt parti der dei kan være med å styre på vegne av veljarane sine. Det partiet finnes ikkje i Noreg i dag, for alle partia har vore med på å delegere vekk makta si til ekspertane i byråkratiet, i rettsvesenet og i internasjonale organisasjonar. Mellombels ulmar det i bålet til veljarar som opplever at verda er på veg i feil retning. Populistane i alle partia prøver å finne politiske saker som gjer dem moment nok til å instruera ekspertane.

Eg trur verken Bøhler eller Lippestad vil lukkast. Mellombels gror misnøya blant veljarane.

Mest lest

Arrangementer