Ukas anbefaling

Møt Charles Koch

Charles Koch er den gjenlevande broren i venstresidas bannord «Koch brothers». Den andre broren, David, døyde i august 2019. Dei to var majoritetseigarar i Koch Industries, som er det største privateigde firmaet i USA. Koch Industries er eit petrokjemisk multinasjonalt selskap med base i Wichita, Kansas. Kvifor er dette relevant kan du kanskje lure på?

Charles Koch på Fortune Brainstorm Tech i Aspen i 2016. Foto: Kevin Molone CC.BY.NC.SA.
Charles Koch på Fortune Brainstorm Tech i Aspen i 2016. Foto: Kevin Molone CC.BY.NC.SA.

I tillegg til å donere store summar til kunst, kultur og vitskap, har dei to også vært sentrale i den liberalistiske rørsla i over 50 år. Den fyste gongen det Libertarian Party nådde ein prosent i presidentvalet var då David Koch var visepresidentkandidat i 1980. Det var òg fyste gongen dei kvalifiserte til å stille til val i alle 50 delstatar. Den neste gongen partiet skulle få ein prosent i presidentvalet var i 2012. Innflytelsen dei kjøpte seg i partiet den gongen var ikkje ukontroversiell, og har gjett opphavet til bannordet Kochtopus som ein kan finne igjen i libertarianske diskusjonar på nett den dag i dag.

Charles Koch er ein forretningsmann og entreprenør først og fremst. Det har og vært tilnærminga hans til politiske verksemd. Derfor har han eksperimentert med korleis politisk velgjerdsarbeid skal gjerast best. Han har vært ein sentral donor til akademiske tankesmier gjennom bidrag til The Institute for Humane Studies, Mercatus og ein rekke institutt og akademiske stillingar på universitet over hele verda. Denne strategien er inspirert av F.A. Hayeks strategi om korleis ein skaper innflytelse på vegne av idear. Han blir ofte feilmerka som konservativ i amerikanske media, men han identifiserer seg sjølv som libertarianer og byggjer på tankegodset frå F.A. Hayek.

Den partipoliske strategien dei testa ut i 1980 blei fort forkasta på grunn av at dei ikkje kunne sjå resultata dei var ute etter. Dei gjekk deretter inn i tankesmier som Reason Foundation, Cato Institute, Institute for Justice, Federalist Society og ei rekkje andre. Dei er fortfarande involvert i fleire av desse tankesmiene. Dei har òg eksperimentert med ei rekke aktivistgrupper. Først Citizens for a Sound Economy, som seinare blei til Americans for Prosperity og FreedomWorks. FreedomWorks fekk ikkje støtte frå Koch.

Den partipoliske strategien dei testa ut i 1980 blei fort forkasta på grunn av at dei ikkje kunne sjå resultata dei var ute etter. Dei gjekk deretter inn i tankesmier som Reason Foundation, Cato Institute, Institute for Justice, Federalist Society og ei rekkje andre. Dei er fortfarande involvert i fleire av desse tankesmiene. Dei har òg eksperimentert med ei rekke aktivistgrupper. Først Citizens for a Sound Economy, som seinare blei til Americans for Prosperity og FreedomWorks. FreedomWorks fekk ikkje støtte frå Koch. Americans for Prosperity organiserer aktivistar på delstatsnivå.

Dei siste åra har Charles Koch gått bort frå å gje finansiell støtte til politiske kandidatar og har vald ein strategi med å bygge tverrpolitiske koalisjonar på enkeltsaker, slik som kriminalreform, skoleval og utanrikspolitikk. Den viktigaste partneren på den utanrikspolitiske satsinga som har fått namnet Quincy Institute er George Soros. Det er den einaste utanrikspoliske tankesmia som arbeider for ein utanrikspolitikk basert på «diplomatiske løysingar og militær avgrensing i USA.

I desse dagar kjem Charles Koch ut med ein ny bok som heiter Believe in People. Av alt han har publisert er nok dette så nærme ein kan kjem eit politisk manifest frå Charles Koch. Han er inspirert av F.A. Hayeks idear om å byggje samfunnsinstitusjonar som har eit opent sluttformål. Desse legger til rette for at enkeltpersonar kan skape sitt eige formål og realisere seg sjølv.

Som sagt er han først og fremst ein forretningsmann, og det er og utgangspunktet for korleis han forsøkjer å påverke samfunnet. Det gjer eit nytt og annleis perspektiv om korleis ein kan forandre samfunnet for liberalistar som primært tenkjer partipolitikk. Derfor har vi i dag valt eit intervju Charles Koch og hans medforfattar og samarbeidspartner Brian Hooks har hatt med Nick Gillespie frå Reason som ukas anbefaling.

Denne videoen er ein time lang.

Om du vil lese meir:

Sons of Wichita -How the Koch Brothers Became America’s Most Powerful and Private Dynasty av Daniel Schulman

Believe in People -Bottom-Up Solutions for a Top-Down World av Charles Koch og Brian Hooks

Mest lest

Arrangementer