Debatt

Libertarianarane vart styrka

No er det litt over to døgn sidan vallokala stengde i USA. Sjølv om oppteljinga ikkje er klar enno, er det eit bilete som byrjar å bli tydeleg. Kandidatane frå dei to store partia ligger ofte på rundt 48,noko i desse delstatane. Marginen mellom dei to er på under ein prosent. Den prosenten med røyster har Jo Jorgensen frå det libertarianske partiet fått.

Jo Jorgensen på et kampanjestopp i Scottsdale, Arizona. Foto: Gage Skidmore CC..BY.SA.
Jo Jorgensen på et kampanjestopp i Scottsdale, Arizona. Foto: Gage Skidmore CC..BY.SA.

Og allereie no kjem kommentarar frå strategar frå både dei to store partia med spekulasjonar om Jorgensen har øydelagt valet for den tapande kandidaten. Slike påstandar har blitt ein klassikar i amerikanske nyheitsmedium. I 2000 var det Jill Stein frå det grøne partiet som blei skylda for at Al Gore tapte.

«Det libertarianske partiet kan ha endra samansetninga på valmannskollegiet med 22 røyster», seier Ryan Cassin frå det republikanske PR-byrået Beast Digital til Fox News i natt.

Han brukar Wisconsin som eksempel. Der fekk det libertarianske partiet 38 414 røyster, samstundes som Biden vann delstaten med 21 000 røyster. Han seier vidare at det er betre å røyste på ein kandidat ein er 80 prosent einig med, enn å kaste bort røysta si. Han meiner ei røyst på Jorgensen var bortkasta. Det er ho ikkje.

Grunnlovsfedrane såg ikkje for seg parti når dei skreiv grunnlova i USA. Det var ei utvikling dei seinare skrev at dei frykta. Valordninga med fleirtalsval i einmannskrinsar har ein tendens til å favorisere dei to største partia, slik me så her i Noreg før vi fekk forholdstalsval. Det er inga hemmelegheit at dei to store partia forsvarar fordelane med å væra størst med kniv og tann.

Det libertarianske partiet har styrka si stilling som det tredje partiet med årets valresultat. I løpet av dei 49 åra partiet har eksistert, har dei nådd ein prosent eller meir fem gonger. Dei tre siste gongene var i 2012, 2016 og 2020. I dei to fyrste av desse vala hadde dei etablerte kandidatar med namn som var kjende frå før. Det hadde ikkje Jo Jorgensen, og likevel klarte ho å bryte prosentgrensa.

Det er heller ikkje slik at libertarianarar automagisk er einige med 80 prosent av måla til det republikanske partiet. Denne tanken kallas fusjonisme og er ein utdatert idé som Jacob Grier beskriver slik.

[Fusjonisme] er den utdaterte ideen om at tilhengere av frihet må alliere seg med republikanerne på høyresiden for å danne et festningsverk mot venstresidens store stat. Denne alliansen ser mer og mer ut som en gisselsituasjon, som mange libertarianere for lengst har brutt seg fri fra og forlatt. Om de ikke har begynt å alliere seg med venstresiden, har de i det minste funnet veien til mer nøytralt territorium.

Republikanarane har ikkje rett på røysta til nokon. Dei har heller ikkje rett på å behalde posisjonen som eit av dei to store partia som har kuppa og monopolisert den amerikanske styresmakta. Sist USA var inne i ein periode med så djupe motsetningar i samfunnet, førte det til at valalliansane ble omkalfatra. Det libertarianske partiet kan bli ein maktfaktor i ein av desse valalliansane om de fortset å styrka stillinga si. Det ligg makt i å endre sammansetninga på valmannskollegiet med 22 røyster.

Mest lest

Arrangementer