Ukas anbefaling

Jordan Peterson, berre ein farsfigur i ein kaotisk verd

Den canadiske psykologen Jordan Peterson blei ein YouTube-stjerne i 2016, etter at han kritiserte akademias omfamning av interseksjonalitet og identitetspolitikk. Norsk-canadiarens bodskap gjorde at han blei ein akademisk superstjerne som drog på verdsturné. Han var og innom Noreg i byrjinga av november 2018 og tala til eit stort publikum på Oslo Konserthus. Besøket var ikkje berre populært. Dagbladet kom med råd om 12 ting ein kunne gjera i staden for å høyre på Peterson på den kvelden.

Det er ingen tvil om at bodskapen til Peterson har treft ei tidsnerve. Boka hans 12 Rules for Life gjer tydelege rettesnorer for korleis en skal bli eit rettskaffent menneskje og finne sin eigen meining her i livet. Han trekkjer ofte eksemplar frå bibelen. Bodskapen i seg sjølv er tiltrekkjande på unge som leitar etter slike råd. YouTube-videoane der han kritiserte Canadas nye lagstifting om kjønnsidentitet gjorde Peterson til en helt i den delen av den politiske høgresida som instinktivt avfeiar all politisk korrektheit.

I mars 2018 publiserte Current Affairs en artikkel der forfattaren kritiserte Jordan Petersons bidrag til den offentlege debatten. I ingressen står det at Jordan Peterson sin popularitet er eit teikn på eit politisk og intellektuelt fattig landskap.

Den austerrikske økonomen og liberalisten Steve Horwitz posta ei lenke til artikkelen og anbefalte alle å lese han. I posten delte han utdrag frå artikkelen og sa at han var ens med kritikken av Peterson. Det var kontroversielt bland mange av liberalistane som følgjer Horwitz på sosiale media. I ukas video diskuterer Horwitz Jordan Peterson på Boss Hog of Liberty, ein liberalistisk podcast som er basert i Indiana. Kva tenkjer du Jordan Peterson og kritikken Horwitz kjem med?

Mest lest

Arrangementer