Kommentar

Dårleg resultat for svensk plastavgift

Ei einfaldig miljøavgift var ei redning for partiet Liberalerna, men veljaranes dom kan bli hard.

1. mai vart det innført ei avgift på plastposar i Sverige. Dette vart ikkje uventa mislykka, både som skatt og som miljøtiltak.

Innføringa av denne avgifta er truleg orsaka til at partiet har fem arbeidstakarar i regjeringa, sjølv om partiet ikkje er ein del av regjeringa. Det var med på å redda eit parti som har hatt ein grøssarlik nedgang, om ein skal tru partimedlemmanes reaksjon.

Liberalerna ligger heilt på botn av partia, til saman med Miljøpartiet og Kristdemokraterna. Det var en klar sier for statsminister Stefan Löfven (S) som har funnet seg nye samarbeidspartnare som ikke taler ham imot.

På same tid kan vi no, nokon månader seinare, konstatere at plastposane til sju svenske kroner verken sparar miljøet eller får skjøne skattekroner til å rulle inn i statskassa.

Plastposer blir oftest brukt til søppel i Skandinavia. Foto: Jonathan Kos-Read CC.BY.SA.
Plastposer blir oftest brukt til søppel i Skandinavia. Foto: Jonathan Kos-Read CC.BY.SA.

Førre dette nytta man plastposane til søppelet. Svenskane har byrja nytta andre sett å kaste søppelet, og no raporterar fleire kommunar at søppelkassene har vorte skitnare og må vaskast. Det har blitt ein klar meirkostnad for kommunane og eit nytt miljøproblem i seg sjølv.

Eit liknande tilfelle var då byen Visby i 2019 fjerna søppelkassene og tok i bruk ei løysing der søppelet ble ein betala for vekta på søppelet. Det var ei utviding av ei ordning med betaling for søppelsekkar for campingturistar. Ein kan seie at det var modig politikk for ein turistby. 

I eit intervju i avisa «Elhandeln» (7/9) seier Pär Bygdeson, administrerande direktør i Livsmedelshandlarna, at mangel på plastposar og søppelposar på rull har forskuve problema. Han meiner og at den gode miljøverknaden som var ei av årsakene til dei nye reglene ikkje er gjennomførleg med den nye avgifta. Den einaste verkinga er at salet av dyre plastposar har gått drastisk ned.

Resultatet er at forbrukarane må leve med ein dårleg politikk som kostar meir enn han smakar. Av dei to milliardane svenske kronene som var forventa inn i statskassa, fekk dei berre 50 millionar. Avgifta har ikkje hatt store effekten på miljøet.

Vi får seia oss fornøgde med at partiet Liberalarna har overlevd. Vi kan vera letta over denne utviklinga, for korleis skulle Riksdagen ha overlevd utan eit liberalt parti? Partiet Liberalarna er langt i frå det partiet som namnet antydar. Det er eit illiberalt parti. Og for mi eiga del, kan dette partiet fint bli kasta ut av Riksdagen.

Det er så synd at det er vi forbrukarar som må betala for dette kalaset.

Omsett av Lene Johansen.

Mest lest

Arrangementer