Kommentar

Dommarar avgjer EUs framtid

Udemokratiske tendensar i Polen og Ungarn tvinger EUs høgsterett inn i ein meir politisk rolle.

Dei andre landa i EU har vore urolege for at Polen og Ungarn stadig sett i gang nye, udemokratiske politiske tiltak i fleire år nå. Det europeiske Councils for the Judiciary ekskluderte Polen frå sine organ i september 2018. Grunngivinga var at det såg ut til at landets dømande organ ikkje lenger var uavhengig. EU parlamentet starta ein såkalla artikkel 7-prosess mot Polen i desember i fjor, og no i desember bad parlamentet om at òg Ungarn skulle inkluderast.

Viktor Orban har utfordret EU på sentrale verdier som demokrati, rettsikkerhet og pressefrihet. Foto: Estonian Presidency CC.BY .
Viktor Orban har utfordret EU på sentrale verdier som demokrati,
rettsikkerhet og pressefrihet. Foto: Estonian Presidency CC.BY .

Desse to landa har blokkert EUs fleirårige budsjettramme for 2021-2027 for di framlegget inneheld straffemekanismar som ville blokkert utbetalingar til land som ikkje hald seg til EU-verdiar som rettstryggleik og ein uavhengig dømande makt. EU-landa inngjekk eit kompromiss om dette tidlegare i veka. Avtalen inneber at straffemekanismen blir ståande i budsjettet, men at den ikkje blir aktiv før Polen og Ungarn får testa om avgjerda er lovleg. EU vedtok budsjettet i går.

Politikarane har altså forsøkt å finna ei løysing på udemokratisk styre i Polen og Ungarn i fleire år utan å finna ein. No har dei overrekt hovudpina til høgsterett for handsaming. Dette blir ein test på om artikkel 260 i Lisboa-traktaten har tenner, eller om EUs høgsterett kjem til å skjerme seg for å vasse inn i denne politiske gordiske knuten.

Høgsterettsdommarane vil ikkje politisere domstolen på dette viset, men det er jobben deira å sørge for at medlemmane føljer EUs lovar når parlamentet og kommisjonen sviktar. De to andre organa har svikta. Dette blir ein test på kor solid EU blir i framtida.

Mest lest

Arrangementer